POSTED IN Diverse

Med andre briller:

Kortnyheter fra hele verden.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jens Stoltenberg i Kiev

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg vart tatt imot i Kiev av Ukrainias president Volodymyr Zelensky. På pressekonferansen etter møtet, sa han: «La oss ha det klart føre oss: Ukrainas plass er i den Euro-Atlantiske familien (…) NATO er på dykkar side i dag, i morgon og så lenge det trengst (…) På same måten som russisk aggresjon forårsaka negative og svært smertefulle global konsekvensar, bør den ukrainske sigeren bringe verda nye sikkerheitsstandardar, ei ny erfaring av felles aksjon og økonomisk potensial, nye moglegheiter til å bygge og forsvare – saman.» 

Brotsverk blant franske leigesoldatar i Ukraina 

Russlands Kommisjon for etterforsking av brotsverk gjort i Ukraina, sa dei hadde identifisert franske leigesoldatar blant dei som myrda 25 russiske krigsfangar. Dei skal ha handla som ein del av Azov-bataljonen og 92. brigade av Dei ukrainske væpna styrkane. Granskingskommisjonen vil finne ut nøyaktig kva som skjedde for å bringe dei involverte for retten.

Det er 8000 utlandske leigesoldatar ved den ukrainske fronten, hovudsakleg polakkar, US-amerikanarar, canadiarar, rumenarar og britar.

Ifølge FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCH) Volker Turk of Austria, rettsforfølger ikkje Ukraina sine soldatar som har gjort dokumenterte krigsbrotsverk. Under fransk strafferett blir leigesoldat-aktivitet straffa med 5 år i fengsel og forbod mot borgarrettar, sivile- og familierettar (§ 436). Både leigesoldatar og regulære soldatar må stillast til ansvar for brotsverk som tortur og drap på fangar. Dei kan då få livstids fengsel.

Global auke i våpenbudsjetta

Ifølge fredsforskningsinstituttet Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI), auka den globale bruken av pengar på våpen med 3,7% i 2023, til $2,24 billionar. Denne auken blir forklart med den væpna konflikten i Ukraina. Det gjeld hovudsakleg europeiske statar: Finland med 36%, Litauen med 27%, Sverige med 12% og Polen med 11%; og det bringer desse landa tilbake til dei nivåa dei hadde under den kalde krigen.

Dette er den største auken sidan Sovjetunionen vart oppløyst.

EU mot online desinformasjon og hat 

Frå august av vil EU plassere 19 sosiale nettverk, kvart med over 45 millionar brukarar, under overvaking for å sikre at dei effektivt motarbeider desinformasjon og hat. Dei som bryt reglane vil kunne få bøter på opptil 6% av omsetninga.

Varslar anklagar statsadvokat for å lyge for å beskytte Hunter Biden

Hunter Biden

Ein varslar innan USAs skatteetat (IRS) har trekt i tvil vitnemålet (under høyringane om Biden-saka) til statsadvokat Merrick Garland. Han skuldar han for løgn for å bagatellisere brotsverka til presidentens son, Hunter Biden. Han skal ha tatt imot politiske instruksar om å ikkje etterforske saka til Hunter Biden meir.

Merrick Garland har vore under sanksjonar frå Russland sidan april 2021. Moskva skuldar han for å ha validert falske skuldingar om 10 russiske diplomatar for å få dei utvist.

USAs utanriksdepartement motseier Det kvite hus om tilbaketrekkinga frå Afghanistan

Leiaren for Husets Foreign Affairs Committee Michael T. McCaul avslørte eksistensen til ein intern rapport av utanriksministeren om Kabuls fall, som legg skulda på både Trump- og Biden-administrasjonane. Han sa at den fulle rapporten underminerer det 12-siders dokumentet som Det kvite hus nyleg sleppte, som prøvde å gi inntrykk av at Bidens avgjerd var den einaste rette, etter at Trump hadde utløyst tilbaketrekkinga. Michael T. McCaul bad om at den interne rapporten måtte offentleggjerast. 

Kina styrkar lovgivinga si mot cyber-spionasje

Ein komité av Kinas Nasjonale folkekongress har godkjend eit forlag president Xi Jinping om å reformere lova om kontraspionasje. Cyberangrep mot statlege organ og kritisk viktige informasjonsinfrastrukturar skal inkluderast. Internett-tenesteleverandørar (ISP’ar) skal måtte assistere kontraetterretningsautoritetar og rapportere om potensielle problem. USAs National Security Agency (NSA) har tatt kontroll over delar av Kinas telekommunikasjonsnettverk etter å ha hacka seg inn i statsfinansierte universitet, skriv Global Times. Det er uklart om Kina har greidd å rydde opp i nettverka sine.

