POSTED IN Asia, Kupp/Fargerevolusjoner

Det fallerte imperiet prøver seg hele tiden.

Prøver USA å organisere en fargerevolusjon i Bangladesh?

0
Print Friendly, PDF & Email

Russland åtvarer om at USA kan organisere ein fargerevolusjon i Bangladesh

ANDREW KORYBKO

Maria Zakharova har avslørt at den US-amerikanske ambassadøren nyleg møtte ein høgt rangert medlem av opposisjonen og lova «informasjonsstøtte» dersom dei starta slagsmål med politiet under komande protestar.

Russlands utanriksdepartements talskvinne Maria Zakharova åtvara under ein pressekonferanse førre veke om at USA kan starte ein Fargerevolusjon i Bangladesh. Ho avslørte at USA sin ambassadør i landet nyleg hadde møte med ein høgtståande medlem av opposisjonen og lova dei «informasjonsstøtte» dersom dei starta slagsmål med politiet under komande protestar. Ho samanlikna denne ambassadøren med Victoria Nuland og antyda at Bangladesh snart kunne kome til å få erfare sitt eige «EuroMaidan».

Ein talsperson for USAs utanriksdepartement reagerte raskt med å  kalle påstanden hennar «medviten feilrepresentasjon av USA sin utanrikspolitikk og ambassadør Haas sine møte», at USA ikkje har nokon favoritt-vinnar til valet tidleg i januar, og at dei berre vil at valet skal vere fritt og rettferdig. Men det finst truverdige grunnar til å mistenke denne talspersonen for å lyge på alle desse tre punkta, slik det er forklart i tre analysar før i år.

Det kom til valdelege samastøytar i Dhaka då tusentals tekstilarbeidarar den 2. november i år demonstrerte for høgare løn. Inflasjonen stig der i landet og, og demonstrantane var ikkje nøgde med regjeringa sitt tilbod om ein lønsauke på 56,25%.
Sheikh Hasina


Kort sagt anklaga statsminister Sheikh Hasina USA for å legge planar om å styrte ho i fjor vår, truleg motivert av ønsket om å straffe Bangladesh fordi dei motsette seg Vestens anti-russiske sanksjonar. No har dei eit endå viktigare motiv for å prøve, sidan det kunne sette større press på nabolandet India, som óg har motsett seg dei sanksjonane, og som USA har fått eit anstrengt forhold til på grunn av Anglo-sfærens solidaritet med Canada midt i ein eskalerande disputt.

«Indias kveitebrødsdagar med Vesten kan endeleg vere over» etter at Financial Times rapporterte førre veke at USA skal ha anklaga India bak kulissane for å ha prøvd å ta livet av ein person med dobbelt statsborgarskap (US-amerikansk og bangladeshisk) som Delhi har utpeikt til terrorist-separatist. Med omsyn til dette, kan ein provoserande argumentere for at det ikkje finst nokon grunn til at USA ikkjeskulle prøve å iscenesette ein Fargerevolusjon i Bangladesh, sjølv om det gjenstår å sjå om dei faktisk kjem til å gjere det. Uansett er det verdt å halde eit auge med.


* 16. april: “Why’s The US Scheming To Carry Out Regime Change In Bangladesh?

* 26. august: “India’s Reported Pushback Against US Meddling In Bangladesh Is Driven By Security Concerns

* 31. oktober: “Five Emerging Challenges To Indian Security Could Converge Ahead Of Next Spring’s Elections

Omsett av Monica Sortland

https://korybko.substack.com/p/russia-warned-that-the-us-might-orchestrate

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Bedre å sanksjonere russisk gass selv om det fører til voldsom økning i CO2-utslipp.

Klimaendringene var ikke så viktige likevel.

Previous Post

Bokanmeldelse:

«Komplottet mot President John F. Kennedy»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.