Av Hans Olav Brendberg
Russlands invasjon av Ukraina i februar tok dei gode løysingane bort frå menyen. Vi står igjen med dårlege løysingar – men om dårlege løysingar er det ein har å velja i, må ein likevel gjera val. Å ikkje velja kan føra til enno verre utfall.
Henry Kissinger har snakka til leiarane som er samla i Davos. Hovudbodskapen?
* Ukraina burde godta russiske krav, og avstå territorium.
* Om ikkje forhandlingar byrjar snart, vil det blir store uro og ustabilitet.
* Det bil bli fatalt for vest om ein let seg føra bort av «stemninga i augneblenken».
Kissinger vona også at «ukrainarane ville syna like mykje visdom som dei har synt mot».
Eg meiner Kissinger treff godt. Ukrainarane har til no vist seig motstandsvilje – og ikkje vorte audmjuka. No byrjar forsvarslinene i Donbass å gje etter, og landet tek truleg store tap berre for å halda det gåande. Det er betre å forhandla før ein har fått større omringingar i Donbass, og medan hæren framleis er i stand til å slåss.
Kvifor bør Ukraina forhandla seg fram til ein dårleg fredsavtale? Avdi alternativa er dårlegare. Det har alltid – sidan uroen i Ukraina byrja med «oransjerevolusjonen» i Ukraina i 2004 – vore slik at Russland sit med siste kort i alle spel om å eskalere konflikten i Ukraina. Dette er realitetar det ikkje finst noko fluktrute bort ifrå. Krigen har berre stadfesta dette. Lengre krig vil ikkje gje noko anna utfall.
Eg la i går ut opptaket frå Munk-debatten mellom John J. Mearsheimer, Stephen Walt, Michael McFaul og Radowan Sikorski.
Mange har drege fram ei replikkveksling i denne debatten – etter 1 time og 9 minutt – mellom Stephen Walt og Michael McFaul.
Replikkvekslinga får på utmerka vis fram kva som ligg bak krigen. Walt slær fast at USA gong etter gong slo fast at døra til NATO stod open, gjennom heile 2021. Medan Walt snakkar, kommenterer ambassadør McFaul «trudde du på det», og når Walt spør direkte: «Laug diplomatane våre», svarar McFaul, «Ja, sjølvsagt. Det er den verkelege verda. Kom an.»
Walt følgjer opp: «Diplomatane lyg, og så skal russarane tru på dei når dei gjev forsikringar»?
Dette viser det grunnleggjande problemet i Ukraina-politikken. Det har aldri vore meininga at Ukraina skulle bli ein del av NATO – dei har vorte brukt som fotball i det interne maktspelet mellom Russland og vesten – og internt i den vestlege alliansen. Difor har USA hatt ein politikk med dobbel botn: Ein til å villeia folk offentleg (NATOs «opne dør»), og ein internt (sjølvsagt vil ikkje Ukraina bli med i NATO). Denne sjongleringa med eit dobbelt sett med politikk er typisk for vestlege elitar nett no. Som Hillary Clintons «America is great/basket of deplorables», som den jungelen av tomme løfte og dolking i rygget som Varoufakis skriv om i «Adults in the room».
For Zelensky har denne dobbeltbotna politikken vore katastrofal. Det Zelensky trong for å følgja opp valløfta om avspenning og avvikling av konflikten i aust var at dei vestlege landa sa ope kva som var realitetane – at Ukraina ikkje ville bli med i NATO. Hadde Zelensky hatt slik ryggdekning, kunne han manøvrert unna krigen. I staden vart han plassert «between a rock and a hard place», som dei seier i England.
2014 – Ein samansett sak
Opprøret i Donbass i 2014 var ein samansett sak – med alt frå nasjonalistiske romantikerne som Strelkov til genuin, folkeleg protest mot år med vanstyre. Dette var årsaka til at russarane ikkje berre kunne plassera Janukovitsj i spissen for opprøret – som den siste legitime presidenten i Ukraina. For den korrupte Janukovitsj var politisk uspiseleg i Donbass, og som Maidan-opprøret var opprøret i Donbass retta mot det generelle vanstyret i landet – og det oligarkiet som også Putin hadde manipulert.
