POSTED IN Krig-fred, Ukraina, USA

Ukraina er det ikke, heller ikke USA.

Kina er nå på offensiven.

0
Print Friendly, PDF & Email

Ei helgeoppsummering — Kina, Ukraina og andre interessante ting

Av Larry Johnson 

Ei helgeoppsummering — Kina, Ukraina og andre interessante ting

29. april 2023 av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA-analytiker.

Eg brukar vanlegvis å halde meg til éi sak. Ikkje i dag. Det er mange ting som kanskje ikkje held til ein heil artikkel, men fortener merksemd og kommentarar.

KINA og UKRAINA — Dei Vestlege media misforstod fullstendig telefonsamtalen mellom Xi Jinping og Volodomyr Zelensky sist veke.  CNN-kommentaren er eit førsteklasses døme på feiltolking:

Ein lenge venta telefonsamtale mellom Kinas leiar Xi Jinping og Ukrainas president Volodymyr Zelensky på onsdag, har blitt ønska forsiktig velkomen i Washington og delar av Europa for sitt potensial til å auke dialogen mot å løyse Russlands brutale krig i Ukraina.

Den markerer og det hittil mest konkrete steget gjort av Kina for å ta på seg rolla som meklar som dei i fleire månadar har ymta om å spele.

Men den timelange konversasjonen, antakeleg den første mellom dei to leiarane på dei fjorten månadane sidan Russland invaderte Ukraina, kjem også med få konkrete forslag til korleis Kina kan hjelpe til med å bygge bru over den katastrofale, krigsopprivne kløfta mellom dei to landa.

La oss starte med nokre kjensgjerningar. Zelensky ringde til Xi, ikkje omvendt. Og Zelensky skal ha gjort det utan å først konsultere Washington, noko som gjorde det utanrikspolitiske teamet til Biden rykande forbanna. Meir talande er det at Xi gjorde samtalen med ein russisk tolk. Fattar du? Kina kunne liksom ikkje finne ein einaste kinesisk lingvist som snakka ukrainsk. Kjøper du den? Det gjer ikkje eg. Kina, ein nasjon som kan sitt diplomati og har talent for å sende kraftfulle bodskap med subtile gestar, tvinga Zelensky med vilje til å forhandle med Xi på russisk. Sjølv om det og er mogleg at kinesarane berre var snille med Zelensky, som ikkje har ukrainsk som morsmål og som taklar språket keitete på sitt beste, er det meir sannsynleg at Kina minna Ukraina på at dei er i ein ny partnarskap med Russland.

Xi Jinping var, ifølge det kinesiske møtereferatet,  svært direkte med Zelensky, og åtvara han om å støtte USA sin politikk i forhold til Taiwan. Viss Ukraina ikkje gir akt på åtvaringa, vil Kina behandle Ukraina med same ringeakt som dei reserverer for den uskikka Biden-administrasjonen.

Vesten trur tåpeleg nok at Xi Jinping ser på Vladimir Putin som si personlege kjøtkvernsape — eit ubetydeleg, andreklasses leiketøy som ikkje er viktig. Feil. Putin har forsvarsteknologi som Xi ikkje har. Det nylege møtet i Moskva mellom dei russiske og kinesiske leiarane, ikkje berre Xi, men også utanriks- og forsvarsministeren, leverte ein kraftig bodskap til verda — Xi kom til Putin, ikkje omvendt.

Saudi-Arabia Akselererer sitt brot med Washington:

Ein av dei andre konsekvensane av møtet mellom Putin og  Xi Jinping er Saudi Arabias U-sving i utanrikspolitikken og totale avvising av å la USA bestemme i Midtausten. Ser ut som Biden ikkje vil få nokon invitasjon til å danse sverddans med saudiane:

Saudiane, i ord og gjerning, har sett korken på USA sin politikk for å isolere Iran og øydelegge alle regime som er venlegsinna til mullah’ane i Teheran. Her er to av dei siste overskriftene: 

Kongedømmet Saudi Arabia søker å etablere relasjonar med Hizbollah – Al Akhbar

Saudi-Arabia, Iran skal gjenopne ambassadar ’innan nokre dagar’: Minister-kunngjering kjem etter at dei to landa vart einige om å gjenopprette diplomatiske relasjonar under samtalane i Kina førre månad.

