POSTED IN Krig-fred

SCOTT RITTER:

Nato-våpen til Ukraina eskalerer konflikten voldsomt. Militært er bidraget ubetydelig.

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Marerittet NATO-våpen til Ukraina

Vesten si nylege godkjenning av meir militær assistanse til Kiev aukar faren for eit kjernefysisk mareritt

Soviet War Memorial, Tiergarten, West Berlin. (Mike Peel, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons)

På tysdag bestemte Det kvite hus seg for  at dei skulle sende ca 30 M1 Abrams tanks til Ukraina, noko som vart sett på som eit politisk dekke for Tyskland, som  bestemte seg for å skipe ut 14 Leopard 2 tanks til Kiev. 

av Scott Ritter
for Consortium News

 Tidleg på morgonen den 2. mai, 1945, aksepterte general Vasilij Tsjujkov, kommandant for dei sovjetiske styrkane i 8. armé, kapitulasjonen til tyskarane i Berlin-fortet.

To dagar før hadde soldatar frå 150. rifledivisjon, del av Sovjets 5. sjokk-armé, heist sigersflagget til Den raude armé over Riksdagen. Ein time etter at flagget for til topps, tok Adolf Hitler og elskarinna hans, Eva Braun, sjølvmord inne på kontoret i Führer-bunkeren.

Tsjujkov, helten frå slaget om Stalingrad som fekk sin 62. armé omdøypt til 8. gardearmé til ære for sigeren deira då dei heldt byen i møte med ei massiv tysk nedslakting, hadde ført troppane sine inn i hjartet av nazi-hovudstaden, nedkjempa gjenstridig nazi-motstand i Berlin-distriktet Tiergarten, der nazi-beistet hadde hiet sitt. Sovjet-generalen fekk løn for motet og oppofringa til soldatane sine ved å vere på staden for å akseptere den tyske kapitulasjonen. 

“Raising a flag over the Reichstag” photo by Yevgeny Khaldei. (Russian Defense Ministry)

Til ære for denne bragda, og offeret, innvigde den sovjetiske arméen i november 1945 eit minnemerke i Tiergarten. Laga av raud marmor og granitt fjerna frå ruinane av Adolf Hitler sitt Neue Reichskanzlei (Nye rikskanselli), bestod monumentet av ein konkav søylegang av seks samla aksar flankerte av Raude armé-artilleri og eit par T-34 tanks, og i midten ein gigantisk bronsestatue av ein sigersrik Raude armé-soldat som held vakt.

Frå 1945 til 1993, då den russiske arméen trekte seg ut av Berlin, stod sovjetisk garde vakt over monumentet. Sidan den gong har monumentet blitt vedlikehalde ifølge vilkåra i statsavtalen av 1990 for den tyske gjenforeininga, som bragte vest- og aust-Tyskland saman etter Berlin-murens fall.

Gravert inn i granitten til monimentet, med kyrilliske bokstavar, er ein inskripsjon der det står: «Evig ære til heltane som fall i kamp mot dei tyske fascistiske okkupantane, for fridom og uavhengigheit for Sovjetunionen.» 

I eit skifte som må ha fått Vasilij Tsjujkov og dei sovjetiske heltane til å vri seg i grava, har no fascismens styrkar atter reist sine fæle hovud, denne gongen manifestert i ei ukrainsk regjering motivert av den nazistiske, ultranasjonalistiske ideologien til Stepan Bandera og hans like.

Soviet military commander Vasilij Tsjujkov, second from left, at the 62nd Army command post in Stalingrad in December 1942. (Mil.ru, CC BY 4.0, Wikimedia Commons)

Bandera og den mordariske rørsla hans vart slått av Sovjet-styrkane i løpet av tiåret etter slutten på Andre verdskrig. Men ideologien overlevde i ein vest-ukrainsk diaspora danna av dei overlevande frå rørsla som fann seg ei trygg hamn i Vest-Tyskland (der Bandera sjølv slo seg ned før han vart avretta av sovjetiske KGB i 1959), Canada (der Chrystia Freeland, barnebarnet til ein som hadde publisert pro-Bandera-propaganda, no er visestatsminister) og USA (der følgarar av Stepan Bandera har konstruert ein «helte-park» utanfor Ellenville, New York, inkludert ei byste av Bandera og andre nynazistiske, ukrainske ultra-nasjonalistar).