Snikmord i Myanmar med CIA-assistanse 

I Yangon har Folkets forsvarsstyrkar tatt livet av visegeneraldirektøren for den burmesiske valkommisjonen, Sai Kyaw Thu. Lite er kjent om Folkets forsvarsstyrkar, anna enn at dei presenterer seg sjølve som den væpna greina av eit mystisk, CIA-støtta nettverk kalla «Government of National Unity». Desse styrkane prøver å sabotere dei komande vala, samtidig som dei kallar seg pro-demokratiske.

Sudans eks-president har forsvunne frå fengsel

Fengselet som tidlegare president Omar alBashir sat i, vart angripe. Han skal ha forsvunne saman med Abdel-Rahim Muhammad Hussein og Ahmed Haroun. Nokre meiner dei tre mennene har blitt overførte til eit militærsjukehus; andre seier dei har blitt frigjorde av mennene til «General» Mohammed Hamdan Dagalo (alias «Hemedti»). Omar al-Bashir er framleos ettersøkt av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) 

Burundis eks-statsminister arrestert 

Tidlegare statsminister Alain-Guillaume Bunyoni (2020-22) vart arrestert. Kva han er skulda for, er ikkje kjent. USA anklagar han for å ha ansvaret for borgarkrigen i 2015. Dei påla han sanksjonar frå 2015 til 2021.

Sikh-leiar arrestert

Leiaren for Punjab Sikh independence movement, Amritpal Singh vart arrestert. Politiet greidde å få han ut frå eit tempel utan bruk av makt. Amritpal Singh vart leiar for rørsla for opprettinga av “Khalistan” etter at skodespelaren Deep Sidhu døydde i ei bilulukke. 

Sikh-imperiet vart slått av det britiske i 1849. Men konfrontert med det engelske imperiet, og deretter India, vart det danna ei rørsle for å gjenopprette det til Punjab. I 1984 gav statsmnister Indira Gandhi ordre til “Operation Blue Star”, som hadde som mål å arrestere hundre pro-uavhengigheitterroristar som hadde forskansa seg i Golden Temple i Amritsar. Operasjonen, der også Sikh-soldatar deltok, enda i eit blodbad med over 500 døde, hovudsakleg pilegrimmar som var på staden. To månadar seinare vart Indira Gandhi drept av sine Sikh-sikkerheitsvakter.

Eks-president arrestert i Peru 

Perus tidlegare president Alejandro Toledo har blitt utlevert frå USA til Peru. Han er skulda for å ha mottatt muter på $20 millionar frå Brasilianske Odebrecht under konstruksjonen av den inter-oseanske hovudfartsåra. Alejandro Toledo var pro-USA og medlem av Spanias eks-statsminister José María Aznar sitt Friends of Israel Initiative

EU og Japan imot sanksjonsforslag frå USA

Avisa Financial Times skriv at EU og Japan på toppmøtet mellom G7s utanriksministrar i Japan forpurra ein US-amerikansk plan om å forby all eksport til Russland. Washington bad om at EU og Japan skulle innføre import-forbod for russisk gass og olje som var mykje meir restriktivt enn det USA sjølv praktiserer.

10 år med Den nye Silkevegen

Kina feirar 10-årsjubileum for sitt Belt and Road Initiative (BRI, også kalla Den nye Silkevegen). Gjennom denne perioden har dei signert meir enn 200 samarbeidsdokuments med 151 statar og 32 mellomstatlege organisasjonar. 

Voltaire, International Newsletter – N°38 – 28 April 2023

Eit ørlite utval frå Telegram:

Brukaren @Slavyangrad er særs aktiv. Her er eit knippe avkorta meldingar frå han:

Polen har blitt gitt carte blanche til å annktere vest-Ukraina.
[…]
Vrakdelar frå ein kryssarrakett treff ei blokk i Uman, i Ukrainas Tsjerkasy-region. Det skjedde då ukrainsk luftvern prøvde å skyte ned eit missil.
[…]
Eit missilangrep natta til 27. april på territoriet til eit verft i Nikolaev øydela kring 20 ukrainske og utlandske senioroffiserar som heldt eit møte der. Utlendingane var frå engelskspråklege land, fortel Sergey Lebedev, koordinator for Nikolaev undergrunn, til RIA Novosti.https://t.me/rian_ru/201125)
[…]
Ukrainas væpna styrkar sprengde sjølve sin opornik inne i eit fleiretasjars bygg ssør-vest i Bakhmut. Dei publiserte videoopptak frå drona si, noko som tydeleg viser at det var dei sjølve som sprengde bygget før retretten sin. #kjelde:https://t.me/naspravdiinfo/69772
Ein person døydde etter bombeangrep i Leninsky-distriktet i Donetsk. 11 andre sivile vart skadde. Denis Pushilin, fungerande leiar for DPR, rapporterer dette. Dei militante skaut mot ein barnehage, private hus og ei bustadblokk. https://t.me/+B6ixfOM5VkxhODQx @Slavyangrad
Europa-kommisjonen har blitt samd med fem EU-land om import av jordbruksprodukt frå Ukraina. «Europeiske bønder vil motta finansiell assistanse på 100 millionar euro, så vil autoritetane stoppe forbodet på import av ukrainsk kveite, mais, raps og solsikke,» sa visepresident Dombrovskis.
– Som ekspertar sa heilt frå starten av: alt oppstyret handla berre om å hanke inn litt pengar frå EU. (https://t.me/russianhead)
NY VIDEO: USA-finansierte frontar kaprar det komande valet i Thailand. Valet i Thailand vil bli ei øving i utlandsk innblanding, ikkje sjølvråderett. Valet skal gjennomførast i mai 2023. USA har investert tungt – ikkje berre i opposisjnsparti, men også i massive nettverk av media, juridiske og politiske organisasjonar som er finansierte av styresmaktene i USA via National Endowment for Democracy (NED); 
US government-finansierte iLaw hr vore ope involverte i støtte til USA-støtta opposisjonsgrupper, og dei speler no ei veksande rolle i sjølve valet. Målet er ikkje berre å få installert eit klient-regime for å reversere dei nære og veksande relasjonane mellom Thailand og Kina, men også å overskrive Thailands suverene institusjonar med proksyar som USA finansierer.https://youtu.be/3gKyYHWhmd4 (https://t.me/brianlovethailand)

Og eit par frå Twitter, den 30. april, 2023:

S.L. Kanthan

På denne dagen (30. april) i 1945 tok det russiske militæret over Berlin, og Hitler begikk sjølvmord. (Eller flykta han til Argentina?) Russlands Raude armé heisa Sovjetunionens flagg over Riksdagen i Berlin, sjølv om det ikoniske fotografiet vart tatt to dagar seinare.
Russland øydela 75-80% av det nazistiske militæret under Andre verdskrig. Men under Den kalde krigen skreiv USA om historia og kravde all æra sjølv for å ha slått nazi-Tyskland!
[…]

Narrativet om Amerika som redda verda frå nazistane eller fascistane, vitnar om den umåtelege makta til propaganda og hjernevasking. Hitler var berre eit verktøy for å slå den kommunistiske Sovjetunionen, som sjølv var eit ei oppfinning av globalistiske bankierar for å slå Russland!

Gjennom heile 1920-talet helte Vestlege bankar og storselskap enorme mengder pengar inn i Tyskland, som vart til ein ekstremt lukrativ Wall Street-koloni. I 1933 gjorde Storbritannia og Frankrike ei pakt med Hitler rett etter at han kom til makta. Fem år seinare fekk vi den vidkjente München-avtalen.
Og i dag er også den dagen amerikanarane vart kasta ut av Vietnam.


1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 860 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    3 mai 2023 9:15

    Kortnytt frå Osterøy: Bygdefolk har drive ferje Valestrandsfossen-Breistein sidan 1932. Aksjeselskapet har aldri betalt utbyte, men folk har fått transport, og arbeidarar har fått løn. (NRK Hordaland)

    Du ser lysare på livet når du høyrer om slike folk.

    Svar
  • Kortnyheter fra Norge/Nrk.:

    ‘Kjøttbruken på oljeplattformene vekker sterke reaksjoner’:
    nrk.no/vestland/krangel-om-middagstallerkenen-pa-norsk-sokkel-1.16394443

    30 milliarder til krig vekker tydligvis ingen reaksjoner:
    Det skal bli spennende å hva partiene i opposisjon’ ; Rødt, og kjøtt-kamp partiet MDG, reagerer på.

    ‘Forsvarskommisjonen meiner forsvarsbudsjettet bør auke med 30 milliardar kroner umiddelbart.’
    nrk.no/norge/forsvarskommisjonen-legg-fram-rapport-1.16395169

    Norges angreps-kriger mot Libya og Afghanistan kostet antagelig ‘ forsvaret’ vårt for mye.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det finnes psykologiske metoder.

Kan folk hjernevaskes?

Previous Post

Er det mer sannsynlig med borgerkrig?

Blir det valg i USA om et år?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.