POSTED IN Konspirasjoner / Sammensvergelser, USA

Twitterfilene er en rein gullgruve for konspirasjonsavsløringer:

FBI drev med valgmanipulasjon via sosiale plattformer.

1 kommentar

Twitter-filene beviser at FBI laug til Big Tech for å stele val

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Mykje ser dagens lys via Twitter-filene, inkludert fjell av bevis som impliserer den sosiale medieplattforma til ting som sensur, svartelisting og barneporno. Du kan òg leggje til valinngrep gjort av FBI til den lista, ifølgje det siste sleppet av filer.

Twitter er en mikrobloggingtjeneste og nettsamfunn som lar brukerne sende og lese andre brukeres meldinger som på engelsk er kalt tweets. Ordet twitter er engelsk og betyr kvitter, som i fuglekvitter. Wikipedia

Vi veit no at FBI greip inn i 2020-valet ved å lyge til tech-gigantar om Hunter Biden laptop-skandalen. Ikkje berre Twitter, men òg Facebook og mange andre var på mottakarsida for desse FBI-løgnene.

Hunter sin laptop dukka opp i nyheitssyklusen 14.oktober 2020, då New York Post publiserte ein artikkel om den ved namn «Smoking-Gun Email Reveals How Hunter Biden Introduced Ukrainian Businessman to VP Dad». Som tittelen antydar, beviste desse e-postane at Hunter og hans kriminelle far Joe var engasjert i djupstatsforræderi.

E-postar, tekstmeldingar og videoar henta frå harddisken til Hunter sin laptop inkriminerer fullt og heilt sonen til den falske presidenten, so vel som den falske presidenten sjølv. Og likevel påverka FBI Twitter og andre sosiale medieplattformer til å sensurere det som «falske nyheiter».

Ved å bruke sin «hacka materiale»-policy som ei orsaking, utførde Twitter systematisk utestenging av New York Post-historia, slik at den ikkje kunne delast. Dei suspenderte til og med den offisielle kontoen til avisa som straff.

Jim Baker, Twitters dåverande Deputy General Counsel, saman med Yoel Roth, Twitters dåverande leiar for «Trust and Safety», var begge einige om at New York Post-artikkelen måtte sensurerast. Roth erkjende at situasjonen var «i ferd med å dukke opp», men sa at «fakta forblir uklare» – og det var det.

Baker var einig i at «vi treng fleire fakta for å vurdere om materialet var hacka», og la til at «det er rimeleg for oss å anta at dei kan ha vore det, og at ein gjer rett i vere varsam».

«Der er somme fakta som indikerer at materialet kan ha blitt hacka, medan der er andre som indikerer at datamaskina anten vart forlaten og/eller at eigaren samtykte til å late PC-butikken få tilgang til den i det minste for somme føremål. Vi treng rett og slett meir informasjon,» sa Baker vidare.

Hjelpte FBI til med å stele 2020-valet for Biden og kriminalitetsfamilien hans?

Det viser seg at ingen av dokumenta som vart skaffa frå Hunter sin laptop var hacka. Den uavhengige journalisten Matt Taibbi oppdaga via Twitter-filene at verken Baker eller Roth sat på nokon vesentlege bevis som antyda at «fakta» som vart skaffa frå Hunter sin laptop var hacka.

Hunter Biden – Wikipedia
Robert Hunter Biden er en amerikansk advokat og lobbyist, og den andre sønnen til USAs 46. president Joe Biden. Han var med å grunnlegge Rosemont Seneca Partners, et internasjonalt konsulentfirma. Biden satt i styret av Burisma Holdings, en stor ukrainsk naturgassprodusent, fra 2014 til 2019. Wikipedia

Sjølv om «fleire kjelde erindra å høyre om ei ‘generell’ åtvaring frå føderalt politi den sommaren om moglege utanlandske hackingar, er der ikkje nokon be is – som eg har sett – på noko som helst statleg involvering i laptop-historia,» klargjorde Taibbi vidare.

Drivkrafta bak «hackar»-forteljinga var FBI, som gav ei åtvaring til Twitter og andre om at Hunter laptop-historia og det som vart avslørt rundt den var ein «trugsel». Dette dreiv dei til å straks lyde og sensurere historia.

«På dette punktet hadde den føderale regjeringa på liknande vis fått selskapa til å sensurere slik visstnok vondsinna forstyrring av vala våre, som igjen er nøyaktig det Twitter og Facebook gjorde då historia kom ut,» legg Margot Cleveland, ein skribent for The Federalist, til.

Det viser seg at Roth innrømte alt dette i eit brev frå 21.desember 2020 til Den føderale valkommisjonen [Federal Election Commission, FEC], der det var vedlagt ei underskriven erklæring frå Roth. Roth skreiv at «sidan 2018 har vi hatt jamlege møte med Kontoret til direktøren for nasjonal etterretning [Office of the Director of National Intelligence], Department of Homeland Security, FBI og industrifagfellar når det gjeld valtryggleik.»



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 312 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Ved å bruke sin «hacka materiale»-policy som ei orsaking, utførde Twitter systematisk utestenging av New York Post-historia, slik at den ikkje kunne delast. Dei suspenderte til og med den offisielle kontoen til avisa som straff. »

    Og denne sensuren/utestengingen var helt greit for media.
    Men når Musk, etter overtagelse av Twitter, utestengte de ‘ journalistene’ som la ut filer/opplysninger om hvor Musk til enhver tid befant seg geografisk, så ble selvfølgelig Musk demonisertog latterliggjort for sensur.
    ( Selvfølgelig også når han tillot Trump å benytte Twitter igjen, som tidligere-Twitter hadde utestengt.)

    Det er blitt mer enn Orwelsk etterhvert. Alt blir snudd på hodet. Målet er antagelig full forvirring.

    ‘Hva vinner løgnerne med løgnene? At vi ikke lengre tror at NOE er sant. ‘

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Den britiske regjeringen ville høste skryt for vaksinestarten for 2 år siden.

Fikk kommentarfeltene midt i fleisen.

Previous Post

Predatorisk kapitalisme

Vestens økonomiske elite raner til og med Vesten

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.