Russland tar i bruk MiG-31 som respons på USAs super-hangarskip i aust-Middelhavet
Av Drago Bosnic



Posta på kolozeg den 19/10/2023
Konflikten mellom Israel og Gaza eskalerer. Med den forventa innblandinga frå ulike regionale makter, laut også globale makter blande seg inn etter at USA sende inn ein massiv marinestyrke til det austre Middelhavet. Og det inkluderer no Russland, som bestemde seg for å sende sine superraske, høgtflygande MiG-31-jetfly til å patruljere Svartehavet. Den 18. oktober kunngjorde Russlands president Vladimir Putin at dei russiske luftstyrkane (VKS) ville utplassere MiG-31K/I (interseptor-fly modifiserte til kampfly) væpna med 9-A-7660 «Kinzhal» hypersoniske missil (vanlegvis kalla Kh-47M2; av Vesten kalla AS-24 eller «Killjoy») somrespons på at USA har utplassert sine marinestyrkar i stor skala. Sjølv om dette ikkje (enno) indikerer at jetflya er i kampteneste for å takle ei mogleg involvering frå dei US-amerikanske styrkane, så er “Kinzhals” rekkevidd og fart rikeleg nok til å true flåten til USA.



Når no USS “Dwight D. Eisenhower” Nimitz-klasse super-hangarskip (CVN-69) sluttar seg til USS “Gerald R. Ford” (CVN-78), så har US Navy no to angrepsgrupper av hangarskip (carrier strike groups, CSGs) i det austre Middelhavet. Saman kan desse fartøya bere oppimot 180 luftfartøy, i tillegg til andre skip som eskorterer dei som del av CSG’en. Denne massive styrken er ein trussel mot Russlands allierte i regionen, særleg Syria og dermed Moskva sine styrkar som er utplasserte i dette landet i Midtausten.
MiG-31-flya, som er utstyrte med Kinzhal-missil og flyg over Svartehavet, dekker heile aust-Middelhavet utan å kome i nærleiken av USAs CSG’ar. Sjølv om estimata varierer betydeleg, så har Kinzhal ei rekkevidd på oppimot 2000 km, noko som betyr at angrepsflya MiG-31K/I har kapasitet til å skyte ut dei hypersoniske missila frå langt utanfor rekkevidda til USAs skipsbaserte luftvernsystem, avskjerarar og liknande.
Ein bør merke seg at USAs marine også har sendt amfibie-angrepsskipet USS «Bataan» (LHD-5) (av Wasp-klassen) med 26. Marine Expeditionary Unit (SOC – Special Operations Capable) og ytterlegare marinestyrkar. USS Bataan kan også bere opptil 20 luftfartøy og vidare forsterke det allereie massive US-amerikanske nærværet i området. I tillegg har den 26. MEU minst 1600 marinesoldatar, med kapasitet til ein full kampstyrke på opptil 2400. Ved sidan av desse har Pentagon utplassert mellom anna A-10 “Thunderbolt II” angrepsjetfly, F-15E “Strike Eagle” angrepskampfly og B-1B “Lancer” langtrekkande bombefly. Sistnemnde vart sende ut frå heimebasen iTexas den 12. oktober og framskote utplasserte på Fairford airbase, flyplassen til RAF (Royal Air Force) i Storbritannia. Derifrå kan kan dei fyre av garde Lancer-missil over Midtausten og andre stadar, og true minst eit halvt dusin land i regionen.



