POSTED IN Handelskrig, Russland, Sanksjoner, Ukraina

James Kenneth Galbraith:

Sanksjonane har styrka Russland

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Den amerikanske økonomen James Kenneth Galbraith (sonen til president Kennedys økonom John K Galbraith) går kritisk gjennom sanksjonane mot Russland på Institute for New Economic Thinking (INET) si heimeside («The Effect of Sanctions on Russia: A Skeptical View»). INET blei stifta av blant andre George Soros, som er sterkt antirussisk. Galbraith konkluderer med at sanksjonane, etter innleiande sjokk, etter ei tid har hatt ein gunstig verknad på Russlands økonomi.

Så seint som tidleg i 2022 var den russiske økonomien djupt infiltrert av framande firma i alle sektorar unntatt militæret. Oligarkane hadde stor innverknad, med sine nyliberale økonomiske idear. Sanksjonane har tvinga landet til å ta strukturelle grep som handelsskydd, kapitalkontroll og innanlandsk industrireising, som det elles ikkje ville tatt, på grunn av det rådande ideologiske klimaet. Slik politikk har vore nytta med suksess i andre land, ifølgje Galbraith. Vestlege føretak, som har forlate Russland, har vore tvungne til å selja til russiske selskap til dumpingpris.

Kontrasten till Europa er slåande. I Russland har pris på råvarer og energi vore stabile, den interne marknaden for russiske føretak  voks, og finansiell kapital vart halde tilbake i landet. I Europa, derimot, har pris på importerte ressursar stige kraftig, marknadene for eksport sokke, fysisk kapital har blitt seld billeg og finansiell kapital flydd til USA.

Al Jazzera lét 15. april sjefen i Det internasjonale pengefondet (IMF), Kristina Georgieva, sleppe til nokre minuttar. Tema var europeisk økonomi. Bodskapen var: Alle land i EU vil i 2023 få dårlegare økonomi, somme av dei vil oppleva økonomisk tilbakegang.

Tekstlinjer fortalte: Krigen i Ukraina er den største årsak til EUs økonomiske tilbakegang. Brot i forsyningane av rimeleg russisk gass, olje og kol har størst betydning for tilbakegangen.

EU er nå tvungen til å kjøpe gass, olje og kol på verdsmarknaden.

Europa har skote seg sjølv i foten, til føremon for USA og deira gass- og krigsindustri. Ikkje underleg at USA vil halde fram med krigen.

Men at Europa blir med på denne seglasen, vitnar om kor hardt underkasta dei er amerikansk styring.

Edvard Mogstad, historikar

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Kontrasten till Europa er slåande. I Russland har pris på råvarer og energi vore stabile, den interne marknaden for russiske føretak voks, og finansiell kapital vart halde tilbake i landet. I Europa, derimot, har pris på importerte ressursar stige kraftig, marknadene for eksport sokke, fysisk kapital har blitt seld billeg og finansiell kapital flydd til USA. »

    Tragisk ( for vesten, inkl. krigshisserene i Norge. )

    Men også morsomt , ved tanke på de hoverende artiklene i norsk media om at Russland snart ville gå i kne grunnet de vestlige sanksjonene ( og valuta- tyveriene).
    Møte seg sjøl i døra. Skjegget i postkassa.
    – Eller hybris.
    Noen selvrefleksjon kan vi uansett ikke vente oss fra disse som gang på gang har satt i gang kriger for regimeskifte w.w. i mangfoldige år.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Våpeninspektør Scott Ritter har reist i Russland.

Sanksjonene styrker Russland og svekker vesten.

Forrige innlegg

Vi blir forsøkt stilnet

Noen oversvømmer Derimot.no sin server i et «DDOS-angrep»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.