POSTED IN Diverse, Ukraina

X-CIA Larry Johnson:

Ukraina drepte Gonzalo Lira.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

GONZALO LIRA, QUE LE VAYA BIEN

12. januar 2024 av Larry Johnson 

X-CIA-analytiker

Det var trist, men ikkje overraskande, å få vite at Ukraina har drept Gonzalo Lira. Dei er monster og ein trussel mot fridommen. Men vent, seier du kanskje. Gonzalo døydde av lungebetennelse. Korleis er det Ukraina sin feil? Svært enkelt. Gonzalo skulle ikkje ha vore i fengsel, han fekk ikkje den medisinske behandlinga han hadde krav på, han vart torturert og utsett for pengeutpressing medan han var i fengsel. Alt det bidrog til at han døydde.

Gonzalo levde eit liv som Konservativ, i ordets tradisjonelle betydning. Han avskydde statleg kontroll over liva til private borgarar. Han var ein skarp kritikar av Joe Biden og hans neo-konservative galningar i det nasjonale sikkerheits-teamet. Og han var ein stolt amerikanar, sjølv om han sine siste år budde i Kharkiv, Ukraina. Kjærleiken får ein til å gjere rare ting. Han etterlater seg ein 7 år gamal son og ei 10 år gamal dotter.

Eg deltok på fleire av Gonzalos underhaldande podcast’ar. Han leverte skarpe og innsiktsfulle analysar av det som skjer i verda med rause mengder latter. Då Gonzalo vart lauslaten frå fengsel sist august, prøvde han å flykte til Ungarn. Han prøvde å ringe meg og be om råd om korleis han skulle gå fram, men det var rundt 3 om natta, og eg hadde telefonen i stillemodus, så eg fekk ikkje snakka med han. Det plagar meg enno.

Her er eit klipp frå Gonzalo som diskuterer torturen han erfarte: https://youtu.be/9jUa45UcOvE

Eg spelte inn det følgande til ære for Gonzalo:

Her er rundebordet som Gonzalo var vert for for eit år sidan, med Alexander Mercouris, Andrei Martyanov og meg:

Eg ber for Gonzalos enke, barn og foreldre, i sorga deira over tapet av ektemann, far og son.

Omsett av Monica Sortland

Merknad: Under rømningsforsøket vart han igjen fengsla. Han døydde i fengsel.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Gonzalo Lira var «mine ører» for å få håndfast info fra innsiden. Et sannhetsvitne som avfyrte sannhetsmissiler mot propaganda bombene som haglet ned over oss. Knut og gutta dro ned for å se selv, og leverte viiktige observasjoner til oss, noe jeg ikke fikk til. Takk for at dere har mot til å søke sannhet. Takk Gonzales for alt du gjorde for meg.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    16 januar 2024 8:41

    Ein amerikansk statsborgar kunne ikkje USA redda frå eit land dei har nakketak på.

    Likevel trur nordmenn at USA kan redda Noreg og verda.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvor kan våpnene havne?

Tyskland usikre på hvor deres Ukraina-våpen ble av.

Previous Post

Er det sant?

Produseres olje og gass i jordskorpen?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.