POSTED IN Iran, Israel, Ukraina

Trump prøver å manøvrere i ureint farvann.

Zelensky ødelegger for seg selv.

5 kommentarer

Vi er litt seint ute med denne artikkelen og når vi skriver dette er det fortsatt uklart hva Trump vil gjøre etter at Zelensky var dum nok til blankt å avvise avtaleforslaget til fredsavtale som USA har lagt fram. Han skulle latt Russland avvise det, for det var heller ikke spiselig for dem. Men nå er det hans som sitter med skylden og han har gitt USA gode grunner til å trekke støtten.

Når det gjelder Iran-forhandlingene er jeg mindre optimistisk. Jeg tror Israel vil sørge for at disse ikke kommer i mål, men vi får se.

Knut Lindtner
Redaktør

Onsdag, eit vass-skille for fred i Ukraina og atomavtale med Iran

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Onsdag blir ein svært aktiv dag på den diplomatiske fronten med tanke på Ukraina og Iran. La oss starte med Ukraina.  New York Times skriv:

Utanriksminister Marco Rubio bestemde seg på tysdag for å droppe neste steg i dei ukrainske våpenkvileforhandlingane, mens Ukraina avviste eitt av president Trump sine viktigaste forslag til ein avtale som ville stanse kampane med Russland.

Forhandlarar frå USA, Europa og Ukraina vil likevel møtast i London på onsdag for å fortsette med å hamre ut eit våpenkvileforslag. Men rygg-til-rygg-utviklinga erbbel nedtur og reiser nye spørsmål om kor mykje progresjon som blir gjort i arbeidet med å trappe ned den tre år lange krigen. 

Det korte svaret er … null progresjon. Rubios fråsegn førre veke etter eit møte med Ukraina i Paris, var at med mindre det blir framgang i fredsforhandlingane denne veka så vil USA trekke seg ut av prosessen og overlate det til europearane og Ukraina å avgjere korleis ein skal få slutt på krigen i Ukraina. Møtet i London skal visstnok fokusere på  Kellogg Planen, som faktisk vart skriven av ein tidlegare CIA-mann, Fred Fleitz, i april 2024, men ber namnet Kellogg. Her er hovudpunkta i denne planen:

I sin artikkel i Foreign Affairs i april 2023, føreslo Richard Haass og Charles Kupchan at i byte mot å rette seg etter ein våpenkvile, ei demilitarisert sone og deltaking i fredsforhandlingar, kan ein tilby Russland ei avgrensa lette i sanksjonane. Ukraina vil ikkje bli bedd om å gi opp målet med å gjenvinne heile territoriet sitt, men dei vil gå med på å bruke diplomati, ikkje makt, med forståing for at dette vil kreve eit framtidig diplomatisk gjennombrot, noko som sannsynlegvis ikkje vil skje før Putin går av som president. Innan det skjer vil USA og deira allierte love å berre fullt ut oppheve sanksjonane mot Russland og normalisere relasjonane dersom Russland signerer ein fredsavtale som Ukraina finn akseptabel. Vi krev også at det vert innført avgifter på russisk energisal som skal brukast til å betale for gjenoppbygginga av Ukraina.

Ved å gjere det mogleg for Ukraina å forhandle frå ein styrkeposisjon, samtidig som Russland blir informert om konsekvensane viss dei ikkje rettar seg etter vilkåra i framtidige fredsforhandlingar, kan USA implementere ein framforhandla slutt-tilstand med vilkår som er i tråd med USAs og Ukrainas interesser. Ein del av denne endetilstanden bør inkludere foranstaltningar til å etablere ein langsiktig sikkerheitsarkitektur for Ukraina sitt forsvar som fokuserer på bilateralt sikkerheitsforsvar. Å inkludere dette i ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina, tilbyr ein veg frm mot langsiktig fred i regionen og eit verkty til å hindre framtidig fiendskap mellom dei to nasjonane.

Ifølge fleire pressereportasjar inkluderer nøkkelpunkta i planen ein våpenkvile på plass, anerkjenning av Krim som russisk territorium og ein høgtidssam lovnad om å aldri invitere Ukraina til å bli medlem av NATO. Sjølv om Zelensky skal ha avvist den biten som handlar om Krim, ser eg ikkje bort ifrå at protestane hans kan bli ignorerte og at London-møtet vil produsere ei semje om å halde fram med Kellogg-planen … ikkje fordi den ukrainske delegasjonen og europearane trur den er levedyktig, men fordi dei antar at Russland kjem til å avvise den og få skulda for sabotering av fredsavtalen.