Som før nemnd, er alle dei før nemnde (militære) ressursane ein trussel mot dei russiske styrkane som er utplasserte i området, så vel som mot Moskvas allierte, særleg Syria. Ein bør merke seg at dei styrkane som Washington DC så langt har sendt, er totalt unødvendige mot Hamas. USAs president Joe Biden har sjølv slått fast at Israel har «ein av dei beste kampstyrkane», og at dei er meir enn kapable til å takle Hamas. Altså er det berre éin logisk konklusjon å dra for Russland, Iran og andre land i Midtausten – dei nyleg utplasserte US-amerikanske styrkane er der av andre grunnar. Utplasseringa fell også saman med aktivitetsauken til NATO-støtta terrorist-grupper i Syria. Det gjeld særleg Tyrkia-støtta jihadistar som no eskalerer sine illegale aktivitetar i Syria, spesielt i den terrorist-okkuperte delen av landet, der dei kan starte offensive operasjonar frå.
Washington DC skulle godt kunne bruke Israel-Gaza-konflikten som påskot til å angripe Syria, eller i det minste iranske og pro- iranske styrkar i regionen, noko som kunne djupt destabilisere Damaskus. Moskva har forplikta seg til å forsvare Syria, ikkje berre fordi dei har strategisk viktige millitære fasilitetar der, men og fordi NATO uunngåeleg ville forvandle det uheldige landet til endå ein arnestad for terrorisme dersom president Bashar al-Assad skulle bli styrta. It Ein bør heller ikkje gløyme at Tyrkia også er djupt involvert i dette, trass i retorikken deira om at dei fordømmer det Israel no gjer i Gaza. Og medan Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan ope rasar mot Israelsstatsminister Benjamin Netanyahu, så beheld dei to landa sine nære band i kulissane. Viss Ankara hadde hatt palestinarane sine interesser i sinne, ville dei ikkje ha koordinert terroristgruppene dei støttar for å eskalere i Syria.
Når det gjeld det russiske militæret, så er deira utplassering av Kinzhal-utstyrte MiG-31 eit førsteklasses døme på korleis ein svært liten styrke kan levere ein massivt asymmetrisk fordel over mykje større US-amerikanske styrkar. Missilets ekstreme fart på oppimot 12 Mach (eller kanskje endå høgare) er eit nesten uoverkomeleg hinder for kva luft- eller missilforsvarssystem som helst. Dei gjentatte påstandane frå propagandamaskineriet til hovudstraumsmedia, om at Kiev-regimets styrkar skaut ned minst eit halvt dusin “Kinzhals”, så er bevisa for dette enten ikkje-eksisterande eller rett og slett latterlege. Men det russiske hypersoniske missilet øydela minst eitt batteri av det opphaussa US-amerikanske “Patriot” SAM (surface-to-air missile) bakke-til-luft-systemet tilbake i midten av mai. Seinare har Kinzhal blitt gjort lettare tilgjengeleg for VKS, ettersom også deira Su-34 supersoniske, multirolle bombefly no kan bruke dei.
Skrive av Drago Bosnic, uavhengig geopolitisk og militær analytikar
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 820 ganger.
1 kommentar. Leave new
Tredje verdenskrig ligger rett foran oss men den blir ikke slik vi tror for dette er kordinert til å skape den frykt og flyktningestrømmer som skal til for å skape kaos og anarki over alt og ikke minst økonomisk kollaps. Da kommer det 4 presidenter «på banen» som stopper krigen og innfører en VERDENSREGJERING som garanterer Israel fred så de kan rive muren. Med andre ord et VERDENSDIKTATUR med ett elektronisk pengesystem som gjelder over hele verden og der ingen kan kjøpe eller selge uten å ha denne appen på telefonen. Det samme gjelder helsetjenester og alle reiseaktivitet. Like før Jesus kommer tilbake til Jerusalem for å starter 1000 årsriket kommer Russland til å sende en «STOR RAKETT» til Saudi Arabia. Dette er det som jeg så i 4 syn i 1988. Tiden får vise om det skjer. Det første synet er allerede gått i oppfyllelse og det var Covid svindelen som har ført til mange tapte menneskeliv og flere blir det som et resultat av innholdet i mange av sprøytene. Debatten med Solvang den 19 oktober 2023 kl. 21.20 bekreftet hvilke lystløgnere som får taletid i beste sendetid. Planen er altså å ødelegge immunforsvaret til flest mulig mennesker i «den gode saks tjeneste» MED TVANG. Om ikke VI stopper disse løgnerne og massemorderne blir dette en virkelighet innen mai 2024. Takk for oppmerksomheten.