POSTED IN Historie, minoriteter, Finland

I austerveg:

Finlandssvensk – eit pressa mindretalsspråk

0
Print Friendly, PDF & Email
Edvard Mogstad

Av og til kan livet ta nye og overraskande vendingar.

Som da eg trefte ei jamgammal dame på Nordisk Folkeriksdag i Sør-Varanger på seinsommaren 2018.

Av historiker Edvard Mogstad

Ho budde i Finland, så langt sør det er muleg å komme i landet, i staden Hangø, men ho var vaksen opp på ein gard på Åland. Ho var blitt finlandssvensk, så språksambandet var ikkje noko problem. Eg hadde aldri vore i Finland eller på Åland, og spesielt Åland var eg forviten etter å sjå. Så no vart den mangelen retta opp til gagns. Dei tre siste åra har vi vitja einannan mange gonger, og eg har fått rikeleg høve til å sjå den spesielle stoda, og presset, som svensken i Finland er utsett for. Tankane vandrar til landsmålet og riksmålet i Norge, sjølv om nynorsken står mykje sterkare, talmessig sett, hjå oss enn svensken i Finland.

Men begge stader har det til tider vore kampanjar og hets mot minoritetsspråket, avløyst av edruelege periodar der majoriteten skjønner kor mykje verdfull kultur, som litteratur, musikk og biletkunst, som minoriteten har gjeve til den felles nasjonen. Dermed må minoriteten vernast om og fleirtalet lære seg språket og kulturen til mindretalet, rett og slett for si eiga skuld, for å berike og utvide si eiga verd.

Hangø står midt i skjeringa mellom finsk og svensk. Fram til 1980 var svensk fleirtalsspråket, etterpå finsk, så no har kommunen om lag 43 prosent svenske språkbrukarar og 53,5 prosent finske. Årsaka er massiv finlandssvensk utvandring, først og fremst til Sverige, frå heile det finlandssvenske området, og finsk innvandring til kystbyane frå innlandet. For hundre år sia var det femten prosent som hadde svensk som førstespråk i Finland, i dag er det fem og ein halv.

Svenskfinland

Svensken har sine feste i tre avgrensa område; sørkysten ved Finskebukta, Østerbotten ved Bottenhavet og Ålandsøyane. Åland er reint svenskspråkleg, og dei har indre sjølvstyre til liks med Færøyane. På Åland er det ulovleg å kjøpe eigedom utan å meistre svensk.

Østerbotten og Sørkysten (Nyland og Åboland) har framleis kommunar og byar der svensken har fleirtal, som Jakobstad, Karleby og grannekommunane til Hangø med Ekenäs og Karis. Tidlegare svenske byar som Helsingfors, Åbo og Vasa er heilt etne opp av finsken. Likevel er det svenske mindretalet så stort at desse byane er offisielt tospråklege.

Den finske språklagen

Første paragrafen i Finlands språklag seier kort og godt at «Finlands nationalspråk är finska och svenska.» Svensk er altså eit nasjonalspråk jamstilt med finsk. Vi ser det til dømes i talen til presidenten på nyttårsaftan, som først blir halden på finsk, og deretter på svensk. Vi som var så heldige å vekse opp med Mads Bergs songbok på folkeskulen, kjem jo i hau at teksten på den finske nasjonalsongen var svensk, av Runeberg. Den svenske teksten står framleis rissa inn på boka Runeberg held i handa, i statuen i Helsingfors sentrum.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er Linna-Stormbom-1968-1024x771.jpg
Väinö Linna saman med sin øversettare og nære ven, Nils-Börje Stormbom, på festen under Finlands nasjonaldag 6. desember 1968. Stormbom var mangeårig kulturredaktør i Hufvudstadsbladet og sette om alle Linnas bøker til eit framifrå og dialektprega finlandssvensk.

Språklagen skal gjelde i domstolar og alle forvaltningsområde. Den første språklova kom i 1922, og dei siste tillegga på den siste språklova i 2016. Lova er lang og detaljert, og ho skal sikre rettane til mindretalet i Staten og i tospråklege kommunar. Femte paragrafen seier m.a. at

Statsrådet ska bestämma att en kommun är tvåspråkig, om kommunen har både finskspråkiga och svenskspråkiga invånare och minoriteten utgör minst åtta procent av invånarna eller minst 3 000 invånare.

Denne stadgan gir ganske mange tospråklege kommunar. I heile Finland utanom Åland er 15 kommunar tospråklege med svensk som fleirtalsspråk, og 18 med finsk i fleirtal. Dessutan er dei tre nordlegaste kommunane i Lappland tospråklege med samisk som offisielt minoritetsspråk.