Å etablere relasjonar med Hizbollah, av USA identifisert som ein av dei mest virulente terrorist-organisasjonane i verda, er ei sterk melding frå saudiane til Washington om at dei ikkje lenger kjem til å spele spelet om å hisse sunni- og sjia-muslimar opp mot kvarandre. Dette er eitt til bevis for at saudiane er seriøst interesserte i å smi ein ny relasjon med Iran. Tilnærminga mellom saudiane og Iran gjer også slutt på den 8 år lange borgarkrigen i Jemen, og opnar døra for at Syrias Bashir Assad blir ønska velkomen tilbake til Den arabiske ligaen. Kort sagt: grunnlaget for USA sin politikk i Midtausten er vekke.

Den forventa ukrainske sommar-kassasuksessen blir ein flopp

PR-oppbygginga for den lenge venta ukrainske mot-offensiven som skal drive Russland ut av Donbas og Krim, minner meg om Walt Disney Company sin oppblåste reklame for ei ny, woke Askepott, som handlar om ei transkjønna prinsesse og ein LGBTQ Prins Charming. Ingen reklame- eller mediekampanje kan ta stanken ut av den skiten.  London-avisa The Times har tydelegvis fått eit hemmeleg memo om at den forventa ukrainske offensiven kan utebli:

Amerikansk etterretning trur ikkje på suksess for ein potensiell mot-offensiv frå Dei væpna styrkane til Ukraina.

Det er usannsynleg at Ukraina vil oppnå nokon stor suksess i tilfelle det blir ein mot-offensiv, dei er ikkje klare for det, skriv avisa Times, siterande etterretningsdata frå USA som nyleg kom ut på internett.

«Lekka etterretningsvurderingar frå USA viser at Ukraina (under mot-offensiven. Redaktørens merknad) ikkje er truande til å erobre noko meir enn moderate territoriale vinningar frå forskansa russiske troppar,» seier publikasjonen.

Statsministeren av Ukraina, Denis Shmygal, slo tidleg i april fast at mot-offensiven til Dei væpna styrkane til Ukraina kunne starte til sommaren. Seinare sa han at det ville skje «i nær framtid». Media i USA, på si side, skreiv at den ukrainske offensiven skulle ha starta den 30. april. Ein av instruksane er Saporosje-regionen, for å nå kysten av Asov-havet.

Det er alltids mogleg, om enn svært usannsynleg, at dette er propaganda designa for å lulle russarane inn i sjølvtilfredsheit. Kan det vere at Ukraina og Vesten spelar dumme, slik meisterhjernen Ronald Reagan vart portrettert i denne legendariske sketsjen frå Saturday Night Live?

Næh.  Dei er ikkje så gode eller smarte. Vi har å gjere med eit vondskapsfullt klovneshow — inkompetente som ikkje er underhaldande. Den feila ukrainske mot-offensiven kjem til å skjerpe spenningane i Europa. Polen sender allereie ut varselsbluss:

Sjefen for den polske arméens Generalstab, Rajmund Andrzejczak, snakka om den farlege situasjonen med nasjonal sikkerheit i Polen.

«Vi har rett og slett ikkje ammunisjon. Industrien er ikkje berre ikkje reie til å forsyne Ukraina med utstyr, men dei kan heller ikkje fylle opp våre eigne reservar, som raskt forsvinn,» innrømde han.

Polen sine allierte skjøner ikkje alvoret i situasjonen og har «illusjonar», som er overraskande, og til og med sjokkerande,» la han til.

Eg er fullt og heilt einig med general Andrzejczak.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 537 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Skal du vinne frem er gaver ofte mer effektivt enn trusler.

Gjorde Pfizers gaver «uavhengige» medisinske organisasjoner avhengige?

Previous Post

Det finnes psykologiske metoder.

Kan folk hjernevaskes?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.