POSTED IN Endring av politikken

Polen skal ha valg.

Da må Ukraina-støtten stoppes selv om det rammer Nato.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

HAR POLEN NETT TORPEDERT NATO OG UKRAINA?

20 September 2023 av Larry Johnson

Det ser i alle fall slik ut. Det franske pressebyrået AFP rapporterer at:

Polen vil slutte å væpne Ukraina og fokusere på sitt eige forsvar, seier Polens statsminister Mateusz Morawiecki på onsdag, nokre timar etter at Warszawa kalla inn Kievs ambassadør midt i ei trette om korneksporten.

For å sitere Andrei Martyanov: WOWSER! Hugs kollapsen til Kakhovka-demninga i Ukraina på morgonkvisten den 6. juni 2023, som forårsaka omfattande flaum langs breiddene av nedre Dnepr? Dette er verre. Dette kan forklare det sure fjeset på Zelensky, crew’et hans og både John Kerry og Antony Blinken i går hos FNs generalforsamling under Bidens fæle tale.

Har den ukrainske delegasjonen nettopp hørt om Polens helomvending?

Visst var talen til Biden fæl, men den var ikkje så katastrofal at den skulle framkalle slike miner av motløyse og sinne. Eg trur det ukrainske/US-amerikanske crewet bekymrar seg over truande nytt frå Polen.

Dei første presse-rapportane sa at Polens leiar, Duda , hadde kansellert eit planlagt møte med Zelensky, ettersom Polen dreiv og samla ihop ein koalisjon av europeiske nasjonar for å få utvida forbodet mot ukrainsk korneksport. Pressebyrået Associated Press skreiv:

Polske leiarar har samanlikna Ukraina med druknande person som skadar hjelparen sin og trua med å forlenge eit forbod mot matprodukt frå det krigsherja landet.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyy på si side, sa at EU-allierte som forbyr import av korn frå landet hans hjelper Russland.

No uttrykker polske tenestemenn, som prøver å vinne parlamentsvalet neste månad med hjelp frå røystene til bøndene, uro over nokre av dei siste trekka til Ukraina, inkludert ein klage til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) på forbodet til Polen og to andre EU-land mot ukrainsk korn.

No aukar Polen presset ved å sette stopp for våpenleveransane til Ukraina. Det er uvisst om dette også vil inkludere eit forbod for andre NATO-land mot å bruke Polen som transitt-knutepunkt for NATO-våpen. Eit anna kritisk spørsmål – Kva betyr dette for USA sine soldatar i Polen? Med mindre det skulle oppstå nokre høgprofilerte valdtekter eller slåsskampar med amerikanske soldatar i Wroclaw, Polen, mistenker eg at polakkane vil ønske å ha dei der som ei slags forsikring.

Dette markerer den første betydelege hendinga der innanrikspolitikk – denne gongen i Polen – underminerer støtte til NATO sin plan om å påføre Russland ein langvarig krig.

Uansett, viss du tvilar på at USA er land nummer éin i verda når det gjeld militære «intervensjonar», sjå berre på denne rapporten frå U.S. Congressional Research Service, Instances of Use of United States Armed Forces Abroad 1798 – 2023 (Tilfelle der USAs væpna styrkar har blitt brukte i utlandet i åra 1798 – 2023). Sidan 1991 har USA starta fleire enn 200 militære operasjonar i framande land. Russland og Kina kombinert har vore involvert i færre enn 20 slike aktivitetar. Berre tenk på desse tala neste gong du høyrer ein USAnsk politikar utbasunere om dei imperialistiske ambisjonane til Russland og Kina. For det er sant som komikaren Jeff Foxworthy sa: viss du startar i gjennomsnitt 9 invasjonar av andre land i året, så er du kanskje ein imperialist.

Omsett (og forenkla) av Monica Sortland

Originalversjonen (på frodig amerikansk) finn du her: https://sonar21.com/did-poland-just-torpedo-nato-and-ukraine/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    23 september 2023 18:06

    At Polen tek ein våpen-pause er sikkert godt nytt for Kongsberg Gruppen og norske aksje-handlarar både på utsida og innsida.

    Takk og pris til Monica Sortland for teft og innsats!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ukraina taper.

Er Dagbladet på gli?

Forrige innlegg

Gjør det noe

om inhabile behandler vedtak?
Når vedtaka likevel gjelder?
Like godt oppheve habilitetsreglene?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.