POSTED IN Covid-19, Helse

Tysk rapport:

Covid-vaksiner for barn er mer skadelig enn sykdommen.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Vaksinar for barn potensielt farlegare enn COVID, viser ein tysk statleg rapport

Nye data ser ut til å vise at fleire barn blir skadde av vaksinen, som var meint å verne dei frå COVID-19, enn av sjølve viruset.

Av Pierre Boralevi

Ifølge ein tryggleiksrapport publisert av Tysklands føderale institutt for vaksinar og biomedisin, har no talet på innrapporterte tilfelle av mistenkte biverknadar av COVID-19-vaksinering av barn i aldersgruppa 12 til 17 passert det totale talet på COVID-relaterte sjukehusinnleggingar for barn i same aldersgruppe sidan starten av pandemien.

Rapporten, som vart publisert den 20. september, 2020, av PEI (Paul Ehrlich Institut), Tysklands statlege reguleringsmyndigheit for vaksine- og legemiddelstryggleik, har offentleggjort nye data om biverknadar av COVID-19-vaksinen, særleg blant barn i alderen 12 til 17.

shallow focus photography of prescription bottle with capsules
Ikke sjelden viser det seg at et medikaments bivirkninger kan ha nytteeffekt. Men når bivirkningene er mer skadelige enn virkningen skal slike legemidler stoppes. Det er noe alle forstår.

Dataa, som vart samla inn frå starten av vaksinasjonskampanjen til 31. august, viser at 1228 vaksinerte barn mellom 12 og 17 år rapporterte ein eller fleire mistenkte biverknadar etter vaksinering. Dette kjem berre tre månadar etter starten av vaksinasjonskampanjen for denne aldersgruppa, og berre to veker etter tilrådinga frå STIKO, Tysklands vaksinekomite. Til samanlikning var talet på barn mellom 12 og 17 som vart lagt inn på sjukehus for COVID-19 mellom mars 2020 og juli 2021 1225. Med andre ord: på berre 3 månadar har talet på moglege vaksinebiverknadstilfelle overstige talet på COVID-relaterte sjukehusinnleggingar for same aldersgruppe over ein periode på 16 månadar.

Dette kan tyde på at fleire barn blir skadde av vaksinen som skal verne dei mot COVID-19, enn av sjølve viruset.

Dei alvorlegaste biverknadane som blir innrapporterte, inkluderer hjartesjukdommar som myokarditt og perikarditt, så vel som andre alvorlege helsetilstandar som trombose (blodpropp), lungeemboli (propp som har løsna og festa seg i lunga) og Guillain-Barré-syndrom.

Endå skumlare er dei første innrapporterte tilfella med dødsfall etter vaksinering i denne aldersgruppa. PEI-rapporten seier at “tre av dei 1228 innrapporterte tilfella med biverknadar har resultert i døden for pasientane innan to til tjuefire dagar etter vaksinering med [Pfizer/BioNTech].”

Basert på desse tala, vil det totale talet på vaksinerelaterte dødsfall blant mindreårige kunne bli både tre og fire gongar høgare enn talet på COVID-relaterte dødsfall i same aldersgruppe gjennom heile pandemien, dersom vaksinasjonskampanjen blir utvida til alle mellom 12 og 17 og også under, slik som no er venta. Med andre ord er vaksinane som blir tilbydd barn for å verne dei mot COVID potensielt farlegare for barn enn viruset sjølv er, ifølge ein analyse publisert av Susan Bonath i RT Tyskland.

Alle vaksinedødsfall i USA de siste 30 årene. Covid-vaksinene vil føre til at vaksine-dødsfall går i taket og sprenger rammene for grafen.

Rapporten viser også ein betydeleg auke i talet på innrapporterte biverknadar for vaksne, inkludert ein slåande auke i alvorlege biverknadar. Data som er samla inn for august månad viser ein auke på 15 gongar: talet på alvorlege reaksjonar skaut i veret frå 1094 til 15 122 på berre éin månad. Ein jamn auke i talet på vaksinerelaterte dødsfall kan også observerast.

Ifølge Bonath sin analyse av rapporten, er det samla talet på innrapporterte vaksinerelaterte skadar og dødsfall over eit tidsspenn på sju månadar langt høgare enn talet for samtlege andre vaksinar , kombinert, over eit tidsspenn på tjue år, frå 2000 til 2020, med eit tal for langtidseffektar nesten fire gongar høgare og talet for dødsfall meir enn tre gongar høgare. Denne utrulege skilnaden påpeika redaktøren for RT Tyskland, Florian Warwag, på ein pressekonferanse med det tyske helsedepartementet den 8. september. Warweg viste då til data som ikkje lenger er oppdaterte, og spurde talsmannen frå Helsedepartementet, Andreas Deffner:

“På seks månadar er talet på rapporterte mistenkte tilfelle [av biverknadar på vaksinen] dobbelt så høgt som talet for dei siste tjue åra for alle andre vaksinar som har blitt brukt dei siste to tiåra … korleis forklarer du eit så stort avvik?”

