NATO held fram avvæpninga si
Henta frå Moon of Alabama. Omsett av og henta frå saksyndig.
NATO held fram sitt avvæpningsoppdrag.
«Frankrike skal sende 12 ekstra, kraftige Caesar-haubitsar til Ukraina
Den franske forsvarsministeren Sebastien Lecornu si erklæring om at Frankrike vil sende 12 ekstra Caesar-haubitsar til Kyiv [Kiev] er ‘tydelegvis viktig for ukrainarane, spesielt Caesar-artillerisystemet,’ sa FRANCE 24 sin leiande utanriksredaktør Robert Parsons.
…
‘Dei har vore særs vellykka i Ukraina, so ukrainarane er eg sikker på vil glede seg over å få 12 fleire. Eg trur det til saman vil bli meir enn 40 no, nærare 50, Caesarar i Ukraina’.»
Frankrike har berre 77 Caesar-haubitsar igjen. Andre er derimot dårlegare stilt.
«Estland sender alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina
Estland vil donere alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina som del av sin mest omfattande militærbistand til dags dato.
Pakken, som tidlegare var rapportert å vere verdt 113 millionar euro (122 millionar dollar [vel 1,2 milliardar norske kroner; oms.an.]), er venta å forsterke Kyiv si forsvarsevne under ein periode med vedvarande russisk aggresjon.
Estland opererer for tida 24 NATO standard FH-70 taua haubitsar.
Bortsett frå haubitsane vil Tallinn sende tusenvis av 155-mm artillerigranatar og hundrevis av Karl Gustaf antistridsvogn-granatkastarar.»
Vi veit korleis alt det artilleriet vil ende opp.
For fleire veker sidan lanserte Russland ein spesial-kontraartilleri-kampanje. Der er kontraartilleri-radarar sett av til det føremålet, elektronisk krigføring og luftborne overvakingssystem og langtrekkjande artilleribatteri med presisjonsammunisjon engasjert i denne.
So i dag gjorde eg litt stabsarbeid og oppsummerte den påståtte artilleriøydelegginga slik den vart lista i den daglege «kvestelista» som kjem frå det russiske forsvarsministeriet.
Her er resultata.

I løpet av dei siste sju dagane påstår Russland å ha øydelagt totalt 40 lastebildregne haubitsar, 32 sjølvgåande haubitsar, 8 fleirrakettkastar-system (MRLS [Multiple Rocket Launcher Systems]), 15 kontrartilleri-radarar og 23 lokale artilleriammunisjonsdepot.
På toppen av det engasjerte dei ukrainske artilleriposisjonar med normal kontraeld i 651 tilfelle. Dette skal ha forårsaka tilleggsskade og -tap.
I tillegg vart 55 MLRS-rakettar og HARM antiradarmissil avbrotne av russiske forsvarssystem.
Dersom du trur at feltrapportane som ministeriet får overdriv tala, som er sannsynleg, ta rett og slett og del dei i to.
På berre éi veke var dette likevel meir enn Estland og Frankrike lover å levere.
I går forklarte eg kvifor ein NATO eller amerikansk intervensjon med bakketroppar er usannsynleg. Vi kan leggje til den akutte mangelen på NATO-artilleri og artilleriammunisjon til grunnane.
NATO har avvæpna sine eigne bakkestyrkar og er ikkje lenger stridsdyktig.
Forsidebilde: Scandinavian Backlash
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 396 ganger.
1 kommentar. Leave new
”NATO har avvæpna sine eigne bakkestyrkar og er ikkje lenger stridsdyktig.”
Det er dette som gjør at jeg tror at krigen i Ukraina ikke er hva det ser ut til. Krigen i Ukraina er ikke en krig mot Ukraina eller Russland, men en krig mot Europa. Krigen gjør at Europa blir et tomron forsvarsmessig, og som vi vet eksisterer ikke tomrom så veldig lenge. Tomrom har en tendens til å bli fylt. Hvem vil overta det europeiske tomrommet når Europa har avvæpnet seg selv? USA? Russland? Kina? Eller andre?