MIKE KRUPA og eg pratar om POLEN og UKRAINA
25. november 2022 av Larry Johnson



Wolyn-massakren
(Merknader fra redaktør: Fra 1942 begynte ukrainske «nasjonalister» i samarbeid med det tyske Wehrmacht å angripe polakker i Volyn. Vi siterer fra en lengre Wikipedia-artikkel om saken: «Historikere anslår at opptil 100.000 polske sivile ble drept ved denne anledningen. I samme periode utryddet polske militser tusenvis av ukrainske bønder . Selv i dag beskylder de to partiene hverandre for å ha utløst massakrene og anklager hverandre. Det er fortsatt sannsynlig at konflikten ble oppmuntret eller til og med provosert av Nazi-Tyskland, som okkuperte regionen under tragedien. Disse massakrene ble kvalifisert som folkemord av det polske parlamentet den 22. juli 2016.»)
Mike Krupa er ein amerikanar av polsk opphav som bur i Polen. Han gjorde eit kjempeintervju med Doug MacGregor førre veke, og eg tar det som ei ære at han såg meg som verdig til ein liknande virtuell sesjon og prat. Videoen er enno ikkje lagt ut i ei form som kan sjåast på denne nettsida, men om du klikkar på lenka under, kan du sjå den på YouTube.
Eit av punkta vi diskuterte, var den merkelege og, til tider, bisarre åtferda som Polen viser andsynes Ukraina, Russland og Tyskland. Polen lir etter mitt syn framleis av post-traumatisk stress-syndrom etter det som skjedde med landet under Andre verdskrig. Nøkkelpersonar i den polske leiarskapen og mange av innbyggarane i landet greier ikkje å tilgi, gløyme og gå vidare. Korfor seier eg det?
Polen held til dømes fram med å presse Tyskland for krigsskadeerstatning.
Polen krev at Tyskland skal betale dei 1,3 billionar dollar i erstatning for det uhyrlege som vart gjort under nazi-okkupasjonen av landet.
Utanriksminister Zbigniew Rau sende eit formelt skriv til Tysklands utanriksdepartement på måndag der dei bad om betaling. Førre månad erklærte Polens nasjonalistiske regjeringsparti at Tyskland skulda sin nabo i aust omlag $1,26 billionar.
https://nypost.com/2022/10/03/poland-demands-1-3t-in-reparations-from-germany-for-wwii-atrocities/
Tyskarane sitt svar er, i det minste på privaten, Keineswegs, verdammt noch mal (dvs. ALDRI I LIVET!). Det offisielle tyske standpunktet er svært juridisk korrekt og svært fast:
Tyskland hevdar at all kompensasjon til nasjonane på aust-fronten vart utbetalt under åra rett etter krigen. Medan dei var under Sovjetunionens styre i 1953, signerte Polens leiarar ein avtale med Tyskland der dei avstod frå alle krav om krigsskadeerstatning. …
Etter krigen vart Polen gitt over 100 000 kvadratkilometer av aust-tysk jord, ifølge avisa Wall Street Journal. Vidare vart rundt 10 millionar tyskarar tvinga av polske styresmakter til å flytte.
https://nypost.com/2022/10/03/poland-demands-1-3t-in-reparations-from-germany-for-wwii-atrocities/
Dette smadrar på ein måte oppfatninga av at NATO-alliansen er solid. Reiser spørsmålet om Tyskland ville tre hjelpande til dersom Russland skulle bombe ukrainske treningsleirar i Polen.
Polakkane er også framleis svært forbanna på russarane, og legg skulda på dei for det Sovjetunionen gjorde. Ein spesiell verkebyll er drapet på over 20 000 polske offiserar, akademikarar og politiske leiarar i Katyn-skogen. NKVD-sjefen Lavrenty Pavlovitsj Beria var mannen som tilrådde mannefallet:
Den 5. mars 1940 gav Lavrentiy Beria Molotov, saman med Anastas Mikoyan, Kliment Voroshilov og Stalin, eit skriv som føreslo at ein skulle avrette 25 700 polske anti-sovjetiske offiserar i det som vart kjent som Katyn-massakren.
https://en.wikipedia.org/wiki/Vyacheslav_Molotov
Polakkane rasar også framleis over avgjerda til Sovjetunionen om å la nazistane knuse den polske oppstanden i 1944, heller enn å sende styrkane sine til redding. Sovjetarane ville ha ein bufferstat dei hadde kontroll med, og sikra seg at dei fekk installert ei regjering som var kompatibel med Sovjetunionen. Det betyr ingenting at leiarane i det noverande Russland ikkje hadde noko å gjere med politikken til Sovjet. Faktisk var det Putins Russland som til slutt orsaka det fæle brotsverket i Katyn:
I ei symbolsk erkjenning av skuld, har Russlands parlament erklært at Joseph Stalin gav ordren til sitt hemmelege politi om å avrette 22 000 offiserar i den polske arméen og sivile i 1940, i eit av dei største massemorda på 1900-talet.
Dagens erkjenning av Stalins personlege straffeskuld for Katyn-massakren, kjem midt under eit forsiktig mildvêr mellom Moskva og Warszawa, som før har hatt eit tornefullt forhold på det beste. Det vart også tatt som eit teikn på at Russland endeleg kan vere klar for ei stille sjølvgransking av si totalitære fortid.