Ideologien overlevde også i skuggane i dei vestre ukrainske distrikta som vart absorbert av Sovjetunionen etter at dei vart skilde frå Polen i 1939, og seinare, etter gjenokkupasjonen av desse territoria av Sovjet-styrkar i 1945.

CIA-finansiert politisk undergrunn

Her, med start i 1956, (etter de-Staliniseringspolitikken til den sovjetiske øvste leiaren Nikita Khrusjtsjov, etter hans «hemmelege tale» til medlemmar av Kommunistpartiet), vart det sleppt fri tusentals medlemmar av Den ukrainske opprørsunionen (UPA)/Organisasjon for ukrainske nasjonalistar-Bandera (OUN-B) som hadde blitt arresterte og dømde av sovjetiske autoritetar. Dei vart no lauslatne frå Gulag og returnerte til heimane sine, angiveleg for å bli reintegrerte i det sovjetiske samfunnet. Men denne reintegreringa materialiserte seg aldri.

I staden opererte ukrainske fascistar, finansierte av CIA, som ein politisk undergrunn, der dei dreiv  sabotasje-operasjonar og oppelska anti-sovjetisk/anti-russisk ideologi blant eit folk der rettesnorer av typen ukrainsk nasjonalistisk ideologi straumasterkt.

[RelatertJOE LAURIA: On the Influence of Neo-Nazism in Ukraine]

Etter at Sovjetunionen kollapsa på slutten av 1991, stod desse nasjonalistane fram frå skuggane og byrja organisere seg i politiske parti, støtta av gjengar av valds-tilbøyelege ekstremistar som ved hjelp av fysiske truslar spreidde ei personlegdomskult bygd opp rundt personen Stepan Bandera.

Protesters with OUN-B’s red and black flag among Maidan Square protesters in Kiev, December 2013. (Nessa Gnatoush, CC BY 2.0, Wikimedia Commons)

Politiske parti som Svoboda («Fridom») og Høgresektor såg dagens lys. Sjølv om dei mangla støtte blant fleirtalet av ukrainarane, greidde desse gruppene å bruke sin hang til organisering og vald til å skaffe seg ei dominant rolle i opptøyane som braut ut på Maidan-plassen i Kiev tidleg i 2014, opptøyane som førte til at den demokratisk valde presidenten, Viktor Janukovitsj, vart styrta og erstatta av ei regjering handplukka av USA, inkludert den seinare statsministeren, Arseni Jatsenyuk.

Ein overvaka telefonsamtale mellom assisterande utanriksministerVictoria Nuland og USAs ambassadør til Ukraina, Geoffrey Pyatt, som tok stad i dagane før Janukovitsj vart styrta i februar 2014, dokumenterer at Nuland posisjonerte Jatsenyuk som Ukrainas komande leiar og, i denne samanhengen, aktivt oppmoda Jatsenyuk til å koordinere ting med Oleh Tyahnybok, sjefen forSvoboda, som fekk opa støtte av væpna radikalistar i Høgresektor.

Den nære koordineringa mellom Ukrainas nye post-Maidan-regjering og pro-Bandera-partia Svoboda og Høgresektor medførte at desse politiske partia fekk ei overdimensjonert rolle i dei ukrainske sikkerheitstenestene.

Til dømes vart den tidlegare Høgresektor-sjefen, Dmytro Jarosj, rådgivar for sjefskommandanten for dei ukrainske væpna styrkane, general Valerij Zaluzhnij. I den rolla hadde Jarosj oppsyn med at talrike frivillige einingar frå Høgresektor vart inkorporerte i Ukrainas regulære væpna styrkar.

Ei av einingane som vart oppretta på grunn av denne omorganiseringa er  67. separate mekaniserte brigade, som sidan november 2022 har fått opptrening i Storbritannia.

Det at NATO-medlemmar som Storbritannia er aktivt involverte i treninga av ukrainske styrkar, er eit veletablert faktum. I juli 2022  kunngjorde det britiske Forsvarsdepartementet at dei ville starte opptrening av ca 10 000 ukrainske soldatar kvar fjerde månad.

At dei speler ei aktiv rolle i forsyninga av kamptrening til brennande nynazistiske militære formasjonar, er noko media i Vesten ser ut til å unngå å omtale.

