Ny vaksine som ikkje er testa på menneske … Har du lyst å prøve den?
Clayton Morris
FDA har godkjent ein ny Covid-vaksine frå Novavax for alle over 12 år. Det gjorde dei på grunnlag av tidlegare data om tryggleik og effektivitet i staden for kliniske studiar med denne vaksinen.
Godkjenninga av dei nye Pfizer- og Moderna-vaksinane vart gjort på same måten. Ingen nye kliniske studiar*. Kven treng vel slike!? Dersom CDC godkjenner denne nye vaksinen slik dei gorde for Pfizer og Moderna, vil dei gjere det med naudbruksgodkjenning (Emergency Use Authorization, EUA), og dei vil bli distriberte og betalt for av den føderale regjeringa.
CDC laug for å skjule risikoen for myokarditt hos barn som følge av vaksinen. Då den tidlegare direktøren for CDC, Rochelle Walensky, vitna framfor Kongressen den 27. april, 2021, sa ho dette om vaksine-relatert myokarditt: «vi har ikkje sett rapportar [om det].»
Men ho var informert på e-post om akkurat dette. E-post som Epoch Times-journalist Zachary Stieber fekk tak i ved hjelp av innsynsrett-lova Freedom of Information Act, viser at det var 27 tilfelle av myokarditt, myoperikarditt og perikarditt (inflammasjon i hjarteposen) i VAERS [database over innrapporterte vaksinebiverknadar], og at CDC visste om dette så tidleg som 23. februar, 2021.
CDC fekk også førespørsel frå Israels helseminister om å ha eit fellesmøte for å diskutere dette. Walensky debrifa Det kvite hus om myokarditt i mai, 2021. Så ho laug til Kongressen om myokarditt, noko som er eit brotsverk.
Stieber rapporterer også om at minst 277 000 tilfelle av “breakthrough Covid”, altså folk som fekk Covid etter vaksinering, vart melde inn til CDC, men ikkje til folket.
—
* Kor gode dei kliniske studiane var, kan også diskuterast. Her henta frå Tidsskriftet:



Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 382 ganger.
2 kommentarer. Leave new
» FDA har godkjent ein ny Covid-vaksine frå Novavax for alle over 12 år. »
Så er det godt å vite; – at vi, både som foreldre og som autoiteter over eget liv, kan takke nei til alle injeksjoner både fra folk på Plata i Oslo, og fra politikere i Oslo.
Når de prøver å pushe på oss disse injeksjonene , ‘gratis ‘ eller ikke , -kan vi takke nei.
Hvis de prøver med fysisk /politisk eller mental tvang bør vi møte de de både med fysisk og mental motstand. Husj, ut av huset.
Vanskeligere trenger det ikke være.
Men vi bør slutte å tro at disse er altrurister.
De er kjøpte og forrvirrede makt- politikere.
Husj, ut av huset.
Hvis ingen «kjøper» vaksinen-dør produksjonen! Bjarn Håkon Hansen kjøpte vaksine til hele Norge. Det farmasøytiske selskapet han kjøpte av, var på konkursens rand. Etterpå viste det seg at Stoltebergerne hadde kjøpt aksjer!? Og du, det farmsøytiske selskapet hadde plutselig gigantiske overskudd! Forbrukeren har all makt!