POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Enda en kjent vitenskapsmann advarer:

Ikke slipp covid-vaksinene inn i kroppen din.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dr. Sucharit Bhakdi: COVID-19-«vaksine» øydelegg hjarta og hjernane på milliardar menneske

av Dr. Sucharit Bhakdi og Greg Hunter

Global Research, 1. november, 2022

Greg Hunter’s USAWatchdog 29. oktober 2022

Globalt anerkjend mikrobiolog og virolog, professor Sucharit Bhakdi MD har mottatt mange prisar innan medisin og anna vitskap, og har publisert over 300 fagfellevurderte forskningsrapportar. Dr. Bhakdi var ein av dei første blant topp-doktorar i verda som åtvara om CV19-«vaksinen» sine dødelege og svekkande verknadar. Han hadde rett. Dr. Bhakdi seier det finst bevis for at injeksjonane medfører uboteleg skade dersom dei når hjartet eller hjernen.

Dr. Bhakdi tar for seg ein obduksjon som fann desse resultata, og forklarer:

«I fleire delar av hjernen til denne avlidne mannen har doktoren funne same tingen … Han fann dei fordømte pigg-proteina i dei minste kapillærane i hjernen … Det går ikkje å reparere, for det han fann, var at desse små kara var angripne av immunsystemet og øydelagde. Doktoren fann uimotseielege bevis på skade på hjerneceller som er daude eller døyande. Denne stakkars fyren døydde fordi hjernecellene hans døydde … han hadde dette multifokalt, altså på mange ulike plassar, nekrotisering, encefalitt …

Han hadde typiske ting som vi no ser i folk etter vaksinering. Dei mistar personlegdommen sin. Dei mistar vitet. Dei mistar evnen til å tenke. Dei blir demente. Dei kan ikkje høyre, dei kan ikkje snakke, dei kan ikkje sjå. Dei er ikkje lenger dei menneska dei var. Dei er øydelagde menneske. Hjernane deira er øydelagde.

Doktoren fann noko som var så grufullt at han var nøydd å få det publisert med det same.  Det vart publisert den 1. oktober, 2022, i “Vaccines”, som er  ein leiande vitskaps-journal.  Det er fagfellevurdert, og det vart akseptert med det same… Det kan lesast av alle. Eg ber dykk innstendig om å lese den. Doktoren som gjorde obduksjonen fann at det same som skjedde med hjernen også skjedde i hjartet. Det skjedde i hjartet til den same pasienten. Han såg desse same forbanna djevelsk designa pigg-proteina. Dette betyr at genet som forbrytarane injiserte inn i milliardar av folk når blodkara i hjernen og hjartet. Dei drep folk. Dei drep folk på den mest grufulle, skrekkelege og pinefulle måten.»

Dr. Mike Yeadon sier også at mRNA-vaksinene ikke er trygge.

Dr. Ryan Cole, dr. Mike Yeadon og eg seier alltid same ting. Du må forstå at vi ikkje kjende kvarandre før Covid kom, og det er så mange andre. Dei er ikkje dumme, og dei er flotte og intelligente folk, og om alle seier same sak, må du byrje å tru at vi kan ha rett. Om vi har rett, og eg seier det ikkje er eg, eg er ein av tusentals, og desse tusen på tusen kanskje har rett, så tar du livet av deg sjølv og barna dine og dine kjære. Korfor gjer du det? Korfor?

Dr. Bhakdi kjempar for at verda må stoppe desse injeksjonane no … og Covid er ei «kriminell skrøne».

Avsluttande seier dr. Bhakdi:

«Eg er redd for å seie det, men framtil for eitt og eit halvt år sidan var eg ein vitskapsmann. No ser eg kva som skjer. Eg må innrømme at kollegaane og vennane mine, som har sagt meg at dette er folkemord, kan ha rett. Eg veit ikkje, men eg kjenner på meg at det ikkje kan vere nokon annan agenda. Det finst inga anna forklaring. Det finst inga anna forklaring, for det er tydeleg at desse gen-baserte vaksinane ikkje er nødvendige ettersom vi ikkje har med eit drapsvirus som øydelegg menneskearten å gjere.

Alle som seier noko anna, lyg deg openlyst rett opp i fjeset. For det andre er det openlyst at desse såkalla vaksinane aldri heller kunne verne mot infeksjon… For det tredje, og det verste av alt, er desse gen-baserte vaksinane det mest skrekkinngytande instrumentet som nokon gong har blitt sleppt inn i menneskekroppen for å øydelegge folk … Desse vaksinane kjem til å øydelegge menneskeslekta.»

Det er mykje meir i det 53 minutt lange intervjuet.

Sjå Greg Hunter frå USAWatchdog.com ansikt til ansikt med den globalt anerkjende mikrobiologen og virologen, professor Sucharit Bhakdi, MD, den 29. oktober, 2022: 

Dr. Bhakdi seier den tyske regjeringa forfølgjer han med totalt falske skuldingar om anti-semittisme, men eigentleg blir han straffa for å tale ut om CV19-kvaksinen. Tidleg fortalde han folk at dei ikkje måtte ta CV19-injeksjonane. Viss han blir dømd, risikerer han 5 år i fengsel, seier dr. Bhakdi. Rettssaka hans kjem opp i 2023.

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Klimasaken som påskudd

Kjøtt er bra for folkehelsen

Forrige innlegg

Nå nærmer vinteren seg.

Den vestlige propagandaen rakner i Tyskland.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.