POSTED IN Krig-fred, Midt-Østen

Det spisser seg til i Rødehavet.

USA vil beskytte Israel ved å beskytte skipstrafikken til landet.

0
Print Friendly, PDF & Email

Nytt frå Raudehavsfronten

Ansar Allah trappar opp sine angrep på skip i Bab El-Mandeb-sundet. Dei går ikkje berre mot israelske reiarar, men også mot andre som stoppar i Israel. Desse angrepa råkar Israel direkte, ettersom økonomien der er nede for telling medan alle arbeidarane har blitt mobiliserte på Gaza-fronten. Tel Aviv importerer no alt dei konsumerer. Stenginga av sundet tvingar Israel til å transportere importvarene sine via andre, mykje dyrare ruter. I tillegg fyk forsikringspremiane i veret for israelske skip og skip som stoppar i Israel.

Timothy A. Lenderking er en amerikansk diplomat som ble utnevnt til USAs første spesialutsending for Jemen 4. februar 2021. (Fra Wikipedia)

USA har derfor tatt i bruk ein ny strategi for å trygge sin israelske allierte. President Bidens spesialutsending til Jemen, Timothy A. Lenderking, har byrja vekke opp militsgruppene som UAE danna under krigen der Saudi-Arabia var alliert med Israel. Men alliansane har endra seg. Overgangsrådet er venta å proklamere ein uavhengig stat, og dermed stadfeste delinga av landet. Washington har til hensikt å gjere så mykje skade som mogleg på Ansar Allah (som Vesten nedsettande kallar «houtiar»), og til sist tvinge dei til å gi opp aksjonane sine i Bab El-Mandeb-sundet.

Samtidig konsulterer «Tim» Lenderking med sine allierte i regionen for å sondere kva slags unilaterale (ensidige) tvangstiltak (feil kalla «sanksjonar» av USAs propaganda) som kan settast inn, og kva slags militær koordinasjon som kan organiserast. 

Allereie har eit Ansar Allah-missil angripe den franske FREMM-frigatten Languedoc, som kom den norske, Mowinckels-eigde oljetankaren Strinda til unnsetning. Oljetankaren var på veg frå Malaysia til Israel og Italia, og fregatten måtte skyte ned to bakke-til-sjø-missil for å redde den.

Ansar Allah, som i årevis har blitt ideologisk trent av Iran, har sin eigen logikk. I motsetning til det Vesten trur, set dei sine eigne mål, sjølv om dei er avhengige av Tehran for våpen. No planlegg dei å sende massive mengder krigarar til Gaza. Vi snakkar rundt 500 000 menn. 

Utdrag frå Voltairenets nyheitsbrev, 15. desember, 2023

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Stol ikke på Aftenposten

Tidligere propagandist for Hitlers Tyskland og nå for sionist-jøders «Israel»

Forrige innlegg

Tilbaketoget er forsiktig begynt i Tyskland.

En statlig nyhetskanal: Koronaskeptikerne hadde rett.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.