Putin gjekk aldri heilhjarta inn for å støtta dette opprøret – sjølv om han gav nok støtte til at det ikkje kunne knusast militært. Det finst teoriar om at det var russarane – ikkje Kiev – som tok livet av Zakarchenko i 2018. Eg har aldri sett prov for dette, men eg utelukkar det heller ikkje. Eg oppfattar Zackarchenko som ein oppriktig talsmann for eit folkeleg opprør – og det kan godt henda at det var fleire enn Kiev han var plagsom for. Vi bør ikkje laga glansbilete og blindsoner.
Den delen av Ukraina Putin ville ha var Krim – som kunne sikrast i eit blodlaust kupp med massiv støtte på halvøya. Donbass var mykje farlegare territorium for ein forsiktig politikar som Putin. Putin skaffa seg uansett ein posisjon der han kunne diktera Donetsk og Luhansk – uansett kven som stod bak drapet på Zakarchenko. Og Putin ville ha forhandla om han kunne fått den tingen som definerte dei russiske «raude linene» i Ukraina: ukrainsk nøytralitet.
Men det var ein vare som ikkje var på tilbod. Motivet bak det vestlege «borte borte – titt tei»-spelet som i offentleg diskusjon er kjent som «NATOs opne dør» – og som var spørsmålet forhandlingane etter dei russiske utspela i desember braut saman på – var at NATOs opne dør gjorde at Zelensky ikkje hadde råd til å tilby nøytralitet som ein del av ei diplomatisk løysing med Russland. Og NB: Dette ville framleis vore ei løysing der Donbass-republikkane ville vore ein del av eit samla Ukraina.
Sikorski seier rett etter replikkvekslinga mellom Walt og McFaul at det å lukka NATOs opne dør ville vore «ein invitasjon til russisk aggresjon». Det er anten grovt uærleg – eller Sikorski er fundamentalt desorientert om det spelet han deltek i. Lukking av NATOs dør ville gjeve Zelensky ryggdekning for å forhandla om nøytralitet (som er kontroversielt i ukrainsk politikk so lenge døra formelt står ope). Ukrainsk nøytralitet ville gjeve Putin den eine tingen han måtte ha i ei forhandlingsløysing om Donbass.
Alt dette er sjølvsagt snøen som fall i fjor – dei gode løysingane er no øydelagt. Dei minst dårlege løysingane vil få form av å betala for open aggresjon – at Ukraina avstår territorium til det som no er republikkar utanfor eit samla Ukraina.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 465 ganger.
3 kommentarer. Leave new
Sikorski bärer blågule farger,det er der hans lojalitet ligger,ja også i lommeboka selvsagt.
Spennende er det også at selve sjuende far i huset,mr Kissinger spiller fredsapostel,den karen hadde jeg ikke trodd ett eneste ord han spyr ut av seg,den mannen snur ikke.
Når du er mellom «BANKEN og Verdens folk,da velger folk tvangsbanken,det er slik tyranniet virker.
Henry Kissinger og John Mearsheimer sier begge at alle de tre landene Finland, Hviterussland og Ukraina bør være nøytrale for å redusere faren for atomkrig. Men ingen i USAs ledelse hører lenger på hva de sier.
Ronald Reagan og Gorbatsjov inngikk i 1987 INF-avtalen om bla forbud mot landbaserte mellomdistanse raketter. Avtalen brøt sammen i 2019, deretter har ingen brydd seg om å inngå en ny slik avtale. Nå er det fritt fram å utplassere mellomdistanse raketter i hele Europa. Og om to år har USA produsert hypersoniske raketter og kan utplassere disse i Europa (raketter som ikke kan skytes ned av motparten, Russland og Kina har allerede slike raketter, bla utplassert i Kaliningrad)
På sikkerhetskonferansen i München i 18-20 februar 2022 trakk Zelensky Ukraina ut av Budapest-avtalen (memorandum) hvor det har vært forbudt for Ukraina å utvikle atomvåpen.
Noe av det første Russland gjorde da de gikk inn i Ukraina 24 februar var å sjekke om Ukraina drev med utvikling av atomvåpen på Tsjernobyl og på andre atomkraftverk i Ukraina (trolig fant de ingen ting). Det at Zelensky trakk Ukraina ut av Budapest-avtalen må sikker ha vært klarert/avtalt med USA på forhånd.
Og den ukrainske forhandlingslederen i de pågående forhandlingene mellom Russland og Ukraina i Hviterussland ble mishandlet og drept på gaten i Kiev da han kom tilbake til byen. Drapet ble utført av nazistisk dødsskvadron som dreper alle politikere de ikke liker. Zelensky skal selv ha blir truet om å bli drept og hengt opp i et tre i Kiev av disse hvis han er for ettergivende.