Steve Witkoff skal visstnok følge hr. Kellogg til møtet, og det blir hans plikt å ta forslaget med til Moskva og legge det fram for president Putin. Sørstatsfolka har eit ordtak: den hunden vil ikkje jakte. Kellogg-planen ligg daud så snart den landar i Moskva. Alle diplomatane og militærleiarane til din russiske styresmaktene, ikkje berre Putin, har uttalt at republikkane Donetsk, Lugansk, Kherson og Saporosje (Zaporhyzhia) no er og vil forbli russiske republikkar. Det er ikkje ope for forhandlingar.

Russland vil heller ikkje gå i forhandlingar med Ukraina før Zelensky er vekk, hans dekret frå september 2022 som forbyr forhandlingar med Russland er oppheva, og ukrainske styrkar trekk seg ut av russisk territorium og stoppar alle militære operasjonar. Det blir ikkje første gong iWitkoff høyrer denne kravlista frå president Putin. Han er berre ein aktør i eit stykke politisk teater. Etter at russarane har avvist planen som heilt uaktuell, vil Witkoff informere president Trump: det er ingen avtale.

Men eg trur Witkoff også har til hensikt å bruke møtet med Putin til å diskutere måtar som Russland kan hjelpe til med å sikre ein avtale med Iran som vil garantere at Iran ikkje bygger eit atomvåpen. Som bringer meg til onsdagens møte som skal finne stad i Oman:

Delegasjonar frå Iran og USA har blitt samde om ein ny runde med tekniske forhandlingar på ekspertnivå, som skal haldast i Oman på onsdag den 23. april, sa Irans utanriksminister Abbas Araqchi til lokale medium i Teheran….

Les meir her: https://www.omanobserver.om/article/1169312/world/asia/us-iran-technical-talks-in-muscat-on-april-23

Dette er eit kritisk viktig møte. Det betyr at ekspertar på kjernefysisk anriking vil diskutere kva Vesten vil og kva Iran er budd på å gi opp. Den potensielle snublesteinen er uran som er anrika til mellom 5 og 20 prosent, på engelsk kalla High-Assay Low-Enriched Uranium (HALEU):

HALEU er definert som uran som er anrika til meir enn 5% og mindre enn 20% av isotopen U-235.

Uran som finst i naturleg form består hovudsakleg av to isotopar, U-235 and U-238. Produksjonen av energi i kjernereaktorar skjer med ‘fisjon’, eller spalting, av U-235-atom, ein prosess som frigjer energi i form av varme. U-235 er den viktigaste spaltbare isotopen av uran.

Naturleg uran inneheld 0,7% av U-235-isotopen. Dei resterande 99,3% er for det meste U-238-isotopen, som ikkje bidrar direkte til fisjonsprosessen. Dei fleste av reaktorane som er i drift i dag er lettvassreaktorar (av to typar – PWR og BWR) og krev at uranet er anrika frå 0,7% til 3-5% U-235 i drivstoffet. HALEU er nødvendig for mange avanserte kraftreaktordrivstoff, og kring tre fjerdedelar av SMR-designa under utvikling.

Her er kjernespørsmålet: Iranarane brukar HALEU til å produsere medisinske isotopar. Desse radioaktive isotopane blir produserte ved å bestråle mål via eit uran-235-produsert nøytron-felt. Kva er medisinske isotopar?

Medisinske isotopar, eller radionuklidar, er radioaktive material brukt i nukleærmedisin. Spesialistar på nukleærmedisin brukar dei til å stille diagnosar og behandle ulike sjukdommar, inkludert kreft.

Medisinske isotopar dannar basisen – den aktive substansen – for nukleærmedisin. Den medisinske isotopen er knytt til målsøkande beremolekyl. Det gjer at den radioaktive substansen kan fraktast til rett plass i kroppen. Der strålar den radioaktive substansen ut det vi kallar ioniserande ‘radioaktiv’ stråling.

Dette blir truleg eit av hovudemna som ekspertane vil diskutere under onsdagens møte i Oman. Dei vil førebu ein rapport, vonleg eit fellesutkast, som vil bli lagt fram for hovudforhandlarame på laurdag. Utfallet av desse samtalane vil avgjere om USA bestemmer seg for å gå til krig mot Iran eller ikkje.

