POSTED IN Krig-fred, Propaganda, Ukraina

CIA-analytiker:

Ukrainsk missil traff barnehospitalet.

11 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ukraina bombar sitt eige barnehospital, og britisk tidsskrift seier dødstala i Palestina er astronomiske

av Larry Johnson , 8. juli 2024

X-CIA-analytiker

Den Vestlege propagandamaskina – på kvelden for NATO-toppmøtet i Washington, DC – er sprell levande og sparkar frå seg som ein Thai-kickboxar med heseblesande reportasjar som denne: «Russland angrip barnehospital i drepande sperreeld over Ukraina”. Det er overskrifta i NY Times – framsida, må vite – men ein kunne sjå same meldinga i alle dei store avisene i USA, Storbritannia og Europa. Til og med  Al Jazeera kleiv om bord for å utbasunere «nyhenda». Her er versjonen til NY Times. Den blir repetert nær ordrett i alle dei store avisene i Vesten:

Ukrainas største barnehospital vart øydelagd av eit russisk missil på måndag, skaka opp Kyiv, hovudstaden, med bilde av blodige og skadde barn, og sende hundretals rusande avgarde til scena for å hjelpe å rydde unna vridd metall og knust betong i eit desperat søk etter overlevande.

Angrepet på sjukehuset var ein del av ein sperreeld av bomber frå Moskva over landet, inkludert eitt av dei dødelegaste angrepa på Kyiv sidan krigens første månadar. Minst 38 menneske vart drepne i landet, inkludert 27 i Kyiv. Meir enn 100 menneske vart skadde. Dei ukrainske luftstyrkane sa dei skaut ned 30 av dei 38 missila som Russland skaut ut under angrepet, som starta midt på morgonen.

«Angrepet var massivt, kombinert med bruken av luft-, ballistiske- og kryssarmissil,» sa Serhii Popko, sjefen for Kyivs militæradministrasjon. «Missila flaug mot hovudstaden i bølger og frå ulike retningar.»

På sjukehuset vart ein doktor og ein annan vaksen person drepne, og minst 10 fleire vart skadde, inkludert sju barn, sa lokale offisielle tenestepersonar.

Dette er ein tiar på både hykleri- og propaganda-skalaane. Sjekk det ut sjølv. Gjer eit internett-søk på følgande: «Ukraina angrip Sevastopol.» Berre overflatisk dekning. Ingen brølande overskrifter i NY Times eller Financial Times eller andre store aviser. Ignorer det. Men dette? Intens dekning.

Det er berre eitt problem med historia – den er BULLSHIT. Barnesjukehuset vart råka av eit luftvernmissil på avvegar, utskote av Ukraina. Whoops! Det verkeleg avslørande er at det var NULL nyheitsdekning om dei andre plassane som vart råka av russiske missil i Kiev. Veit du korfor? Fordi dei var militære mål, og der var sannsynlegvis Vestlege drepne og skadde. Russland leverte dette angrepet i dagslys i arbeidstid for å påføre dei som er engasjerte i produksjon eller reparasjon av våpen maksimal skade.

Ukrainske styresmakter laug og om talet på nedskotne russiske missil. Ukie-luftvåpenet påstod dei tok ned 30 av 38 russise missil. Sjekk ut dei følgande videoane. Ein kan sjå minst fem vellykka russiske missiltreff i Kiev, inkludert nokre sekundære eksplosjonar, som normalt blir knytte til våpenlager. (Vi får sjå kor lenge YouTube lar den første videoen bli online. Eg vil og legge den ut på BitChute.) https://youtu.be/I1GMKkamhjE

Over til Israel sitt folkemord på palestinarar. Det britiske medisinske tidsskriftet The Lancet sleppte ein sjokkerande artikkel om talet på palestinarar som har døydd eller kjem til å døy på grunn av Israels morderske kampanje:

Så mange som 186 000 palestinarar kan vere drepne direkte eller indirekte av Gaza krigen, føreser det britiske legevitskapelegetidsskriftet The Lancet.

«Sjølv om konflikten skulle ende straks, vil mange fleire indirekte dødsfall bli registrerte under dei komande mpnadane og åra på grunn av slikt som reproduktive, smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar,» rapporterte tidsskriftet.

