POSTED IN Norge

Hvordan kan Israel vinne verdensopinionen med slike ledere:

En vandrende PR-katastrofe.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Israel sine PR-problem kan summerast opp i éin mann – Itamar Ben-Gvir

av Larry Johnson 

Denne galningen er ein skikkeleg søtnos. Sei hei til Itamar Ben Gvir. Å kalle han ein ekstremist, er ei fornærming mot ekstremistar. Dei siste påfunna hans truar Bibi Netanyahus evne til å halde saman regjeringskoalisjonen. Times of Israel rapporterer i kveld at:

Ministeren for den nasjonale sikkerheita, Itamar Ben Gvir, kom tysdag med truslar om å bryte opp regjeringa dersom Israel ikkje gjenopptar krigen sin mot Hamas, som nett no er sett på pause.

«Å stoppe krigen = å bryte opp regjeringa,» sa han. …

Førre veke var det av kabinettministrane berre Ben Gvir og dei to andre ministrane til partiet Otzma Yehudit som opponerte mot ein avtale om at Hamas skal sleppe fri gislar dei tok under terrorgruppas stormløp den 7. oktober i sør-Israel, i byte mot ein fire-dagars våpenkvile i Gaza, frislepping av palestinske fangar og ein auke i straumen av naudhjelp inn til Stripa.

Itamar Ben Gvir

Litt av ei nedsmelting. Men, som dei fleste av Ben Gvirs ville ytringar og påfunn, er også denne heller hol. Viss han og dei to kompisane hans går sin veg, vil det ikkje torpedere Netanyahu si evne til å bli sittande ved makta. Eg mistenker at Bibi heller vil trekke eit letta sukk dersom denne galningen forsvinn.

For berre nokre dagar sidan var Itamar kok forbanna over scener av jublande palestinarar som feira at deira kjære vart sleppte fri frå fangenskapen sin. Det irriterte den korpulente rævva hans.

Ben Gvirs aksjon for å knuse feiringane, var ein PR-katastrofe. Den gav mot til Israels kritikarar rundt om i verda og styrka den veksande oppfatninga av at Israel er ein autoritær apartheidstat. 

Ben Gvir: instruerte politiet til å bruke «jernhand» mot forsøk på å feire det forventa frisleppet av palestinske terroristar som ein del av gisselavtalen med Hamas, uttalte Ben-Gvirs kontor på tysdag.

«Mine instruksar er klare: Det skal ikkje finne stad noko gledesutbrot,» var beskjeden han gav til Israels politidirektør Kobi Shabtai og direktøren for Israels fengselsvesen Katy Perry.

Korleis går ein sinnsfrisk person fram for å knuse «gledesutbrot»? Dette minner meg om den gongen seint på 1990-talet då eg var på CNNs CrossFire med Alan Dershowitz og diskuterte kva ein burde gjere med Jonathan Pollard. Då Alan insisterte på at Pollard ikkje var spion, braut eg ut i latter. Dershowitz vart litt sett ut av reaksjonen min, før han kravde at eg skulle slutte å le. Responsen min var å le endå kraftigare. Forsøket hans på å forsvare Pollard var så absurd at eg ikkje kunne kome på nokon replikk som var meir passande.

Det Itamar Ben Gvir vil gjere mot palestinarar, er ikkje komisk. Tenk på det. Å gi ordre til folk som tar imot sine kjære etter fleire år med separasjon om å ikkje feire, er sjølve definisjonen på diktatur.

Men rett skal vere rett, Itamar er eit nett like stort rasshøl mot israelarar.

Israels nasjonale sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir har kravd statsborgarskap og arbeidsvisum av fotballspelarar som nekta å halde opp plakatar som bad om at ein skulle sleppe fri krigsfangar som den palestinske resistansen heldt i Gaza, rapporterte israelske medium.

Ifølge reportasjane sende Ben-Gvir i går eit «eksplosivt» brev til innanriksminister Moshe Arbel etter ein fotballkamp der Maccabi Haifa sin svenske spelar, Daniel Sundgren, og andre spelarar nekta å halde opp ein engelsk-språkleg plakat som kravde at fangane skulle returnerast.

Eg antar dette er med på å forklare korfor han berre har  29% støtte i israelske meiningsmålingar. The New Yorker skreiv ein artikkel om Ben Gvir i februar, som presistdefinerer dette skammelege mennesket:

Ingen krenkar liberale og sentristiske israelarar like mykje som Itamar Ben-Gvir. Ben-Gvir, som kom inn i parlamentet i 2021, leier eit høgreekstremt parti kalla Otzma Yehudit, eller Jødisk makt. Hans rollemodell og ideologiske inspirasjon har lenge vore Meir Kahane, ein Brooklyn-rabbi som flytta til Israel i 1971, og på berre éin periode i Knesset utfordra landets moralske grenser. Israelske politikarar strevar med å sameine Israel som ein jødisk stat og eit demokrati. …

Ben-Gvir, som er førtiseks, har blitt dømt på minst åtte påtalepunkt, inkludert støtte til ein terrorist-organisasjon og oppelding til rasisme. Det kriminelle rullebladet hans er så langt at då han stod for retten «måtte vi skifte blekk i printeren,» fortalde Dvir Kariv, ein tidlegare tenestemann i etterretningsbyrået Shin Bet. Så seint som i oktober nekta Netanyahu å dele scene med han, eller til og med å bli sett saman med han på fotografi. Men ei rekke skuffande val overtydde Netanyahu til å skifte meining.

Itamar eig ikkje ironisk sans. Her har vi han – ein åtte gongar dømd terrorist – som klagar seg over Hamas-terroristar. På seg sjølv kjenner ein andre, antar eg.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • wasan Totland
    1 desember 2023 7:57

    Han foran der er da lik Moxnes uten solbriller. Med sykemeldinga i lommen og flagget i handa.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

EU vil kontrollere hva tredjeland bruker innkjøpte teknologivarer varer til.

Hvem gidder å kjøpe på slike betingelser.

Forrige innlegg

Midt-Østen:

Palestina er palestinernes land.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.