Eg spelte inn ein monolog om dei komande forhandlingane. Den er berre ni minutt lang: https://youtu.be/hp3ULOUbCVw

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/wednesday-a-watershed-moment-for-peace-in-ukraine-and-making-a-no-nuke-deal-with-iran/

Forsidebildet er KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Hvem kommer i såfall etter Putin ? Det spørs om ikke Europa er mer sikkert med president Putin . Han har vel klart å holde de mest ivrige for krigen i Ukraina .
    Det har jo også vært ett attentat på en av generalene , som mest sannsynlig kan tilbakeføres til Ukrainas spesial agenter, som har utført attentater innenfor russiske grenser. Så var det denne pave begravelsen. Vil president Putin komme seg gjennom den og overleve ?

    Svar
  • Johannes E. Åtta Førtifira
    26 april 2025 20:51

    Les om krigsforbryterne Støre og Stoltenbergs skammelige og for norge
    skadelige besøk hos «kjøteren» (ref. Nettavisen) og folkemorderen i
    Det Hvite Hus:

    «Joda, Støre og Stoltenberg var pudler og valper»
    steigan.no/2025/04/joda-store-og-stoltenberg-var-pudler-og-valper/

    Selvfølgelig er de to «pudlene» (PSt) frekke nok til å påstå at deres
    krypende opptreden overfor mafiatypen Trump «tjene norske interesser».

    Dessuten var besøket en klar bekreftelse på det vi
    visste: De to APene har ingenting i mot folkemordet som nå pågår
    mot palestinerne i Gaza og på Vestbredden.

    Svar
  • Iflg Ola Tunander har Zelensky mottatt beskjed fra nazi-militsene i Ukraina om at de vil ta livet av han hvis han er for ettergivende mot Russland (og det samme kan evt også gjelde for medlemmer av Zelenskys familie). Zelensky vil derfor ikke oppgi kravet om at Krim skal tilhøre Ukraina (til tross for at det store flertallet av befolkningen på Krim ønsker at Krim skal tilhøre Russland). Og Russland vil aldri gi fra seg Krim, kravet til Zelensky kan bare ende med storkrig eller atomkrig i Europa.

    Dessuten ser det ut som Zelensky ikke lenger har støtte i flertallet av befolkningen i Ukraina, det ser ut som flertallet ønsker fred nå med avståelse av landområder til Russland. Og kanskje er det slik at befolkningen helt øst i Ukraina kan akseptere å tilhøre Russland framfor å tilhøre Ukraina. Godt mulig at levestandarden for befolkningen i Russland vil være (mye) høyere fremover enn levestandarden i Ukraina etter at krigen har tatt slutt (Russland har bla tilgang til mye mer naturressurser enn Ukraina).

    Dagens grense mellom Ukraina og Russland ble egentlig fastsatt av sentralkomiteen i Sovjet før Sovjet ble splittet opp. Grensen mellom Ukraina og Russland i Sovjet tiden var omtrent som delstats grensene i USA ellers evt som fylkes grenser i Norge. Og disse grensen kan fungere dårlig som statsgrenser/landegrenser mellom land når Sovjet splittes opp, og disse grensene kunne med fordel ha blitt justert av sentralkomiteen i Sovjet før Sovjet ble splittet opp. Hadde sentralkomiteen i Sovjet (altså bolsjevikene) ha tilbakeført Krim fra Ukraina til Russland før oppsplittingen av Sovjet, så hadde ikke Krim vært et konfliktområde i dag.

    Alle som har et demokratisk sinnelag burde kreve at lokalbefolkningen i de ulike grenseområdene som ligger mot Russland (altså i Donbas regionen) gjennom folkeavstemninger burde få lov til å avgjøre hvilket land de skal tilhøre. Men det ser ikke ut som vestmaktene har et slikt demokratisk sinnelag. Isteden får man støtte til krigførende til siste ukrainer uten at flertallet av ukrainerne støtter noe slikt som dette som altså fører til store dødstall og til ødeleggelse av deres land.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Klima-alarmisme som kampsak svinner hen:

Hvor har det blitt av klimakrisen i hovedstrømsmedia?

Forrige innlegg

Starten på en ny bearbeiding av opinionen?

Er fugleinfluensaen det neste vi skal vaksineres mot?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.