POSTED IN USA

Fredelige demonstrasjoner på Stortinget gir ikke fengsel-straffer.

I USA fikk noen 20 års fengsel for en fredelig demonstrasjon på Capitol Hill?

0
Print Friendly, PDF & Email

Disse frigjorte videopptakene forteller om en fredleig demonstrasjon på Capitol Hill før innsettelsen av Joe Biden som ny USA-president i januar 2021. Mediene og rettsapparatet har fremstilt det som skjedd som et blodig angrep på USAs nasjonalforsamling.

Frigjorte videoer fra hendelsen forteller det helt motsatte. Dette forteller om en ny løgn fra de store mediene og det demokratiske partiet i USA. Hva hadde skjedd hvis fredelige demonstranter på Stortinget hadde fått 20 års fengsel for å benytte ytringsfriheten?

Hvor er faktasjekkerne?

Knut Lindtner
Redaktør

Video: Nye opptak totaløydeleggande for Demokratanes «6. januar-opprør»-narrativ

av Adan Salazar

Global Research, 22. november, 2023

Infowars 19. november, 2023

Uredigerte filmopptak som vart sleppte på fredag av House Speaker Mike Johnson øydelegg fullstendig Demokratane sitt narrativ om at det utfalda seg eit valdeleg opprør i USAs parlament, US Capitol, den 6. januar, 2021.

Klippa under, som finst tilgjengelege i CHA Oversight Subcommittee Reading Room, viser i staden Capitol Police-vakter som gemyttleg skakar hand med demonstrantar i Capitols hallar.

I dette filmopptaket av 6. januar-opprøret som aldri før har blitt sett, kan du sjå Capitol-politiet kjempe for liva sine medan dei valdelege opprørarane set det amerikanske demokratiet i fare i sanntid

Capitol-vakter handhelsa på patriotane som vandra fredeleg gjennom Capitol den 6. januar.

Sjølv ein Celine Dion-konsert blir villare enn dette.

«Verre enn 9/11»

Politiet la forholda til rette for 6. januar

Det var derfor dei heldt tilbake filmopptaka

J6-komitéen burde bli sensurert og utvist for å ha loge til folket

(Video)sleppet beviser at politifolka tillet, hjelpte til, og til og med deltok i J6

22 år i fengsel for dette? Ikkje rart dei ikkje ville frigi dette.

Så la meg sjå om eg har forstått det rett… 4 capitol-politifolk drap seg sjølve… på grunn av DETTE..?

«(Still opp på) éi rekke, folkens. Opprøret er denne vegen.»

I det følgande klippet tar politiet handjerna av ein av dei «protesterande» etter at han er leidd bort frå folkemengda, før han får ei knokehelsing («fist-bump») og beskjed om å passere utanfor metalldetektoren:

SISTE NYTT: Speaker Johnsons nysleppte J6-videoar ser ut til å bevise at opprøret var ein innside-jobb.

I denne videoen aleine, ser vi at Capitol-politiet slepp fri ein ‘protestmakar’ og let han behalde utstyret sitt etter at han kom ut av syne.

J6 politibrutalitet avdekka!

Politiet braut lova og borgarrettar og starta opprøret!

Kontrasten mellom Demokratane sitt narrativ og det som faktisk skjedde, er så absurd at mange greip sjansen til å lage mim av det.

VERSTE OPPRØRET I HISTORIA!!!

Adam Kinzinger finn ut at dei skal sleppe J6-banda

Det er viktig å merke seg at videoane ikkje viser protestmakarar som angrip politifolk, eller på nokon måte prøver å kullkaste valet.

Protestane var for det meste bokstaveleg talt ein hovudsakleg fredeleg demonstrasjon.

Som tidlegare film-opptak har vist, var det i mange tilfelle politiet som tende det berykta Capitol-opprøret, då dei skaut med gummikuler mot elles fredelege demonstrantar.

Tidlegare senator for Republikanarane Liz Cheney (Wyo), som sat i J6-komiéen, prøvde å skyve tilbake mot dei skadelege film-opptaka som sirkulerer på sosiale medium ved å dele ein selektivt redigert montasje av nokre av dei meir trettkjære augeblikka den dagen.

Her er litt 6. januar-video for dykk.

Mange håpar at timane med filmopptak som no er i hendene på folket skal innehalde bevis som kan hjelpe til med å frifinne J6-forsvararane.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Israelsk avis om de drepte på musikkfestival:

Hamas ville ta gisler, Israel drepte mange av sine egne.

Forrige innlegg

Stoler ikke norske myndigheter på sin egen befolkning?

Hvorfor dette hemmeligholdet?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.