Er Russlands offensiv på veg, og prøver USA å mekle fram ein avtale?
30. januar 2023 av Larry Johnson

Eg tvilar på om nokon som les denne bloggen hugsar D-dagen, den 6. juni, 1944. Datoen markerer starten på Dei allierte sin offensiv for å ta tilbake Europa frå nazistane. Men då operasjonen starta, innsåg ikkje Hitler og generalane hans at det var alvor. Dei var framleis overtydde om at hovudangrepet frå dei allierte ville kome ved Pas de Calais. Det tok dei minst ei veke å skjøne at den genuine invasjonen var på veg.
Med denne historiske presedensen, meiner eg at «vår»-offensiven til Russland faktisk er på veg. Dei russiske angrepa langs dei ukrainske forsvarslinjene i Donbas, er signifikante. Samtidig slår russarane frå seg i nord, i Saporosje-regionen (Zaporhyzhia). Er det russiske nærværet i Kviterussland berre ein finte, designa for å binde opp ukrainske styrkar som elles kunne ha vore sende for å forsterke dei blodtilsulka troppane i Donbas?

Ukraina manglar pansarstyrkar og luftvåpen, og lyt kaste utrente soldatar inn til frontlinjene, der dei møter uforsonleg bombardement frå artilleri og missil. Russland angrip ikkje med menneskebølger. Dei nøyer seg med å pepre Ukrainas forsvarsstillingar med eldskyts i mengder ein ikkje har sett sidan Andre verdskrig. Og Ukraina si evne til å slå tilbake, er avgrensa av mangel på ammunisjon.
Kor djup den ukrainske desperasjonen er, visest tydeleg i dei siste forsøka på å takle dei stigande tapstala:
Alle menn mellom 20 og 55 år skal innskrivast til verneplikt i Ukraina – uavhengig av familiestatus, yrke, fysisk eller mental helse, eller andre omsyn.
Listene skal førast av alle arbeidsgivarar, organisasjonar eller institusjonar (dokumentet gjeld spesifikt Kiev-regionen).
Eit land som vinn ein krig, gjer ikkje slikt. Femtifem år gamle menn er gode på å drikke øl og spele golf. Å kjempe i skyttergraver og sno seg unna bombenedslag? Ikkje like gode.
På den diplomatiske fronten ser vi nokre uvanlege trekk. Utanriksminister Blinken besøkte Egypt for å snakke om «regionale spørsmål». Verkeleg?
Egypts utanriksminister Sameh Shoukry skal på måndag kveld til Moskva for å følge opp dei bilaterale banda mellom landa, sa Ahmed Abu Zeid, talsmann for utanriksdepartementet.
Besøket kjem berre nokre timar etter at han møtte USAs utanriksminister Antony Blinken, som var på eit to-dagars besøk i Kairo som start på Midtausten-turneen sin. Under besøket møtte Blinken Egypts president Abdel-Fattah El-Sisi og Shoukry for å diskutere ei svært stor mengd regionale spørsmål.

Men det er ikkje alt. Israels utanriksminister er no på veg til Kiev:
Eli Cohen kom med kunngjeringa under eit møte med USAs utanriksminister Antony Blinken som sa at USA forventar «å diskutere korleis dei vidare skal støtte Ukraina og det ukrainske folket på dette kritiske tidspunktet.»
Så kva skjer? La meg føreslå éi moglegheit. Egypt gjekk med på å bere litt vatn for Washington og prøve å sondere den russiske stemninga for ei mogleg diplomatisk løysing på krigen i Ukraina, og Israel gjekk med på å gjere det same i Kiev. Viss dét er planen, så er den daudfødd.
Biden og Blinken skjøner ikkje at forholdet til Russland er brote. Tradisjonell diplomatisk taktikk fungerer ikkje lenger. Russland har, til sin store irritasjon, lært at ein ikkje lenger kan stole på avtalar ein gjer med Vesten. Takka vere Hollande og Merkel, har Putin lært at Minsk I og Minsk II var humbug for å vinne tid. Og så har vi den umåtehaldne talen til utanriksminister Baerbock i Tyskland, som sa at Europa er i krig med Russland, og eit par polske lovgivarar som snakka ope om å plyndre Russland og bryte landet opp. Ville du ha gjort ein avtale med folk som kjem med så grove truslar?
Putin og hans viktigaste diplomatar og generalar kan lese, og dei ser aukande rifter i NATO-alliansen. Tyrkia sette stopp for Sveriges tilslutning til NATO, og president Erdogan viser open forakt for Frankrikes Macron:
«Faktisk er ikkje mannen som styrer Frankrike kvalifisert til å leie den staten. Sjå, dei utnyttar afrikanske land no,» sa han.
Erdogan viste til Mali, som no har brote fullstendig med Frankrike. Han refererte også til Burkina Faso og Togo, som han sa «ikkje vil sjå franske soldatar» på sine territorium.
Relasjonane mellom Tyskland og Polen er ikkje varme og lodne. Polen pressar stadig på for at Tyskland skal betale 1,5 billionar dollar i skadeerstatning. Tyskland avslår kravet bitande. Ja, no gløymde eg nesten.. Såg du reportasjen til Sky News i dag, om at den britiske arméen er ein tannlaus papirtiger som ikkje greier halde ein brigade i industrielt slag i to veker? Om du var i Putins sko, ville du ha gjort ein avtale med desse klovnane? NATO er i ferd med å ete seg sjølv, og eg trur russarane er ganske nøgde med å gjere det dei kan for hjelpe til med implosjonen.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
Larry kjem best til sin rett på originalspråket: https://sonar21.com/is-russias-offensive-underway-and-is-the-u-s-trying-to-broker-a-deal/
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 939 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Russar-hatet i Noreg i dag er meir utbreidt og stovereint enn jødehatet var i 1930-åra.
Studer leiaren for norsk idrott, Berit Kjøll. Rett nok vart ho leiar etter ureint trav, men ho er enno ikkje avsett.
Støre-regjeringa sin pengebruk i Ukraina er vitlaus. Rehabiliteringssenter, Fødestover og jordmødrer i Noreg har me ikkje råd til. Men milliardar til våpen er ikkje noko problem.
Galningene har i går bundet norge til å kjøpe stridsvogner for 19 milliarder kroner fra Tyskland.
Slike våpen er ubrukelige her i land, derfor var forsvarssjefen i mot kjøpet. Men det han ikke forsto var at stridsvognene ikke er tenkt levert til «fredsnasjonen» men gå direkte til Ukraina til å brukes mot russerne i de gamle russiske områdene Donbass.
Hvor mange russere – soldater og sivile – tror galningene i Oslo-regimet at de kan drepe uten at russerne til slutt bestemmer seg for å hevne dem?
Astrid Uhrenholt jacobsen prøvde også å ymte frampå om at alle burde være med. Det resulterte i raserianfall fra flere (Jeg merker meg hvem) og hun måtte krype til korset. Røste, Valnes, fyll på med navn.
Det er likevel noe som skjer. Fredagens fall i gullprisene var det ingen som fikk med seg. Fra 1911 til 1865 rett ned.
https://investor.dn.no/#!/Ravare/C9/Gull
En norsk meningsmåling på hvor stor Støtte Ukraina-krigen har i folket ville være interessant. Tyskerne tar til vettet og 80% av de spurte frykter krig på tysk jord; kun 13% tror mer krig vil gi fred.
Anti Defamation League, ADL, som ellers hyler anti-semitt ved enhver anledning, har nå bestemt at Ukraina ikke er nazistisk; det var visst før og ikke nå.