POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

USA-general vet ikke hva han mener.

Russland taper, men taper ikke likevel.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Sleppte general David Petraeus den ukrainske katten ut av sekken?

Av Larry Johnson 

Den vanæra generalen og tidlegare CIA-direktøren, David Petraeus, ser ut til å ha eit snev av schizofreni. Under eit intervju med franske L’Express sist laurdag, insisterte den pensjonerte generalen først på at Ukraina har jaga russarane på flukt:

Petraeus . . . hevda at Russland har liten sjanse til å reversere utviklinga av konflikten i Ukraina no, takka vere USA sin finansielle assistanse.

I tillegg har USA «mange alternativ» dersom Russland skulle bestemme seg for å ta i bruk atomvåpen, sa han.

Samtidig sa Petraeus at hans tidlegare ord hadde omtalt «berre eitt» av «mange alternativ» USA har på lager i tilfelle Russland skulle ty til atomvåpen, som han kalla ei «ekstremt dårleg avgjerd».

Generalen sa og at han framleis trur det ikkje er noko Russland kan gjere for å endre situasjonen på frontlinjene, som ifølge Petraeus er ugunstig for Moskva.

Fekk du det? «DET ER IKKJE NOKO RUSSLAND KAN GJERE for å endre situasjonen på frontlinjene.» Game over. Russarane er slåtte.

Så her er spørsmålet: Viss russarane er fanga og dømde til å tape; viss russarane ikkje kan gjere noko for å endre eit uunngåeleg utfall av krigen, altså at dei får eit totalt nederlag, korfor gjer då Petraeus ei heilomvending og slår fast at US-amerikansk intervensjon kan vere nødvendig? Det motseier mimesen om at russarane er slåtte, Putin kaputt og at ukrainarane kan sjå Moskva i horisonten.

Petraeus viser i vanvare fram sitt stumpe intellekt og fortel reporteren at Ukraina kanskje ikkje har krigen i boks, og at USA «KAN» kome til å føre eit internasjonalt bergings-team inn i konflikten:

USA kan leie ein multinasjonal koalisjon mot Russland i Ukraina uavhengig av NATO-engasjement, ifølge den pensjonerte U.S. Army-generalen David Petraeus.

I eit intervju med franske L’Express på laurdag, spådde Petraeus at Russland kunne kome til å gjere ting i Ukraina som er «så sjokkerande og så skrekkelege» at direkte US-amerikansk intervensjon ville vere nødvendig.

«Vi talar om intervensjonen til Den nord-atlantiske alliansen i tilfelle angrep på ein av NATO-medlemmane. Men det er nødvendig å vurdere alternativet å bruke ikkje NATO-styrkar i Ukraina, men multinasjonale styrkar som ikkje har noko å gjere med NATO,» sa Petraeus, som også kort tente som CIA-direktør.

Petraeus etablerte sitt rykte som mannen som ikkje tenker med hjernen sin, då han fekk sparken frå CIA på grunn av brot på sikkerheita som inkluderte ligging med elskerinna på CIA-kontoret sitt – under eit bord, dessutan. Han stolte visst på ein mindre prominent medlem av anatomien sin for tenking.

David Petraeus – Wikipedia
David Petraeus

Korleis er det, Dave? Ukrainas siger er uunngåeleg og russarane kan ingenting gjere for å stoppe den, eller USA lyt samle ihop ein multinasjonal styrke for å stoppe Russland og berge Ukraina?

Euforien frå seint i september om Ukrainas motoffensiv, som knuste dei russiske troppane og sendte dei på flukt i panikk, har dunsta bort. Poof!! Det verkar som den russiske fronten har hardna, og at Russland systematisk slår av elektrisiteten over heile vest-Ukraina. Eg har vore i Kiev. Ein stor del av innbyggarane der bur i høghus som er minst ti etasjar høge. Viss straumen er av, kjem det ikkje vatn til dei øvre etasjane. Det betyr null toalett og null dusjing. Ikkje ein gong kalde dusjar.

Ukrainas president Zelensky si regjering innrømmer stillteiande at Russlands missil- og dronekampanje mot elektrisitetsinfrastrukturen har vore ein suksess. Ifølge britiske Sky News:

Russiske missil- og drone-angrep skal ha skadd oppimot 40% av landets energi-infrastruktur, og lagt Kiev i mørke.

Ein ukrainsk minister har bede flyktningar som flykta frå landet etter Russlands invasjon om å halde seg vekke denne vinteren.

Iryna Vereshchuk, ein visestatsminister, sa straumbrot forårsaka av Moskvas bombardment av kraftstasjonar ville bli ei stor påkjenning for landet.

Korleis kan Russland, som angiveleg får grisebank av det ukrainske militæret, enno vere i stand til å forårsake omfattande skade på Ukrainas kritiske infrastruktur? Synd den franske journalisten ikkje stilte dét spørsmålet til general Petraeus.

Omsett av Monica Sortland



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 212 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • «…at Russland kunne kome til å gjere ting i Ukraina som er «så sjokkerande og så skrekkelege» at direkte US-amerikansk intervensjon ville vere nødvendig. »

    – Som Norge/USA-Stoltenberg- gjorde i Libya f.eks? Eller Hiroshima/Nagasaki.
    Og media vet hva de ikke skal fortelle. (Og hvordan løgner skal fortelles.)

    Vi kan nok vente det meste (igjen) , både av løgner og galskap, fra denne mafiaen som nå er redd for å miste kontrollen over verdensvaluta/renter/gjeld og verdenshandelen.
    Disse folka kan regne.
    Jeg tror allikevel bakmennene denne gangen har forregnet seg.

    Svar
  • Vi får håpe Ukraina får en mild vinter. Enig med den ukrainske ministeren når han sier til flyktningene: ikke kom hjem nå. Uten vann og varme i tiende etasje? Mange gamle kommer til å fryse ihjel. Norge er medskyldig ved å sende våpen og trene soldater, og ved å danse etter Jens sine løgner og hissing til krig og mer krig.

    Svar
  • Kanskje er David Petraeus ikke så scizofren likevel, i hvert fall ikke akkurat her. Han sier tre saker, at russerne kan komme til å gjøre så fryktelige ting at USA må inn, at ukrainerne kan få hjelp av en multinasjonal styrke og at Russerne kommer til å tape. Det siste sier han så sterkt at det bekrefter de to foregående utsagnene som da blir til premisser. Man skal bare stokke litt om på det Peatreus sier. Det er altså sannsynlig at noe usannsynlig kommer til å skje, og det usannsynlige er at NATO i samarbeid med Ukraina detonerer en skitten atombombe. Russerne får skylden selv om det er de som har advart mot dette, en militærstyrke samles og Russland blir slått. Ingen kommer til å si noe annet enn at det var russerne som gjorde det. Et slikt trekk kommer dette til å brenne ned hele det finansielle systemet og det er akkurat hva finansakrobatene bak USAs Federal Reserve nå behøver.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvem styrer verden?

De som aldri kritiseres.

Previous Post

FFI-seminaret

Historia gjentar seg: «Folket er problemet»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.