«Ukraine Defense Contact Group»

Men saka er langt meir kompleks – og kontroversiell – enn berre tilbod om grunnleggande militær trening til nokre tusen tilhengarar av Stepan Banderas hat-fylte ideologi. 

67. Separate Mekaniserte Brigade blir sannsynlegvis ein av tre ukrainske formasjonar av brigade-storleik som skal trenast og utstyrast ved hjelp av militær assistanse verdt milliardar av dollar som nyleg vart godkjent under  åttande sesjon for Ukraine Defense Contact Group.

Kontaktgruppa vart først samla på den store militærflybasen til U.S. Air Force i Ramstein, Tyskland, i april 2022, og har sidan tent som den primære mekanismen for koordinasjon mellom Ukrainas væpna styrkar og NATO når det gjeld støtte til opptrening og materiell til det ukrainske militæret.

Den siste samankallinga av Ramstein-kontaktgruppa tok stad i skuggen av eit intervju gitt av kommandanten for dei ukrainske væpna styrkane, general Valerij Zaluzhnyi, til The Economist, i desember 2022. Ifølge Zaluzhnyi, var hovudproblemet til Ukraina behovet for «å halde denne linja [dvs. det defensive beltet Soledar/Bakhmut] og ikkje miste meir grunn.»

Sidan det intervjuet har Soledar falle til russarane, og Bakhmut er trua av omringing. Dessutan er russiske styrkar på offensiven nord og sør for Bakhmut-fronten. Ved nokre høve har dei avansert opptil sju kilometer om dagen.

Zaluzhnyi sa og at prioritet nummer to for Ukraina var:

«å gjere seg klar for krigen som kan skje i februar [2023]. For å bli i stand til å føre ein krig med spreke styrkar og reservar. Troppane våre er bundne heilt opp i kampar no, dei blør. Dei blør og blir haldne i hop eine og aleine av mot, heroisme og kommandantane deira si evne til å halde situasjonen under kontroll.»

Den ukrainske kommandanten sa at februar-«krigen» ville få Ukraina til å gjenoppta angrepet:

«Vi har gjort alle kalkulasjonane – kor mange tanks, artilleri vi treng og så vidare og så vidare. Det er det alle lyt konsentrere seg om akkurat no. Måtte soldatane i skyttargravene tilgi meg; det er viktigare å fokusere på akkumuleringa av ressursar akkurat no for dei meir langvarige og tyngre slaga som kan starte til neste år.»

Målet for denne offensiven, sa Zaluzhnyi, var å presse Russland tilbake til grensens som eksisterte den 23. februar, 2022, starten på den russiske invasjonen. Han antyda og at frigjeringa av Krim var eit mål.

«For å kunne nå grensene til Krim, må vi i dag dekke ein distanse på 84 km til Melitopol [ein strategisk by sør i republikken Donetsk]. Dette er forresten nok for oss, for Melitopol ville gi oss full skytskontroll over landkorridoren, for frå Melitopol kan vi allereie skyte på Isthmus i Krim.”

General Valerii Zaluzhnyi, right, with Colonel General Oleksandr Syrskyi during the Battle of Kiev, March 2022. (Commander in Chief of Ukraine, CC BY 4.0, Wikimedia Commons)

Zaluzhnyi utsondra tiltru. «Eg veit eg kan slå denne fienden,» sa han. «Men eg treng ressursar. Eg treng 300 tanks, 600-700 IFV’s [infantry fighting vehicles], 500 haubitsar. I så fall trur eg det er fullstendig realistisk å nå linjene som var den 23. februar.»

Zaluzhnyi snakka om eit komande møte med general Mark Milley, leiar for USAs Joint Chiefs of Staff. «Eg vil fortelle han [Milley] kor mykje det er verdt, kor mykje det kostar. Om vi ikkje får det, vil vi sjølvsagt kjempe til siste slutt. Men, som ein filmkarakter sa, ’Eg står ikkje inne for konsekvensane’. Konsekvensane er ikkje vanskelege å føresjå. Det er dette vi lyt gjere.»

Kort sagt sa Zaluzhnyi at han kunne vinne krigen med Russland viss han fekk den mengda militærutstyr han hadde bede om. Elles ville Ukraina truleg tape konflikten.

Den åttande sesjonen

Den 20. januar var det kalla inn til åttande sesjon for Ramstein-kontaktgruppa, og ukrainarane pressa hardt på for at deira Vestlege allierte skulle levere den materielle støtta som Zaluzhnyi hadde etterspurd.

