POSTED IN Covid-19

Tilpassa vitskap:

Vitskapskapsfolk laug om koronaviruset

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Av Monica Sortland

Dei fem forskarane bak ein rapport frå april 2020 om opphavet til SARS CoV-2 var i starten av «pandemien» einige om at viruset måtte vere menneskeskapt, konstruert i eit laboratorium. Men etter at dei vart lova 9 millionar dollar av dr. Fauci, skifta dei syn og publiserte rapporten som hevda at viruset sannsynlegvis hadde naturleg opphav. Seinare laug dei og under høyringar framfor Kongressen i USA.

Sluttrapporten til komitéen for gransking av koronaviruspandemien (Select Subcommittee on the Coronavirus Pandemic, leia av Brad Wenstrup), The Proximal Origin of a Cover-up: Did the «Bethesda Boys» Downplay a Lab Leak?, slår fast at rapporten til dei fem forskarane var eit bestillingsverk frå NIAID-direktør dr. Fauci og NIH-direktør dr. Collins («Bethesda-gutane»). Det hadde nemleg oppstått eit behov for å dysse ned stadig sterkare spekulasjonar om at den nye koronavarianten kunne vere lekka frå eit laboratorium, med eller utan vilje. Dei fem forskarane fekk altså i oppdrag å motbevise desse «konspirasjonsteoriane».

Det har komitéen konkludert med etter høyringar med innkalte vitne og på grunnlag av privat kommunikasjon mellom dei involverte partane, som komitéen har fått tilgang til. E-postar og Slack-meldingar viser korleis dei fem forskarane tilpassa seg forventningane for å få publisert «vitneprovet» sitt i fagtidsskriftet Nature Medicine, ein artikkel som har hatt nær seks millionar visningar, og som ofte har blitt brukt som «bevis» for at viruset oppstod på naturleg vis, sannsynlegvis på den mykje omtalte våtmarknaden i Wuhan. Forskarane gjekk bortifrå sin opprinnelege konklusjon om at det ikkje fanst tilrekkeleg med bevis til å utelukke ein laboratorie-lekkasje.

Den nye koronavirusvarianten, Covid-viruset CoV-2, stammar sannsynlegvis frå forskning tilknytt viruslaboratoriet som dr. Antony Fauci, via NIAID og EcoHealth Alliance, gav pengar til for at dei skulle finne ut om det var mogleg at det ufarlege flaggermuskoronaviruset kunne spreie seg til, og forårsake sjukdom i, menneske – såkalla «gain-of-function». Forskarane – to av dei frå laboratoriet i Wuhan, éin frå Sveits og dei resterande 12 frå USA (dei fleste frå epidemiologiavdelinga til Universitetet i North Carolina, Chapel Hill) – publiserte i 2015 rapporten A SARS-like cluster of circulating bat coronaviruses shows potential for human emergence, der dei skildrar korleis dei designa eit såkalla kimærevirus med potensial til å skape sjukdom i menneske, ein genmodifikasjon av eit flaggermusvirus som i sin naturlege tilstand var heilt ufarleg for menneske. Mest sannsynleg har gen-sekvensen til dette kimæreviruset, SHC014 MA15, blitt plukka opp av den militære biolaben ved Fort Detrick eller liknande, modifisert til det såkalla Wuhan-viruset som starta «pandemien», og deretter frakta til Wuhan under det militære verdsmeisterskapet som føregjekk der i oktober 2019.

Men dette blir ikkje nemnd i pandemi-komitéens rapport. Heller ikkje seier rapporten noko om at det var ein av dei US-amerikanske forskarane, Boyd L Yount Jr., som designa den smittsame klonen og kimæreviruset. Om dette føregjekk i USA eller Kina, er uvisst. Ei samanlikning av gensekvensane ville ha sett punktum for alle spekulasjonar.

Komikaren Jimmy Dore har funne ein hysterisk komisk parodi på korleis dei fem «Proximal Origin-forskarane» rota seg inn i eit nett av løgner:


Monica Sortland

for derimot.no den 1. august, 2023



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 773 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Dei er over loven disse bandittane! Den som har mest penger og makt vinner!
    En skam. Justicia er en hore blitt!

    Svar
    • Politisk Stockholm-syndrom er når en person forstår at regjeringen og politikere er korrupte. Men vil ikke gå ned i kaninhullet fordi det knuser paradigmet de lever i. Med andre ord når de har en samtale om politikk. De vil gjerne være enige i at politikerne lyver. Men når du begynner å bryte det ned for dem om hvor korrupte de faktisk er, og påpeker eventuelle uhyggelige agendaer. De vil da kalle deg gal. Eller en konspiratør på dette tidspunktet. De vil forsvare de som fengsler dem med løgnene de aksepterer som sannheten.

      Svar
  • wasan Totland
    4 august 2023 21:57

    Gjesp. Hvilket virus?

    Svar
  • «Sannhet» og «science» kjøpes for en passende sum av Vitenskapen i Egen Person, «Jeg-er-Vitenskapen»-dr-Fauci, slik at folkemordet kan foregå så uforhindret som mulig, og de fleste som kunne hatt integritet viste seg å være lette å kjøpe; who cares hvor mange som dør, mot den rette sum. Pris pr. Vitenskapsperson eller Lege spiller ingen rolle; skattebetalerne betaler bestikkelsene.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Seymour Hersh: Norges bidrag til sprengningen av rørledningene ikke nytt overfor USA.

Norsk marine bidro til levering av hurtigbåter som ble brukt i Vietnamkrigen.

Previous Post

Norske politikere ødelegger for oss!

Norge er nå på Russlands liste over uvennlige land.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.