Dødstala kan overgå dette talet «gitt intensiteten på denne konflikten; øydelagt helsevesen-infrastruktur; alvorleg mangel på mat, vatn og husly; det at folk ikkje kan flykte til trygge plassar; og tapet av finansiering av [FN-byrået for palestinske flyktningar] UNRWA, ein av dei svært få humanitære organisasjonane som framleis er aktive på Gazastripa».

Judge Napolitano og eg diskuterer desse skremmande nyhenda. https://youtu.be/QJV9DHHSsuM

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

11 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    10 juli 2024 9:22

    Den ukrainske raketten var ikkje ukrainsk. Raketten var norsk:

    https://sputnikglobe.com/20240709/norway-supplied-air-defense-system-fired-missile-that-hit-hospital-in-kiev—russias-un-envoy-1119317444.html

    Kiev-styret plasserer antiluftskyts inne i hovudstaden.

    Svar
  • For å være litt mer presis, raketten var sannsynlig av types AIM- 120 . Det betyr en amerikansk produsert rakett.
    Utskytingsrampen var sannsynlig NASAMS , alltså norsk.
    Det betyr AIM – 120 brukt i NASAMS luftforsvar system.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      10 juli 2024 10:35

      Takk for presiseringa!

      Eg nyttar høve til å minna om den lange tradisjonen i det norske militæret, særleg flyvåpenet, for å gjera alt USA vil, same kva det gjer med Noreg:

      https://spartakus.no/2019/11/25/ovde-pa-a-atombombe-norge/

      Artikkelen er frå 2019, men norske krigspilotar er ikkje blitt vitugare med åra. No trenar dei opp ukrainske F-16-pilotar. enno er ingen av dei norske pilotane drege til ansvar for åtaket på Libya.

      Svar
      • Torfinn Slettebø
        10 juli 2024 13:49

        PS Å bomba samar var like lett for norske pilotar som å bomba nord-afrikanarar og afghanarar.

  • Torfinn Slettebø
    10 juli 2024 13:52

    Det einaste som ikkje står på saklista under Nato-møtet i Washington, er å få slutt på krigen i Ukraina.

    Våpenagent Stoltenberg tenkjer langsiktig.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    10 juli 2024 18:28

    -Russland skal ikkje få vinna, seier Stoltenberg på amerikansk.

    Taliban skulle heller ikkje få vinna. Dei vann likevel.

    Kvifor finst det framleis folk som tek Stoltenberg alvorleg?

    Svar
    • Meldingane dine er viktige.
      Takk for innsatsen

      Svar
      • Torfinn Slettebø
        11 juli 2024 11:19

        Takk sjølv! No dreg eg til skogs nokre dagar, men dukkar opp att plutseleg. Det er mange som har mykje å fara med på Derimot.no!

    • Jens Stoltenberg sine krigsbrotsverk og massemord er ufatteleg, Libya, Syria, Afganistan, Irak og Ukraina er Nato-dødssoner. Han er ein kryptojøde. Han er sosial, men har lavare intelligens. Han knekker tommelens ytterledd som teikn på satansk frimureri, slik som Støre. Begge er psykopater.

      Svar
  • Johannes E. Åtta Førtifira
    10 juli 2024 23:39

    Det sies også i denne videorapporten at det var en «norsk NASAM-rakett» som traff sykehuset.
    Det sies også at det var en bevisst provokasjon riktig timet før NATO-møtet.

    Jeg har selv sett bilder av raketten rett før den slår ned i syjehusområdet. Den ser identisk lik en «norsk NASAM-rakett».
    Det var bare «FREDSNASJONEN» igjen, dere.

    southfront.press/diplomacy-fuels-standoff-in-ukraine/

    P.S.: Hvem er den største progagandisten (les: løgneren og krigshisseren) I NRK?
    Det er mange kandidater der, men jeg holder en knapp på MORTEN JENTOFT.
    Han lyver så han sikkert tror på løgnene selv.
    Kan du nevne en enda større løgner og krigshisser i NRK, enn Morten Jentoft?

    Svar
    • Nei, han gjer meg fysisk uvel, må alltid slå av lyden, dei andre plaprar vanleg nato-krigspropaganda i løgnkanalen nrk.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Plutselig ser de store mediene det:

Biden er uskikket.

Forrige innlegg

Beregninger fra britisk helsetidsskrift.

Dødstallene i Gaza vil kunne nå 200.000 selv om krigen slutter nå.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.