Tospråklegheita innebèr at alle offentlege affærar skal handsamast på båe språk, og folk kan krevja tenester på sitt eige mål. Gateskilt og namn på stasjonar og bygningar bèr båe språk, med majoritetsspråket først eller øvst. Høgtalarane informerer på båe språka, attåt engelsk. Men når toget rullar inn på Ekenäs eller Karis, så er svensken øvst på skilta, og høgtalaren prioriterer svensk.

Stoda i dag

Som sagt, så har berre 5,5 prosent av finnane i dag svensk som førstespråk, medrekna dei 30.000 ålendingane. Men i takt med at delen av dei svensktalande har falle, så har delen av dei finsktalande som meistrar svensk, stadig stige. I dag oppgir 41 prosent av finskfinnane at dei kan konversere på svensk, og det er det høgste talet nokosinne. Dette er svært oppmuntrande for det framtidige nordiske samarbeidet – som kan halde fram med eit skandinavisk språk som lingua nordica, nett som Nordisk Råd og Fritt Norden (sambandet som skipar til Nordisk folkeriksdag) gjer i dag. Dette kan også stogge forfallet i det danske talespråket – i selskap med andre nordistar blir dei tvungne til å vera meir artikulerte.[i]

«Tvangssvensken»

Vi har dei siste tretti åra lese nokre triste historier om forfølging og mobbing av svensktalande i Finland, og desse kreftene har fått eit talerøyr i eit populistisk parti, Sannfinnane. Dei vil avskaffe den obligatoriske svenskopplæringa i finske skular, som dei kallar ”tvångssvenskan”, og det appellerer sjølvsagt til alle ungdommar som vil lære minst muleg.

Ein av dei antisvenske mytane går på at svenskane er ein overklasse som tvingar kulturen sin ned på finnane. Dei bur i herregårdar, dei er rike, og dei seglar! Om denne eliten har finnane eit ordtak, på svensk, som seier ”Pappa betalar!” Dette ordtaket kom fram da eg fortalte om dotter mi, som rett etter ho hadde fått førarkortet, bulka tre gonger på ei veke. ”Det ordtaket har vi i Finland, òg”, sa dei, ”om svenskane!” (Men eg var korkje formugande, budde på gods eller segla.)

Noka sanning er det i dette, men i dei svenskspråklege kommunane er det like stor klasseskilnad som andre stader, og under borgarkrigen var det like mange svenske drepne på raud side som på kvit. Da eg las lista over omkomne Hangø-buarar på raud side, så var det nesten berre svenske namn.[ii]

Den anti-svenske rørsla i Finland er ikkje noko nytt. På 1800-talet fekk vi suomeritanarane eller fennomanane, inspirerte av nasjonalromantikken, der jamvel mange finlandssvenskar tok finske namn og konsekvent tala så lite svensk som muleg, i vona om å vekkje allmugen til sams frigjering mot det russiske styret.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er Bjorn-Osterman.jpg
Björn Österman, forfattar og lokalhistorikar

Gammalt samband mellom sannfinnar og fascismen

Väinö Linna, forfattaren av Ukjent soldat, skildrar desse folka i sin Torpar-trilogi.[iii] Dei ville gjerne bli kvitt den russiske herskareliten, men dei hadde lita forståing for sine eigne underklassar; torparane (husmenn med jord), statarane (landarbeidarar utan jord) og arbeidarane. På 1900-talet var dei aktive på den kvite sida i borgarkrigen i 1918, og den tids Sannfinnar var kjernen i Lappo-rørsla, som prøvde å innføre eit fascistisk diktatur i 1930-åra.

Under andre verdskrigen vart ein finsk SS-bataljon av frivillige danna for å kjempe for Tyskland på Austfronten. Kontrakten gjekk ut i 1943, og bataljonen vart skipa tilbake til Finland. Dei landa først i Hangø, der dei vart innkvartert for medisinsk sjekk før dei vart sendt vidare til den finske hæren.

Dei var sannfinnar på sin hals, og dei bølla og herja med Hangø-buarane, som på den tida var nesten heilt svensk. Dei reiv ned dei svenske skilta, reiv sund dei svenske avisene og plaga folk på gater og torg.[iv]

Det nye dei siste femogtjue åra er at dei har fått eit parti, som jamvel fekk sete i den nyss avgåtte borgarlege regjeringa. Mange ungdommar trudde på den antisvenske propagandaen og slurva med svenskopplæringa si, noko dei har angra sidan! For det har komme eit stemningsskifte. Nett som folk i Norge byrjar å sjå at forfølging av nynorsk gjer oss alle fattigare, kulturelt sett, så har denne erkjenninga demra i Finland òg.

