POSTED IN EU, Russland, Sanksjoner

EU vil kontrollere hva tredjeland bruker innkjøpte teknologivarer varer til.

Hvem gidder å kjøpe på slike betingelser.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

EUs nye anti-russiske sanksjonsplan vil ta knekken på konkurranseevna til EUs eigne teknologiselskap

Av ANDREW KORYBKO

Dei som gjer forretningar med desse EU-teknologiselskapa, tillet i praksis blokka å spionere på aktivitetane deira for å overvake at dei ikkje bryt blokkas sanksjonar. 

Bloomberg skreiv laurdag at “Nokre EU-nasjonar pressar på for å svekke handhevingsplanen for Russland-sanksjonane”. Brussel føreslår å tvinge selskap utanfor blokka som kjøper “høgprioritetsvarer” som til dømes elektroniske halvleiarar til å først deponere ein sum på ein escrow-konto. Viss dei blir anklaga for å ha seld vidare desse varene til Russland, så vil dei miste kontrakten, og minst halvparten av “depositumet” går til Ukraina. Ifølge Bloomberg er “diplomatiske utsendingar frå ei gruppe støre medlemsstatar” ikkje nøgde.

Dei uroar seg over at dette forslaget ikkje vil fungere, og at det vil ta knekken på konkurranseevna til EUs eigne teknologiselskap, sidan kundar kanskje vil droppe å måtte hoppe gjennom alle desse hindera og heller føretrekke å gjere avtalar utan bindingar med Kina. Uroa deira er fornuftig nok, sidan alle som gjer forretningar med desse EU-selskapa i praksis vil vere frivillig med på å la blokka spionere på aktivitetane deira for å overvake ekstraterritoriell overhalding av sanksjonane.

Hvis EU skal holde kontroll med hva varer som blir kjøpt brukes til, da vil kjøpere kanskje gå til andre land, feks. Kina.

Ikkje mange her i verda ville kjenne seg komfortable med slike vilkår, for ikkje å snakke om utsiktene til å miste pengane dei vart tvinga til å deponere for å gjere forretningar med desse selskapa viss dei skulle bli anklaga for å bryte sanksjonane, utan ein gong å gå til retten først, noko som ikkje kan utelukkast. Det skulle derfor vere klokt å “avgrense omfanget av potensielle klausular og lista over varer som ville omfattast av det føreslåtte tiltaket,” slik Bloomberg rapporterte at utsendingane ønska å gjere.

Baltikum og andre som kanalen hevda støttar å halde på dei opprinnelege vilkåra, risikerer ikkje å miste den lukrative marknadsandelen som “dei store medlemsstatane” gjer, for dei produserer ikkje halvleiarar og andre “høgprioritetsartiklar”. Interessene deira er utelukkande å innskrenke Russland sin tilgang til dei – koste kva det koste vil, til og med sjølvpåførte kostnadar som at blokkas marknadsandelar kan bli overførte til Kina. Det er nok å seie at berre ideologar ville “kutte av nasa for å trasse ansiktet,” for å seie det slik.

Naturlegvis var dei anti-russiske sanksjonane i seg sjølve akkurat ein slik sjølvdestruktiv politikk, men blokkas ideologar er mindre populære no om dagen, etter at det vart umogleg å nekte for at den russiske økonomien faktisk er i vekst, i motsetning til mange EU-medlemmars økonomi. Altså finst det ein sjanse for at “dei store medlemsstatane” med hell kan presse igjennom sine føreslåtte reformar, men det kan heller ikkje takast for gitt, for ideologane har framleis stor påverknad på påverknadstunge, avgjerdstakande kretsar.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

https://korybko.substack.com/p/the-eus-latest-anti-russian-sanctions

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    1 desember 2023 8:02

    konkurranseevna til EUs eigne teknologiselskap? Hva kan den bestå i? Ursula o co kan gjerne tro det men EU ligger ikke fremst på noe felt når det kommer til teknologi. I 2011 var det en artikkel i Finansavisen som sa oss at Frankrike allerede da hadde 15 prosent av industrien igjen. Nå mister de fotfestet i nykoloniene i Sahel beltet i Afrika der råstoffene kommer fra.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    1 desember 2023 10:24

    EU sensurer både RT og Sputnik, men heldigvis finn begge stadig vegar rundt sensuren. Russiske teknologar fiksar problemet.

    Det skal me vera takksame for. Elles hadde einsrettinga i Vest vore total.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Bare et nytt forsøk på å tappe statskassa?

Nye håpløse «grønne» prosjekter.

Forrige innlegg

Hvordan kan Israel vinne verdensopinionen med slike ledere:

En vandrende PR-katastrofe.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.