POSTED IN Diverse

Ingenting er akkurat slik vi blir fortalt.

Noen ganger er det noe helt annet.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Veka som gjekk

Nyheiter, 1. desember, 2023

Gaza-krigen har spreidd seg til Vestbreidda

Ifølge B’Tselem, det israelske informasjonssenteret for menneskerettar i dei okkuperte territoria, har under Gaza-krigen over tusen palestinarar blitt tvinga til å forlate heimane sine i Område C (okkupert palestinsk territorium på Vestbreidda) medan den israelske arméen bomba Gaza-stripa.

Palestinas utanriksminister, Riyadh al-Maliki, seier Benjamin Netanyahu har ansvaret for blodbadet, i Gaza og i tillegg over 230 døde, 3200 skadde og 1250 fordrivne på Vestbreidda. Han meiner Netanyahu treng ein lang krig for å overleve som statsminister.

Mange FN-ansatte er drept i Gaza

FNs generalsekretær António Guterres har halde telling: meir enn 1200 israelarar drepne, meir enn 14 000 palestinarar drepne (omlag halvparten barn) og 111 medlemmar av FN-staben har døydd. 80% av befolkninga på Gaza-stripa har blitt fordrivne. 45 % av alle bustadar på Gaza-stripa er skadde eller øydelagde.

Israels våpenkvile gjeld ikkje U.S. Air Force

Ifølge Declassified UK brukar USA den britiske militærbasen Akrotiri på Kypros, til å ikkje berre smugle våpen inn i Israel, men også til å fly droner og andre spionfly i høg høgd over Gaza. Funna blir sjølvsagt overleverte til Israel.

Marinekonvoien USS Eisenhower, som var plassert utanfor Israels kyst, kryssa Raudehavet og posisjonerte seg i Den persiske golfen, utanfor Iran. 

Organhandel i Gaza

Ifølge Euro-Med Human Rights Monitor har palestinske helsearbeidarar sett at organ har blitt fjerna frå kroppane til døde palestinarar på Gazastripa. To israelske likhus skal ha halde til saman 400 palestinske døde.

Det har sirkulert informasjon i mange år om israelskdriven organhandel. CNN hevda i 2008 at Israel var verdas største knutepunkt for den illegale, globale handelen med menneskelega organ. I boka si On Their Corpses, Power, Knowledge and the Institute of Forensic Medicine in Israel (2014), hevda den israelske antropologen Meira Weiss at organ hadde blitt hausta frå palestinarar som døydde mellom 1996 og 2002, og brukte til medisinsk forskning ved israelske universitet og/eller transplanterte inn i israelske pasientar.

I 2014 viste ein israelsk TV-dokumentar vitnemål frå høge tenestemenn om at det vart tatt hud frå kroppane på døde palestinarar og afrikanske arbeidarar for å behandle soldatar med alvorlege brannskadar.

Knesset vedtok i 2021 ei lov som tillet militæret å hauste organ.

Krigen går dårleg for Ukraina

Stadig fleire militærnektarar blir skotne. 

Rundt ein halv million menn i vernepliktig alder (som i Ukraina no for tida spenner over fleire tiår) har flykta til utlandet for å sleppe å bli kanonfor ved fronten.

Ukraina held tapstala sine hemmeleg, men det russiske forsvarsdepartementet held tellinga. Ukrainsk militærutstyr som russarane har øydelagt totalt under SMO (frå 24. februar 2022 til 3. desember 2023):

  • 545 fly
  • 256 helikopter
  • 9 361 droner
  • 442 missilsystem til luftforsvar
  • 13 759 tanks og andre pansra kampkøyrety
  • 1 187 kampkøyrety utstyrte med MLRS, 
  • 7 224 feltartillerivåpen og granatkastarar
  • 15 876 einingar militært spesialutstyr

Eit lite utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°64 – 1° December 2023

Utval og omsetting: Monica Sortland

Forsidebilde: Skjermdump Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Demensdiagnosen har økt og levealderen går ned.

Kan rapsolje ha noe med det å gjøre?

Forrige innlegg

Bucha-massakren var en falsk flagg-operasjon:

Den ble arrangert for å kunne fortsette krigen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.