Forsvarsministrar frå meir enn 50 land deltok, inkludert UkrainasOleksij Reznikov som under Verdsøkonomisk forum i Davos nokre dagar før Ramstein-møtet hadde  erklært at «Vi [Ukraina]gjennomfører NATOs misjon i dag. Dei blør ikkje sitt blod. Vi blør vårt. Det er derfor dei er nøydde til å forsyne oss med våpen.»

Kontaktgruppa tok det ukrainske kravet om materialstøtte opp til vurdering, og ved slutten av møtet hadde dei forplikta seg til å forsyne Ukraina med ein støttepakke til fleire milliardar dollar, inkludert luftvernvåpen, artilleriammunisjon, støtte-køyretøy og (kanskje viktigast) omlag 240 av dei 500 infanteri-kampkøyretøya dei hadde bede om, oppdelt i grovt rekna ein bataljon (59 køyretøy) med USA-produserte M-2 Bradley, to bataljonar (90 køyretøy) med M-1126, ein bataljon (40 køyretøy) med tyske Marder og ein bataljon (ca 50 køyretøy) med svensk-produserte CV90. 

Ramstein-kontaktgruppa lova i tillegg å levere fire sjølv-propellerte artilleribataljonar med 19 svensk-produserte Archer, 18 britisk-produserte AS-90, 18 USA-produserte M-109 Paladin, og eit dusin fransk-produserte CEASAR. Når det blir lagt til dei 24 taua FH-70, kjem det totale talet på artilleridelar sendt til Ukraina på rett under 100 stykke, langt unna dei 500 som Zaluzhnyi hadde bede om.

Noko som mangla på lista til Ramstein-kontaktgruppa, var noko som i det heile tatt likna på dei 300 stridsvognene Zaluzhnyi hadde bede om; det beste Ukrainas europeiske allierte kunne oppdrive, var [fram til tysdag] eit løfte frå Storbritannia om å levere eit 14 Challenger 2 strids-tanks [nok til eit kompani].

Ukrainian trenchline at the Battle of Bakhmut, November 2022. (Mil.gov.ua, CC BY 4.0, Wikimedia Commons)

Zaluzhnyi hadde, i sitt intervju med The Economist, antyda at han ikkje kunne fullføre sin planlagde offensiv med noko mindre enn dei tre pansra og tre mekaniserte brigade-ekvivalentane han hadde bede om.

Det kollektive Vesten hadde respondert med utstyr til knappe to brigadar.

Desse to, når lagt til ein tredje mekanisert brigade som hadde blitt forma tidlegare og var i trening i Polen, gav den ukrainske generalen halvparten av det han hadde sagt han trengde til å starte ein vellykka offensiv mot Russland.

For U.S. General Milley var ikkje den avgrensa mengda utstyr problemet – opptreninga var problemet. Før han kom til Ramstein, hadde Milley vore på det utstrekte treningsområdetGrafenwoehr i Tyskland. Der er U.S. Army i ferd med å trene rundt 600 ukrainske soldatar til å effektivt forflytte og koordinere sine einingar i kompani- og bataljon-storleik i kamp, med bruk av kombinert artilleri, panservogner og bakkestyrkar.

General Milley fortalde journalistar at slik trening var kritisk for å hjelpe Ukraina til å ta tilbake territorium tapt til Russland i fjor. Målet med denne treninga, sa Milley, er å levere innkomande våpen og utstyr til Ukraina, slik at dei nytrente styrkane vil klare å bruke det «ein gong før vår-regnet viser seg. Det ville vere ideelt.»

Kva Vesten gir

Operasjonell trening, uansett kor kompetent den har blitt gitt og absorbert, måler ikkje eit nøyaktig bilde av den sanne kampkapasiteten som Vesten overleverer til Ukraina. Sanninga er at det meste av dette utstyret ikkje vil vare ein månad under kamp; sjølv om russarane ikkje øydelegg det, så vil vedlikehaldsproblem gjere det.

Ta til dømes dei 59 M-2 Bradley køyretøya levert av USA. Ifølge anekdotisk informasjon henta frå Reddit, er Bradley «eit vedlikehaldsMARERITT».