Framståande finske intellektuelle sto fram og kalla hetskampanjen vondhuga. Da dramatikaren Juha Hurme tok imot Finlandia-prisen for årets beste roman i 2017, så sa han mellom anna at hans viktigaste litterære lærarar heitte Elmer Diktonius, Edith Södergran, Gunnar Björling, Runar Schildt og Lars Huldén [finlandssvenskar], og heldt fram:

”En betydande del av den bästa litteraturen i Finland har skrivits på svenska.” Hurme avrunda takketalen med følgjande sats: «Opetelkaa ruotsia, juntit! Maailmankuvanne avautuu kummasti.»  («Lær dykk svensk, slubbertar! Verdsbildet dykkar opnar seg forunderleg mykje».)

Talen vekte enorm oppsikt og Juha Hurme blei utskjelt av kulturminister Sampo Terho (Sannfinnane), som kravde ei orsaking. Hurme svarte at han hadde vondt for å fatte at ein kulturminister kunne hata det svenske språket. –

I eit intervju etterpå, presiserte Hurme:

  • Men för att en gång för alla undvika missförstånd: jag var verkligen inte ute efter att förolämpa någon som inte gått i skola, utan ville bara påminna om att vi har två fantastiska språk i det här landet. Genom fruktbar samexistens har finskan och svenskan berikat varandra i flera hundra år. Jag ville fira tvåspråkigheten och glädjen den berett mig. Det förstod alla – utom landets kulturminister.[v]
Forfattaren Juha Hurme

Kultur- og undervisningsministeren gjekk ut med eit siste stunt: Alle finske kommunar fekk tilbod om å bytte bort tvångssvenskan med eit anna framandspråk (ved sia av engelsk). Han tenkte vel at t.d. grensekommunar i aust ville velja russisk. Og giss kor mange kommunar som tok imot tilbodet..?

Svar: Null, ingen! Alle ville halde fram med tvangssvensken.

Så tapte høgrepartia valet i 2019, og no har vi ei sentrum-venstre regjering med fleire finlandssvenske ministrar.

Kvar hadde Finland vore utan Edith Sødergran, Runeberg, med Nordens flottaste episke dikt (Fänrik Ståls sägner), Tove Jansson, Märta Tikkanen osv? Finskfinnar flest er klar over det veldige bidraget finlandssvenskane har gjeve til fosterlandet. Den finlandssvenske kulturen og språket skil seg på mange måtar frå det rikssvenske, sjølve føler dei seg som finske patriotar, men på sitt eige spesielle vis. Sjølv tykkjer eg at dei har svenskane sine dygder, men lite av deira lastar.

Men ein språkleg minoritet lever under stadig press, og dei må heile tida hevde sine rettar. Språklova er god, men ho blir ikkje alltid etterlevd. Sjølv irriterer eg meg over småting som at den finske teksten på matvarane er stor og tydeleg, medan den svenske skrifta er knøttlita. Eg, med mitt dårlege syn, må derfor bruke dobbel tid i kolonialen når eg handlar.

Matkonsernet Pirkka er ein versting, Her må du ha lupe for å tyde den svenske skrifta

Dei fleste av kystbyane var svenske, Helsingfors inkludert. Driftige svenske gründerar sette i gong fabrikkar, industri og føretak som gav arbeidsplassar, og bølgjer av finnar velta fram frå dei djupe skogane til dei til slutt hadde fått fleirtalet og overtatt styre og stell. Dei finsktalande i Hangø ropar og brøler på gater og torg, som om dei feirar sitt nyvunne fleirtal, medan dei svenske er meir stillfarande. Men reaksjonen min er nok farga av at eg ikkje forstår språket.

Men eg synest ikkje språket er stygt lenger, det høyrest nesten litt morosamt ut med dei snodige diftongane. Lesinga av forfattarar som Linna og Runeberg har etterlate medkjensle med dette folket, med si lidingshistorie, uthaldenheit og inderlegheit i alt dei set energien sin inn på.

Og dei er velsigna med ein rik kultur, som har røtene i to flotte språk.


[i]Formann for Dansk Sprognævn, professor Niels Davidsen-Nielsen: «Mumledansk og nordisk sprogforståelse», i Frit Norden nr 2-3, 2008

[ii] Björn Österman: Hangö 1918. Två röda och två vita månader. Hangø 2018

[iii] Høyt mot nord (norsk 1960), Opprør (1961) og Sønner av et folk (1963)

[iv] Björn Österman: Krigets vardag i Hangö 1939-44. Hangø 2019

[v] Hufvudstadsbladet 16.12.2017

Tidlegare publisert i Aust i Vika 2020 (Årbok for Østfold Mållag) og Friheten nr 26/2020



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 572 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Strømprisene

Norge har solgt seg som en koloni

Previous Post

Hva er årsaken?

Nå har vi også økende overdødelighet i Norge.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.