POSTED IN Diverse

Kortnyheter fra hele verden:

Frankrike saboterer Niger, sult i Jemen, India skifter navn…

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kortnytt veke 36

Innlegger et et utdrag fra Voltairenet.org sine ukentlige kortnyheter fra hele verden. Nyhetsbrevet ligger bak en betalingsmur.

Hovudsakar:

ECOWAS og Frankrike driv krigføring mot Niger 

I eit brev datert 28. august og distribuert den 6. september, gjer Nigers minister for utanrikssaker, samarbeid og nigerarar utanlands, Yaou Sangaré Bakar, FNs Tryggingsråd merksam på brota på Folkeretten som Niger blir utsett for av ECOWAS [Economic Community of West African States] og styresmaktene i Frankrike.

Han skriv:

• Lova ’Additional Act’ av 17. februar, 2012, som handlar om sanksjonar mot medlemsstatar som ikkje respekterer sine plikter overfor ECOWAS ikkje gir grunnlag for sanksjonane som ECOWAS no legg på Niger, t.d. «frysing av alle teneste-transaksjonar, inkludert offentlege tenester» eller «suspensjonen av alle kommersielle transaksjonar og finansielle relasjonar mellom medlemsstatane i ECOWAS». «Stenginga av land- og luftgrenser mellom ECOWAS-landa» og den sanksjonerte medlemsstaten, eller til og med «etableringa av ei ECOWAS-eksklusjonssone for all passasjertrafikk med fly til eller frå», er maktmisbruk. 

• trusselen om militær intervensjon frå ECOWAS, som har mobilisert troppar, bryt mot forbodet mot bruk av makt utan at FNs Tryggingsråd har godkjent det på førehand.

• møta som er arrangerte av statsleiarane og stabssjefane til ECOWAS-arméane, er planlegging og førebuingar av innsetting av ECOWAS sine beredskapsstyrkar. Det er eit aggresjonsbrotsverk, slik det blir forstått i den Reviderte Roma-statuttens Artikkel 8 nr. 1 [[ICC-]«Domstolen skal ha jurisdiksjon for krigsforbrytelser, særlig når de er begått som ledd i en plan eller målsetting eller som et ledd i en omfattende utøvelse av slike forbrytelser.»]. 

• Frankrike sleppte fri terroristar frå fengsel. Dei var grupperte i ein dal i landsbyen Fitili (28 km nordvest for Yatakala) der det vart halde eit planleggingsmøte med mål om å angripe militære stillingar i området der tre lands grenser møtest. Seksten terroristleiarar vart tatt i tre operasjonar, inkludert to på Nigers territorium og ein i Mali. Dette er alvorlege handlingar av den franske republikken som vel kan underminere internasjonal fred og tryggleik.

Russland presenterer sitt program for styrking av multilateralismen for FN

FNs 78. generalforsamling (UNGA78) opna offisielt den 5. september. Før ’High-level Week’, der dei viktigaste debattane skal skje (18. – 26. september), har den russiske delegasjonen offisielt presentert sitt 81-punkts program for styrking av multilateralismen.

Dei understreka óg behovet for å ikkje sensurere informasjon som er essensielt viktig for den offentlege debatten, refererande til utestenginga av den russiske internasjonale TV-kanalen RT og nyheitsbyrået Sputnik. 

Ukrainas nye forsvarsminister 

Rustem Umerov

President Volodymyr Zelensky utnemnde tartar-terroristen Rustem Umerov til forsvarsminister etter at Oleksiy Reznikov fekk sparken. 

Den nye ministeren vart i september 2022 utpeika til sjef for Fondet for statseigedom. Der hadde han tilsyn med sal og omstruktrurering av over 3600 selskap, alt frå jerngruver til hamner og fabrikkar, i den største privatiseringsoperasjonen i Ukrainas historie. 

Tartaren Rustem Umerov dreiv før 2014 ein kampanje for uavhengigheit for Krim, og for frigjering av Krim innanfor Ukraina sidan regionen vart innlemma i Den russiske føderasjonen. Han har nære band til Mustafa Dzhemilev, som under sitt tyrkiske namn Mustafa Abdülcemil Cemiloğlu samarbeidde med CIA under Den kalde krigen.