«Eg kan ikkje ein gong byrje å uttrykke kor helv**es forferdeleg vedlikehaldet på ein Bradley er,» erklærte forfattaren, som ifølge profilen er veteran i US Army som tente i ei Bradley-avdeling i Irak.

«To erfarne mannskap KAN greie å skifte ein Brads belte på 3 eller 4 timar, om ingenting går gale (noko går alltid gale). Så har du belte-stilleinnretningar, shock arms, veghjul, kjedehjulet sjølv, alt dette treng vedlikehald og utskiftning ved behov. Eg har ikkje ein gong starta å snakke om motoren/transmisjonspakken enno. Når ein utfører service på det, er det ikkje berre å løfte motor-dekket. Ein må ta panseret AV Bradley’en slik at eit M88 Wrecker-køyretøy kan bruke krana si til å LØFTE motoren /tranny’en ut av skroget.»

Med Stryker er det ikkje betre stilt. Ifølge ein fersk artikkel i Responsible Statecraft, kalla U.S.-soldatar som brukte køyretøyet både i Irak og Afghanistan Stryker’en for «eit veldig godt kampkøyretøy, så lenge det reiste på vegar, det ikkje regna – og ikkje måtte kjempe.»

Stryker Infantry Carrier Vehicle, M1126. (U.S. Army, Public domain, Wikimedia Commons)

Stryker’en er og eit vanskeleg system å vedlikehalde skikkeleg. Eit av dei kritiske trekka ved Stryker er dens «høgdestyringssystem»(height management system, HMS). Kort sagt er det det som held skroget unna dekka. Om ein skippar noko av det konstante vedlikehaldet eller overvakinga av HMS-systemet, blir resultatet at skroget gneg mot dekka og fører til dekkfeil og eit køyretøy som ikkje virkar.

 HMS’en er kompleks, og sjølv ein liten feil på ein komponent som ikkje blir reparert vil resultere i at heile systemet sviktar. Sannsynet for at dei framtidige ukrainske Stryker-operatørane skal vedlikehalde HMS’en ordentleg under kampforhold, er nær null – dei vil mangle opplæring så vel som den «logistiske støtta» som er nødvendig (som t.d. reservedelar).

Den tyske German Marder IFV verkar representere ein liknande vedlikehaldshovudverk for ukrainarane: ifølge ein artikkel frå 2021 i The National Interest, var køyretøyet «rekna som upåliteleg frå starten av: Belta var raskt utslitne, transmisjonen fuska ofte, og soldatane greidde ikkje å lett ta motoren ut av køyretøyet for vedlikehald.»

Tyskland førebur seg på å investere ei betydeleg mengd pengar på oppgradering av Marder’en, men det har enno ikkje blitt gjort. Ukraina arvar eit gamalt våpensystem som bringer med seg eit betydeleg vedlikehaldsproblem som Ukraina ikkje er førebudde for å takle korrekt.

Sveriges CV 90 møtte på litt avgrensa kamp i Afghanistan, då den var utplassert med den norske arméen. Det finst ikkje nok tilgjengelege data om korleis dette systemet er å vedlikehalde, men ein treng berre merke seg at sjølv om SV 90 skulle vise seg å vere lett å vedlikehalde, så representerer det eit heilt anna vedlikehaldsproblem i forhold til problema med Bradly, Stryker, eller Marder.

Kort sagt, om Ukraina skal greie å bruke dei fem bataljon-ekvivalentane av infanteri-kampkøyretøy som dei får levert frå NATO-partnarane sine, så vil dei måtte trene opp vedlikehaldstroppane sine på fire totalt forskjellige system, kvart av dei med sitt unike sett med problem og separate krav til logistikk/reservedelar.

Det er bokstaveleg talt eit logistisk mareritt som til sist vil bli Akilles-hælen til Ramstein-porsjonen med tungt utstyr.

Men sjølv her verkar det som om verken NATO eller Ukraina greier sjå skogen for berre tre. Heller enn å erkjenne at materiellet som blir levert er upassande for oppgåva med å styrke Ukraina så dei kan utføre ein storskala-offensiv mot Russland, så byrja dei to sidene å halde talar til kvarandre om stridsvognproblemet, nærare bestemt det at ikkje Tyskland steppa opp i Ramstein og rydda vegen for leveransar av hundretals moderne Leopard 2-tanks til Ukraina.