Deffner svarte at det truleg var på grunn av “den meir presise innrapporteringa” av biverknadar med nye vaksinar som dei brukte mot COVID-19.

white and gray rock formation on blue sea under blue sky during daytime
Toppen av isfjellet utgjør bare 10% av den samlete ismassen.

Tvert imot Deffner sin påstand, har mange retta anklagar mot dårlege rapporteringssystem for biverknadar av COVID-vaksinen. Eit av dei mest bekymringsverdige fakta rundt denne saka, er det sterke sannsynet for at dei allereie alarmerande offisielle tala ikkje nøyaktig avspeglar verkelegheita. Det peika Susan Bonath på i analysen sin av PEI-rapporten: “Alt dette er sikkert berre toppen av isfjellet.” Og mange fryktar verkeleg at dei reelle tala, på grunn av dårlege rapporteringssystem for vaksineskapte skadar eller død, kan vere grovt underestimerte.

Dr. Antje Greve, medlem av den medisinske staben ved folkehelsedepartementet i Karlsruhe, Tyskland, fortalde avisa  Berliner Zeitung på tysdag:

“Eg er heilt sikker på at det føregår ei omfattande underrapportering av vaksinekomplikasjonar, inkludert dødsfall.

Greve diskuterte saka om den Berlin-fødde operasongerinna Bettina Ranch, som fekk så alvorlege biverknadar etter COVID-vaksinen at ho måtte kansellere alle sine komande framsyningar. Seinare har Ranch anklaga legen sin for å ikkje ha rapportert inn biverknadane til gjeldande helsestyresmakter.

“Som medisinsk tilsett ved eit offentleg helsedepartement, er eg ikkje overraska over frk. Ranch [sine anklagar]. Dessverre finst det legar som ikkje gjer plikta si med å rapportere inn biverknadar i samsvar med paragraf 6 (1) ledd 3 IfSG, som seier at alle biverknadar med vaksinane skal rapporterast inn til det offentlege helsedepartementet, som deretter gir informasjonen vidare til Paul Ehrlich-instituttet.”

Andre i Tyskland har åtvara mot farane ved COVID-19-vaksinane. PEI-rapporten vart publisert på same dag som ei gruppe tyske patologar livestreama ein pressekonferanse som viste fram resultata av obduksjonar som var gjort på pasientar ein mistenkte hadde døydd som resultat av å ha fått stikket. Pressekonferansen avslørte også at uidentifiserte og “udeklarerte” metalliske element var til stades i blodet til vaksinerte pasientar. YouTube var raske til å fjerne videoen.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Yannis H

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst.

https://www.lifesitenews.com/news/vaccines-for-kids-potentially-more-dangerous-than-covid-german-govt-report-indicates/?fbclid=IwAR2or79SVFtuUtRFIehtooE1bhy0UPyG0uhw_rN0Pc9zB0mfdZsM6a9lp7g


1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 966 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Hvorfor har vi ikke vaksinert barn mot vanlig influensa og vanlig forkjølelse tidligere?
    Fordi det er viktig for barn/unge voksne å bygge opp immunforsvaret sitt.
    Når vi nå har fått en Covid – influensa der tallene (som manipuleres eller forsøkes holdt skjult) viser at dette viruset, som andre virus, muterer til stadig MINDRE sykdomsfremmende typer. Og altså er mindre farlig enn tidligere virus, allerede før denne siste politiske skremme-varianten.
    Hvorfor da dette stadige presser fra legemiddelindustrien, og hvorfor lar våre politikere seg kjøpe? Enten med politiske bein/stillinger, eller penger.
    For vi snakker ikke om altruisme her, noen tjener store penger på å ødelegge helsa til barn, ungdom og voksne.
    Og våre «politikere», og «Helse» – direktorat opptrer som faans håndlangere, – eller er idioter.
    Hva er verst?
    Skremmende er det uansett.
    Og Norge har ikke råd, hverken menneskelig eller penge-økonomisk, å holde slike «ledere».
    Gir idioti strafferettslig frihet, bør de uansett fratas alle hverv de har lurt til seg.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Ansiktsmasker?

Har de noen effekt mot virus?

Previous Post

Fastlåst i indre konflikter:

Palestinerne er i innbyrdes krig.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.