I 2007 deltok organisasjonen deira, World Congress of Tatars, i stiftinga av Anti-Imperialist [dvs. anti-russisk] Front saman med ulike nynazistiske og islamistiske organisasjonar. I 2015 grunnla dei ein International Islamic Brigade til kamp mot Russland.

Syria: Intern uro i SDF

Ethan A. Goldrich (US Deputy Assistant Secretary of State for Near Eastern Affairs ) og generalmajor Joel Vowell (sidan august kommandant for Den globale koalisjonen mot IS) drog illegalt til nord-austre Syria for å roe ned indre spenningar i Dei syriske demokratiske styrkane (SDF).

Den 27. august arresterte dei kurdiske leigesoldatane stammehøvdingen i militærrådet i Deir ez-Zor. Stammen hans gjorde då opprør. Samanstøytane medførte minst 90 døde. Kurdarane kalla tilbake troppane sine, medan fleire stammar erklærte seg nøytrale.

Washington prøver med alle middel å pasifisere rekkene hos sine allierte, slik at dei kan bli i regionen og hindre Damaskus i å nytte oljeressursane der. Pentagon fryktar at dette opprøret i løynd er organisert av president Bashar al-Assad.

Kritisk situasjon i Jemen

Svært mange barn i Jemen sulter

Ifølge FNs World Food Programme vil 21,6 millionar jemenittar trenge humanitær hjelp dette året. Allereie lir 17 millionar av matmangel. Ifølge UNICEF (FNs barnefond) lir fleire enn 540 000 barn under 5 år av alvorleg underernæring. 

FN har skjert ned på sine humanitære program i Jemen etter press frå USA, som ønsker å auke lidingane til det jemenittiske folket for å kue leiarane deira.

Israel prøvde å sabotere iransk missil-produksjon 

Ifølge iransk fjernsyn vart det opprulla eit israelsk spionnettverk som prøvde å sabotere missilproduksjon i landet. Spionane hadde byrja å plassere på samlebandet små delar (7×3 cm) som var programmerte til å eksplodere på bestemte tidspunkt. Det er den alvorlegaste sabotasjesaka i Iran på hundre år.

India skiftar namn til Bharat

Skifter navn fra India til Bharat

Invitasjonane til G20 i New Delhi vart sende ut av Draupadi Murmu som ’president av Bharat’, og ikkje’president av India’. Partiet hennar, Bharatiya Janata Party (BJP), ønsker å returnere til sanskrit-namnet på landet.

Gjenforeining i Thailand

Som venta, vart den tidlegare statsministeren Thaksin Shinawatra («raude skjorter»), som har returnert etter 15 års eksil, dømd til 8 års fengsel med moglegheit for å søke om benåding etter 3 månadar. Straks etter at han vart fengsla, vart han overført til sjukehus for behandling av helseproblem. Der tok han imot dei fremste politiske leiarane i kongeriket. Helsa hans skulle vere restituert … ’om 3 månadar’. Inntil då styrer han landet frå sitt fengselssjukehusrom.

Det som skjer i Thailand er en form for politisk teater, et skuespill for å unngå at de som vant valget får makten i landet.

Han deler makta med den nye statsministeren, eigedomsutviklar Srettha Thavisin. Den tidlegare helseministeren Anutin Charnvirakul blir forfremma til stillinga som visestatsminister, og den nye politisjefen er ingen andre enn broren til general Prawit Wongsuwan («gule skjorter»), arkitekten bak kuppet i 2022.

Denne iscenesettinga har som mål å fjerne den sterkt taletrengde Pita Limjaroenrat (partileiar for Move Forward), som vann valet sist, men ikkje klarte å sikre støtte frå militærutnemnde senatorar.

Fritt omsett av Monica Sortland

Basert på Voltaire, International Newsletter – N°51 – 8. september 2023

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Paulina Holisz



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 729 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Brannen på Hawaii.

Var brannen et eksperiment med et nytt våpen?

Previous Post

Unyttige matkonsumenter skal bort!

Kapitalmakta strammer grepet i raskt tempo, hvis vi ikke gjør motstand – nå!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.