Tysk historie & korleis ting tar seg ut

Ramstein-møtet vart hefta av ei viss uro i det tyske parlamentet for korleis det ville ta seg ut om Tyskland skulle levere tanks som skulle brukast til å kjempe mot russarar i Ukraina.

Denne angsten vart kanskje best fanga av Petr Bystron frå høgrepartiet Alternativ for Tyskland. «Tyske tanks [som kjempar] mot Russland i Ukraina,» utfordra Bystron kollegaane sine, «hugs at bestefedrene dykkar prøvde seg på same knepet, saman med [dei ukrainske nasjonalistene] Melnik, Bandera og støttespelarane deira.

«Resultatet var umåtelege lidingar, millionar av tapte menneskeliv på begge sider og , til sist, russiske tanks som kom hit, til Berlin. To av dei tanksa står på permanent utstilling i nærleiken, og de må minnast på det når de passerer dei kvar morgon,» sa Bystron, og refererte til dei to sovjetiske T-34-tanksa i Tiergarten-monumentet for minnet om falne sovjetiske soldatar.

Soviet War Memorial in the Tiergarten, West Berlin. (Klearchos Kapoutsis, CC BY 2.0, Wikimedia Commons)

Men problemet med Leopard-stridsvognene var meir politisk enn teknisk, då Polen trua med å ignorere Tysklands avslag på å la tanksa bli sende til Ukraina, og annonserte at dei var, førebudde på å hasteekspedere 14 av sine eigne Leopard 2 tanks til Ukraina i nær framtid. Når ein kombinerer desse med dei 14 Challenger 2 tanksa som britane lovar, ville Ukraina få 28 av dei 300 tanksa dei sa dei trengde for ein komande offensiv [no grovt rekna 58 med USA sine Abrams].

Om vi ser bort ifrå numeriske avvik og vedlikehaldsvanskar, verkar NATO-politikarane ganske nøgde med det dei fekk til på Ramstein. Britanes Forsvarsminister Ben Wallace sa i ein tale til parlamentet :

«Det internasjonale samfunnet skjøner at det å ruste Ukraina til å presse Russland ut av territoriet sitt, er like viktig som å ruste dei til å forsvare det dei allereie har. Dagens pakke er ein viktig auke i Ukrainas kapasitet. Det betyr at dei kan gå frå å gjere motstand til å kaste russiske styrkar ut frå ukrainsk jord.»

Wallace ser ut til å ignorere at ved å styrke Ukraina så dei kan kaste russiske troppar ut av det som – etter annekteringa av dei fire tidlegare ukrainske territoria (Lugansk, Donetsk, Saporosje og Kherson) sist september — er ein permanent del av Den russiske føderasjonen, vil NATO potensielt skape tilhøva for at Russland formelt kunne ta i bruk atomvåpen. Dei tilhøva ville vere akkumulasjonen av konvensjonell militærmakt i stand til å true Russlands eksistensielle overlevnad, noko Russland ville måtte forsvare seg mot.

Men Russland har ikkje ignorert dette. Etter at Ramstein-kontaktgruppa hadde fullført møtet sitt, fortalde Kreml-talsmann Dmitry Peskov til nokre journalistar at «Dette er potensielt ekstremt farleg, det vil bety å bringe konflikten til eit heilt nytt nivå, som sjølvsagt ikkje vil varsle godt for den globale og pan-europeiske tryggleiken.»

Senior russiske tenestemenn braut inn i samtalen på sosiale medium. Anatoly Antonov, Russlands ambassadør tilUSA, erklærte på Telegram-kanalen sin at:

«Det bør vere klinka klart for alle – vi kjem til å øydelegge alle våpen som blir leverte til Zelensky sitt regime, enten dei kjem frå USA eller NATO. Det er sant no, slik det var sant under Den store patriotiske krigen. Tilsynekomsten av tanks som ber nazi-symbol på tidlegare sovjetisk jord, gjer at vi utvetydig set oss som mål å styrte det nynazistiske regimet i Ukraina og skape normale tilhøve, slik at nabolandas folk i regionen kan leve fredeleg, slik som i gamle dagar.»

Dmitri Medvedev, ein tidlegare russisk president og nær rådgivar for Russlands president Vladimir Putin, la til på Twitter at dei som promoterer eit russisk nederlag risikerer å sleppe laus global ruin.

