POSTED IN Endring av politikken, Helse

Narrespelet held fram.

No er det mustasjonar vi skal frykte.

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Korona-narrespelet inn i den tredje bølgja

av Gunnar Sortland

5 januar 2021

I dag, 5. januar, får vi opplyst om 531 nye smittetilfelle, 129 innlagt på sjukehus og 13 nye dødsfall grunna koronaen.

Dette er ein situasjon vi har hatt mest heile hausten.

Men no har viruset mutert visstnok i Storbritannia. Og det skal visst vere mykje meir smittsamt. Først blei det nemnt 70% meir, men seinare korrigert til 40%. Til slutt ender det vel opp med 0%.

Det er mange måter å skremme på.

Helsedirektoratet og regjeringa har fått panikk for at den tredje bølgja kjem til å bli så voldsom at ein mistar kontrollen. Så no tyr dei til enda meir innskrenking av folk sin fridom. Ingen må vitje kvarandre i heimane, bortsett frå dei einslege som kan få løyve til å ha to nære vener på besøk.

Kun 5 kan vere saman ute. 200 kan vere på ulike arrangement utandørs og 600 viss stolane er fastmontert.

Skular og høgskular er på raudt nivå og lyt undervise digitalt. Bl.a. helsestudio og basseng blir stengt.

For vel eit år sidan omkom ca 900 av influensa og i forfjor ca 1500. Då reagerte ikkje styresmaktene med tiltak i det heile tatt. NRK, TV2 og dei store avisene nemnde det knapt.

Og kvifor skulle dei det? Sesonginfluensa er noko som menneskeslekta har slite med til alle tider.

Så kvifor erklærte WHO denne influensaen å vere ein pandemi? Kan det ha med det å gjere at organisasjonen er blitt avhengig av tilskota dei får frå nokre av dei rikaste kapitalkreftene i verda, som til dømes Bill Gates?

World Economic Forum (WEF) har klekt ut denne geniale ideen om Lockdown fordi dei visste at den største økonomiske krisa nokosinne ville råke verdsøkonomien. WEF vil gjennomføre The Great Reset som m.a. går ut på at nasjonale grenser må vekk, full privatisering av mest heile offentleg sektor og skipe ei verdsregjering gjennom SN. (FN)

Så til dei som synest at Solberg-regimet gjer ein god jobb med å berge menneskeliv: Tenk dykk om.

Nedstenginga av Noreg har kosta fleire hundre milliardar kroner. Den beste kreftmedisinen som kan forlenge livet kostar ein million kroner, men denne blir ikkje nytta grunna prisen. Dei fleste landa i Europa brukar denne medisinen.

Kor mange vil døy av tiltakene?

Kva gjer opposisjonen på Stortinget for å stogge dette narrespelet? Svaret er INGENTING.

Alle partia, AP, SP, SV, MdG og Raudt, røysta alle for at Erna-regimet fekk løyve til å styre ved dekret. Viss opposisjonen ytrar seg, så etterlyser dei fleire tiltak.

Opposisjonen burde jo gått kraftig til angrep på regjeringa si nedstenging av samfunnet. Forstår dei ikkje dei imperialistiske kreftene eller er dei redde for å miste stemmer? For dei veit at MSM ville ha kasta seg over dei som ville hundar og 80% av folket er skremt inn på geledd, så det hadde blitt ei gedigen faneflukt.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 238 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • » 80% av folket er skremt inn på geledd».

    Og når man er nok skremt slutter man å tenke.
    Ville de som døde på sykehjemmet dødd uansett i år? Hvor gamle/syke var de?
    Hvor mange dør hvert år til enhver tid på sykehjemmet, var det færre døde i fjor og derfor naturlig flere i år? ( F.eks. )

    ‘ Fram til desember hadde ikkje sjukeheimen opplevd nokon smitta, men på kort tid fekk fleire frå same avdeling påvist covid-19. Då utbrotet starta var det 25 bebuarar på avdelinga, no har nesten halvparten av desse mista livet.
    https://www.nrk.no/osloogviken/storste-sjukeheimsutbrotet-sa-langt-1.15312300

    Og/eller:
    ‘ — På norske sykehjem dør det i gjennomsnitt 350 til 400 personer per uke. Mange av dem som bor på sykehjem har alvorlige underliggende sykdommer, som kols, hjertesvikt, demens, slag,..’
    https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/zgMMvv/legemiddelverket-flere-kommer-til-aa-doe-med-ikke-av-vaksinen

    Svar
  • Kjell Aasen
    10 januar 2021 0:39

    Nå må man jo anerkjenne at Norge er avkristnet – da iler nye guder til dom WHO og WEF og får full politisk og dermed full media oppbakking. Ala NATO – politikere og journalister er den desidert største gruppen innen faget prostitusjon.

    Svar
  • Erling Olsen
    13 januar 2021 1:58

    Noen som har lest om Agenda 21 eller Agenda 20 -30,dette blir omtalt som konspirasjonsteori.. men ser mer ut som det kan gå i oppfyllelse..omtale av disse ellementene blir fort tatt bort fra nettet..

    Svar
  • Øystein Bentzen
    13 januar 2021 10:06

    Det er ikke bare i USA at konspirasjonsarkitekter og penneføre noksagter organiserer seg. Gunnar Sortland synes å ha samme kunnskapsnivå om immunologi som den avgående amerikanske presidenten. Kronikken over føyer seg inn i rekken av distribuert idioti, og kan ikke karakteriseres som annet enn en patetisk form for geriatrisk selvskading.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Klimaet:

Temperaturen har lenge vært utrolig jamn på jorden.

Previous Post

Konflikten Russland vs. Ukraina:

Går det mot innlemming av Donbass i Russland?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.