RUSSISK NYNAZIST INSTRUKTØR I HØGRE-EKSTREM TRENINGSLEIR I STORBRITANNIA
Ein russisk fotball-hooligan som no fører raid over grensa frå Ukraina og inn på russisk territorium, trente opp andre i ein nynazistisk leir i Wales der organisatorane drøymde om å gjenskape Hitlers SS.
AV PHIL MILLER
DECLASSIFIED UK, 8. JUNI 2023



- Denis Kapustin, ein valdeleg rasist med band til ei forboden britisk nynazist-gruppe, har mottatt Vestlege våpen til opprøret sitt mot Russland – og ser ut til å motta støtte frå Ukrainas militæretterretning.
- Kommandanten for ei anna militsgruppe som kjempar mot Russland, med base i Ukraina, tilhøyrde tidlegare ei gruppe som USA seinare har klassifisert som ein terrorist-organisasjon av typen ’white supremacist’.
Leiaren for ein anti-Putin-milits har urovekkande koplingar til ei høgre-ekstrem rørsle som er forboden i Storbritannia, har Declassified funne ut.
Denis Kapustin, som også brukar namnet Denis Nikitin og ‘White Rex’, var instruktør ved ein høgreekstrem treningsleir i Wales i 2014. Hans nærvær der vart oppdaga under ei gransking som avisa Sunday Mirror gjorde det året.
I det siste har White Rex vore i nyheitsbildet som leiar for Russian Volunteer Corps (RDK). Det er ei gruppe av væpna dissidentar som sidan mars har utført raid inn i Russland frå basen sin i Ukraina. Minst to sivile og eit barn har blitt drepne under angrepa deira så langt, og 13 andre skadde.
Medan media var seint ute med å merke seg ytre-høgre-ideologien til RDK, så har dei hittil heilt gløymt den kjensgjerninga at gruppas leiar har drive opplæring av nynazistar i Storbritannia.
Han underviste ved Sigurd Culture Camp i Brecon Beacons i august 2014, ein leir som var designa for å «gjere dei oppglødde med ei kjensle av rasestoltheit, og vekke deira indre ’ande-krigar’».
Craig Fraser, som organiserte leiren, ønska å gjenskape Hitlers SS ved å drille mennene sine inn i den forma – og han planla til og med å vise filmopptak frå IS-trening i Syria ved neste sesjon.
Sunday Mirror sa ein «nøkkeltrenar på tilstelninga … var Denis Nitikin [sic, hans verkelege etternamn er Kapustin], eigaren av og organisatoren for White Rex, ein russisk slåstkamp-klubb for bur-kampar og martial arts.”
I går nekta immigrasjonsminister Robert Jenrick å fortelle parlamentet kva slags informasjon Home Office sit på om Kapustin sitt besøk til Storbritannia i 2014 eller om han sidan har hatt forbod mot å entre landet. Jenrick kunne ikkje kommentere om individuelle saker, sa han.
‘Gå og spark nokre immigrantar’
I Wales underviste Kapustin over 30 deltakarar i korleis dei skulle takle «kniv-væpna angriparar» i «svært krevande, full-kontakts kamppraksis som deltakarane ofte kom ut av med skadar, men uforferda.
Når dei ikkje slost, «heldt [organisatorane] lange talar om dygdene til … ’vår heidenske andelege arv’».
Den anti-fascistiske granskingsgruppa Hope Not Hate fann ut at Sigurd-leiren var ein front for National Action, ei nynazistisk gruppe som seinare vart forboden i Storbritannia under Terrorisme-lova for å ha hylla mordet på parlamentarikaren Jo Cox.
To National Action-figurar som deltok på treningsleiren, Christopher Lythgoe og Matthew Hankinson, vart seinare fengsla i totalt 14 år for sitt engasjement i gruppa.
Tyske styresmakter skal i 2019 ha forbode Kapustin å kome inn i Europa [Schengen-landa, mrk.]. Han hadde ein gong eit innramma bilde av Joseph Göbbels på soverommet sitt, og han har vore tungt involvert i fotball-hooliganaktivitet over heile kontinentet.