«Ingen av dei forstår at ei atommakts tap av ein konvensjonell krig kan føre til ein kjernefysisk ein. Atommakter har ikkje blitt slått i store konfliktar som er kritisk viktige for lagnaden deira.»

Konsekvensar for Ukraina

Men realiteten er at konsekvensane av arbeidet til Ramstein-kontaktgruppa vil bli langt meir ugustig for Ukraina enn for Russland.

Under press frå Vesten om å utføre ein storoffensiv designa for å kaste russiske styrkar ut av territoria dei tok i fjor, vil general Zaluzhnyi måtte ofre alle reservar han greier å samle ihop etter Ramstein, for å engasjere seg i fåfengde angrep mot ein russisk opponent som er svært ulik den Ukraina møtte i september og oktober i fjor.

Då var ein gjenoppbygd ukrainsk armé – støtta opp av NATO-utstyr, trening og operasjonell støtte for titals milliardar dollar – i stand til å dra fordel av ’overstrekte’ russiske styrkar til å ta tilbake svære porsjonar av territorium i Kharkov og Kherson.

I dag er Russlands militære nærvær i Ukraina milevidt unna det det var på hausten i 2022. Etter avgjerda til Putin i september 2022 om å mobilisere 300 000 reservistar, har Russland ikkje berre konsolidert frontlinja i austre Ukraina, der dei har inntatt ei meir defensiv stilling, men også forsterka styrkane sine med kring 80 000 mobiliserte soldatar, og late Russland halde oppe offensive operasjonar i Donetsk-regionane samtidig som dei forsterkar forsvaret i Kherson og Lugansk.

Frå den 24. februar gjennom hausten 2022 avveik Russland betydeleg frå korleis dei formelt utfører væpna konfliktar. Framover vil Russland føre krigen etter boka. Forsvarsstillingar vil bli lagt på ein måte som er designa for å nedkjempe eit organisert NATO-angrep, både med omsyn til soldat-tettleik langs frontlinja, men også i djubden (noko som mangla i Kharkov-offensiven i september 2022) og med nok dedikert eldstøtte (igjen noko som mangla i september 2022).

Som general Zaluzhnyi sjølv innrømde: Ukraina har ikkje nok styrkar til oppgåva. Sjølv om Ukraina hadde vore i stand til å konsentrere alle dei tre brigadane med menn og materiell som er i røyrleidninga etter Ramstein-kontaktgruppemøtet på éin plass på same tid, så ville dei rundt 20 000 soldatane det representerer vere ute av stand til å bryte ein russisk forsvarsstilling lagt ut på formelt vis.

Ukraina og NATO bør gi akt på historielærdommen som Petr Bystron presenterte for sine tyske parlamentarikarkollegaar – tyske tanks gjer det historisk sett ikkje bra mot russiske tanks på ukrainsk jord.

Og Ben Wallace og Mark Milley bør gi akt på slagordenen til dei russiske styrkane som står imot den ukrainske arméen, særleg rundt dei kritiske slagmarkene i og rundt den strategisk viktige byen Bakhmut. Der er soldatar som tilhøyrer den 8. gardearméen klare for å halde fram, etter tradisjonen til Vasilij Tsjujkov sine heltar av Stalingrad og Berlin, med å øydelegge dei fascistiske styrkane på slagmarka.

Om ikkje våre dagars soldatar av den 8. gardearméen får oppføre ein ny generasjon tanks på utstilling i Berlin Tiergarten, så kan du vere viss på at dei fullt ut kjenner sin historiske arv og kva som er venta av dei.

Dette, meir enn noko anna, er det sanne uttrykket for Ramstein-effekten, ein relasjon av årsak og verknad som Vesten verkar å enten ikkje vere i stand til eller ikkje er villige til å skjønne før det er for seint for dei titusentals ukrainske soldatane som er i ferd med å ofre liva sine på alteret til nasjonal hybris og ignoranse.

*

Scott Ritter var tidlegare etterretningsoffiser i U.S. Marine Corps som hadde teneste i tidlegare Sovjetunionen, der han arbeidde med implementering av våpenkontrollavtalar, i Den persiske golfen under Operation Desert Storm og i Irak, der han hadde tilsyn med avvæpning av masseøydeleggingsvåpen.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 052 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Thierry Meyssan

Løgnens Vitenskap Moderne propaganda

Previous Post

New Zealand-studie:

Mange med nyreskader etter Pfizer-vaksinen

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.