POSTED IN Israel, Palestina

Det var forhandlinger i Qatar.

Forhandlingene mellom Hamas og Israel ble brutt.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Forhandlingar med Hamas og Islamsk Jihad 

Ifølge FN har to tredjedelar av Gazas innbyggarar forlate sine heimar og flykta. Nesten heile Gaza City er øydelagd. Fleire enn 11 000 palestinske sivile er drepne, inkludert fleire enn 5000 barn.

Den 15. november vedtok FNs Sikkerheitsråd (UNSC) sin første resolusjon (Nr. 2712) om den israelsk/palestinske krigen, etter fem veker av konflikten. Resolusjonen «ber om livsviktige, lengre humanitære pausar og korridorar gjennom Gazastripa i tilstrekkeleg mange dagar.» Den ber og om «umiddelbar og vilkårslaus frislepping av alle gislane som Hamas og andre grupper held, særleg barn.» Denne resolusjonen refererer ikkje til Hamas eller Israel, slik det russiske resolusjonsutkastet, som Vesten la ned veto mot, gjorde. Men den ber om ein pause, i staden for å kreve våpenkvile. Israel erklærte straks at dei ikkje ville rette seg etter Sikkerheitsrådets ønske, og for å sette handling bak orda, bomba IDF sønder og saman familieheimen til Hamas’ politiske leiar Ismaël Haniyeh, som no oppheld seg i Qatar.

Ismaël Haniyeh

Ifølge Associated Press (AP) besøkte CIA-direktør William Burns Qatar den 9. november. Han skal ha møtt motparten sin frå Mossad, David Barnea, og statsminister Sheikh Mohammed bin Abdulrahman Al Thani. Dei tre mennene skal ha gitt ei oppdatering på forhandlingane med Hamas og Islamsk Jihad med mål om å få gislane frigitt. 

Ifølge ei qatarisk kjelde snubla forhandlingane på tre punkt:

  • – Den Palestinske Resistansen krev at Israel slepp fri sine sivile fangar i byte mot eit frislepp av sivile gislar;
  • – Israel går berre med på ein tre-dagars våpenkvile, medan Den palestinske resistansen krev fem.
  • – Den Palestinske Resistansen krev at IDF ikkje berre legg ned våpena, men også stoppar droneovervakinga av Gaza; dei påpeikar at dei ikkje kan risikere å avløre gøymeplassane sine når dei frigir gislane.

USAs president Joe Biden sa han trudde frigivninga av gislar haldne i Gaza «kjem til å skje, men eg vil ikkje gå i detalj.» «Hold there. We’re coming!»

I mellomtida prøver Mossad å samle Vestleg støtte. Til dette har dei instigert demonstrasjonar mot [Hamas sin] anti-semittisme i storbyar i Vesten. I tillegg organiserer dei private framsyningar av IDF-filmen om 7. oktober-massakren. Kommentarane deira får publikum til å tolke det slik at berre Hamas deltok i angrepet, at dei valdtok og skar opp offera sine (éin angripar prøvde forgjeves å kappe hovudet av eit lik). Framfor alt blir det antyda at offera, særleg dei brende folka, alle vart drepne av palestinarane – sjølv om dei viser nedslagsfelta etter sine eigne missilangrep (Hannibal-direktivet). Berre det belgiske parlamentet nekta å sjå filmen.

Palestinske mødre møter dagleg opp utanfor okkupasjonsfengsela der sønene deira no sit utan kontakt med omverda

I realiteten var Den Palestinske resistansen sitt angrep eit militært raid med målsetning å kidnappe gislar for utveksling. Angriparane hadde ikkje tid til verken valdtekter eller å kutte offera sine i bitar.

Redaktøren

Voltaire Network

Voltaire International Newsletter N°61-62 – November 17, 2023 

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 285 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Jeg synes Israel skal vinne, jeg.
    Det står i bibelboka . – Og i spådommene. Og Holocaust er jo allerede unnagjort .( sies det.)

    ;-).

    Gjengitt etter mine religiøse slektninger.
    Så da så.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Skremmende perspektiver.

Forberedes en ny «pandemi» med tilhørende tiltak?

Previous Post

Den kristne kirken er truet.

Går den mot slutten i Gaza?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.