Fiendens fiende …
Trass i Kapustins band til ei forboden britisk nynazistisk gruppe og valdeleg rasisme, har han mottatt Vestlege våpen i Ukraina til å kjempe mot Russland med – og det ser ut til at han mottar støtte frå militæretterretninga til Ukraina (GUR).
Ein talsmann for GUR kalla RDK-medlemmane for «ei av dei kreftene som vil forme den framtidige ordenen til post-Putin-Russland.» Men i ei Telegram-melding frå mai bad Kapustin russarar støtte han ved å stemme i med «Ære til Det store russiske imperiet!»
Journalist Leonid Ragozin har fortalt at etter at RDK angreip Bryansk-regionen i Russland i mars,så spotta Kapustin ein muslimsk gut som vart skadd i angrepet, for hans blanda tadsjikiske/tartarske herkomst. Han plasserte hakekors over bilde av familien hans og skreiv: «Russland skal vere arisk eller livlaust».
Mark Galeotti, forfattar av boka Putin’s Wars, fortalde Declassified: «Eg trur Ukraina vil bruke alle våpen dei har mot Russland, og viss det betyr å væpne og støtte ein nynazist… vel, så lenge han kan vise seg som ein kapabel leiar og kan tiltrekke seg likesinna krigarar til saka å utfordre Putin-regimet, så får det så vere.»
«Det minner meg på det velkjende Churchill-sitatet ’Om Hitler invaderte helvete, ville eg i det minste omtaledjevelen positivt i House of Commons’.»
«Dette er trass alt ein veldig liten del av den totale krigsinnsatsen, og Ukrainas militæretterretning, GUR – som verkar stå bak desse pro-Kyiv russiske styrkane – prøver å distrahere og pine Kreml, og nynazistar er utan tvil passande til dét.»
Maxim Solopov, ein journalist som har granska russiske nynazistar, sa på sin Telegram-kanal at ein sosial mediekonto med brukarnamn White Rex hadde nesten 45 000 abonnentar i 2020.
Han estimerte at sjølv om berre 1% av dei framleis var aktive, så ville det gi Kapustin kring 500 supporterar – og nokre av dei kan vere i Moskva, der pro-RDK grafitti nyleg dukka opp.
Vestlege våpen
Fotografi frå Kapustins nylege raid i Belgorod-regionen i Russland, viser USA-produserte pansra køyretøy i konvoien til gruppa hans.
Tidlegare filmopptak posta på RDK sin Telegram-kanal, indikerer at dei har brukt eit USA-produserte rakettutskytingssystem – kjent som High Mobility Artillery Rocket Systems (HIMARS) – som kostar rundt 5 millionar dollar per rakett.
Av lettare våpen, treng ikkje alle Kapustins menn sette sin lit til rustne kalasjnikovar. Nokre av dei brukar sofistikerte belgisk-produserte FN SCAR maskingevær. Dette har utløyst bekymringar hos Belgias statsminister, Alexander de Croo, om korleis våpen meinte for Ukraina har endt opp i denne gruppas hender.
Svenske Pansarskott rakettutskytarar er også i arsenalet til Kapustin. Og nokre av mennene hans har på seg kamuflasjeklede merka med union jack-flagg, noko som tyder på at uniformane kan stamme frå lagera til den bitiske arméen.
Aktivitetane til RDK har ikkje vore avgrensa til raid over grensa. I desember hadde dei ansvaret for vakthaldet på Slangeøya, Ukrainas vidkjende utpost i Svartehavet. Då ein CNN -reporter møtte dei der, utelet han å nemne gruppas nynazistiske tilknytning.
Deira maritime evner dukkar oft opp i Telegram-meldingar, med medlemmar som poserer med amfibielandingar frå oppblåsbare båtar.
Dei hevda til og med at dei har landa i Saporosje (Zaporizhzhia), der russiske troppar okkuperer Europas største atomkraftverk.
Russiske venner



Kapustin flytta til Ukraina i 2017 etter ein invitasjon frå Sergei Korotkikh, som grunnla Russlands Nasjonalsosialistiske samfunn og er anklaga for å ha kappa hovudet av ein innvandrar under eit hakekorsflagg.
Declassified har tidlegare avslørt korleis Korotkikh mottok fem rakettramper som Storbritannia hadde levert til Ukraina, som han no kjempar for.
Prominente russiske nynazistar som flokkar seg for å slå seg saman med RDK, inkluderer Aleksey Levkin frå bandet Hitler’s Hammer. Han organiserte den årlege Asgardsrei-festivalen i Kyiv (ein festival for subgenren nasjonalsosialistisk black metal, NSBM).
Han er tungt involvert i Telegram-kanalen Wotanjugend, som promoterte manifestet til Brenton Tarrant, som myrda 51 muslimar i moskéar i Christchurch, New Zealand.
Nokre få veker etter at Russland invaderte Ukraina, posta Levkin eit bilde av ein britisk-produsert NLAW-rakett med teksten “mastering NLAW”, ymtande om at han lærte seg å bruke det UK-leverte anti-tank-våpenet.
Freedom of Russia Legion
Ein annan anti-Putin-milits som kjempar side om side med White Rex er Freedom of Russia Legion, som også har høgre-ekstreme figurar i sitt Ukraina-baserte leiarskap.
Legionens kommandant, Maximillian ‘Caesar’ Andronnikov, er ein tidlegare medlem av Russian Imperial Movement (RIM), som i 2020 vart klassifisert som ei global terroristgruppe av USAs utanriksdepartement.
Mike Pompeo, som då var utanriksminister, sa at RIM «har gitt trening i paramilitær stil til white supremacist-folk og nynazistar i Europa», og knytta deira medlemmar til bombinga av tilfluktstadar for flyktningar i Sverige.
Vladimir Putin seier hans illegale invasjon [sic] av Ukraina er nødvendig for å «de-nazifisere» landet, ein påstand som har blitt spotta både vidt og breitt, dels på grunn av president Zelenskys jødiske herkomst.
Ei aukande mengd bevis for den rolla som nynazistar speler i angrepa på russisk jord frå Ukraina, vil berre fyre opp under narrativet til Kreml.
Denne veka skreiv New York Times at nokre journalistar hadde bede ukrainske soldatar fjerne nazi-symbol frå uniformane sine før fotografering.
Dei uttrykte uro over at bruken av slike emblem kunne «fyre opp under russisk propaganda og spreie bilde som Vesten har prøvd i eit halvt hundreår å eliminere.»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 227 ganger.