Mikhail Gorbatsjov vedgjekk i 1990 at NKVD hadde skulda for massakren, etter at sovjetarane i eit halvt hundreår hadde skulda på nazi-troppar. Men det har aldri kome noka formell erklæring som så eksplisitt seier dei sovjetiske leiarane var medskuldige.
Offisielle tenestemenn i Warszawa helsa erklæringa med positivitet. «Det er eit bra steg, eit viktig teikn,» sa Polens parlamentsleiar Grzegorz Schetyna, fortalde journalistar. Det vil sikre ein «betre atmosfære» for besøket til Russlands president Dmitry Medvedev neste veke i Warszawa, la han til.
https://www.theguardian.com/world/2010/nov/26/russian-parliament-guilt-katyn-massacre



Det verkeleg merkverdige er korfor Polen så varmt støttar eit regime i Ukraina som feirar Stepan Bandera som nasjonalhelt, når det var Bandera-folka som massakrerte fleire polakkar enn sovjetarane gjorde i Katyn:
Mellom 1943 og 1945 angreip ukrainske nasjonalistar 99 polske byar og landsbyar i Wolyn, ein nazi-okkupert polsk region tusentals polakkar. Det er estimert at ukrainske nasjonalistar drap rundt 100 000 polakkar.
Og her står vi no; Polen er i seng med dagens ukrainske nazistar som har bestefedre som myrda 100 000 polakkar. Polen har tydelegvis vald amnesi [tap av minne] når det gjeld støtta til Zelensky-regimet i Ukraina.
Vi har sete på første rad i historia. Under komande veker vil sannsynlegvis Polen bli oversvømt av ei flodbølge ukrainske flyktningar. Eg mistenker at den polske entusiasmen for krigen i Ukraina vil få seg ein knekk. Det avgjerande spørsmålet er: vil Polen si avgjerd om å støtte krigen i Ukraina halde seg uendra?
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde fra: YusraBlog
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 564 ganger.
3 kommentarer. Leave new
Kva er det med den norske regjeringa?
Noreg, Sverige og Finland skal halda krigsøving med flyvåpen i mai/juni 2023. Øvinga er større enn nokon gong. 145 fly, av desse 100 jagarfly frå 14 land. Konfrontasjonen mot Russland skal intensiverast. Er øvinga opptakten til å utvida fronten for Nato-krigen mot Russland til eit fullskala åtak?
Etter folketal må Russland øva nær Norden med 1000 jagarfly frå 45 land for å vera like krigersk.
Hva skjer hvis Ukraina skulle gå i oppløsning og bli en ruinhaug av en slagmark og et såkalt herreløst land hvor de fleste innbyggerne har flyktet til andre land?
Polen kan da overta kontrollen over det vestlige Ukraina istedenfor at nazi-militser overtar styringen med Ukraina. Med den nye gassrørledningen fra Norge til Polen via Danmark kan Polen også tilby gassleveranser til Ukraina.
Man får nok se til realpolitikkens verden heller enn til fortiden, jfr. Otto von Bismarck (*1815, +1898): „Je weniger die Leute wissen, wie Würste und Gesetze gemacht werden, desto besser schlafen sie!“ Det utelukker likevel ikke fortiden som tungen på vektskålen, så som Victoria Nuland kanskje antydet da hun i egenskap av amerikansk viseutenriksminister for noen år siden sa at USA skal bistå ukrainerne med «å få den framtiden de fortjener». Få reflekterte vel da over ukrainernes assistanse til nazistene i å myrde hundretusener ukrainske jøder. Ingen spurte heller Ms. Nuland (opprinnelig Nudelmann) om hva hun syntes det ukrainske folkets fortjeneste består i. Uten en forhistorie kan vel ingen fortjene noe? https://www.newsweek.com/zelenskys-lies-cant-hide-ukraines-bloody-role-holocaust-opinion-1747875
De polske kravenes urimelighet satte i det minste en slags uvennlig, folkelig rettesnor for framtiden. Også den målrettede propagandaen mot Tyskland startet jo tiår før første verdenskrig! Tyskland har blitt det egentlig viktigste målet for USAs sanksjonspolitikk «mot Russland». Faktatilstanden bekrefter bare det lekkede dokumentet fra Rand Corporation om at Tysklands svekkelse er USAs egentlige mål med sanksjonene mot Russland. Det gjør jo ingen praktisk forskjell at RC påstår dokumentet er en forfalskning, for nøyaktig slik er effektene! https://redpill78.substack.com/p/newly-leaked-report-from-rand-corporation
Tyskland annonserer med ett at Bundeswehr på rekordtid skal bygges opp «for å kjempe mot Russland». Polen ruster også stort opp «mot Russland». Ingen av dem virker troverdige. Man skal ikke glemme at Frankrike meldte seg ut av NATOs militærkommando i 1966 og at landet meldte seg inn igjen i 2009, altså etter at hele begrunnelsen for NATO var forsvunnet! Det kan kun eksistere én rasjonell begrunnelse for å melde seg inn igjen, den at USAs rolle anses som så varig svekket at rivalisering om større stykke av kaka oppstår mellom disse tre største i posisjon. Den norske gassrørledningen til Polen og ikke Tyskland tyder på at Norge som den anglo-amerikanske aksens alltid logrende puddel er med på prosjektet om å svekke Tyskland og favorisere landets rivaler. Polen har alltid hatt stormaktsambisjoner, men aldri oppnådd dem. Etter snart 80 års pause virker det som om ambisjonene på nytt spirer og gror i Europa, alt mens ingen i Norge aner hvar statsmannskunst er for noe rart.