POSTED IN Diverse

Treng vi moralske påbud?

Treng naturen skogbrannar?

0

Svein Grødaland:

Må vi få eit påbud? «Du skal ikkje…»?

Rart at så mange må ha eit imperativ, du må, du bør. Eller: Du må ikkje, du bør ikkje. Du skal ikkje. Du kan ikkje. Spesielt innanfor religionen er det mange av desse. Predikantane brøler til meg på facebook. Stort sett amerikanske. Nitti prosent svada, resten er imperativ. Alt eg må. Det vesle som er att av religion, druknar i støy.

Fenomenet fins og i verdsleg drakt: trim, ikkje et fett, ikkje sukker, vær idealist, vær eit godt menneske, tenk på dei fattige i Afrika, klimaet. Støtt krigen i Ukraina. Apropos klima. I år får klimaet skulda for alle skogbrannane. Så kjem stillferdige røyster og tonar med dramatikken. Tre sentrale poeng: Naturen treng skogbrannar, ironisk nok for å hindra ennå større brannar. Små brannar svir vekk brannfarleg skogbotn. For det andre: Det både planter og insekt som er avhengige av at det brenn av og til. For det tredje: Planta skog er meir utsett for brann enn naturskog. Strigla rekker med granskog brenn fortarer enn annan skog. Så ligg ikkje ansvaret på klima likevel. NRK hadde nyleg eit program om dette.

Kva med å snu på alt dette?

Eg tenker ikkje slik. Eg må ingen ting. Eg bør ingen ting. Ingen andre har noko med å bestemma kva eg bør.

Eg har mitt etiske kompass som seier meg noko om kva som er rett og galt. Alle har eit slikt. Det kompasset er meint til eige bruk. Det skal ikkje brukast opp på å passa på alle andre.

Den gamle Boka sine forteljingar om farisearen handlar om menneske som først og fremst passar på alle andre. Ein farisear i full aktivitet er ikkje noko vakkert syn der han, eller ikkje minst ho, passar på moralen. Når eg stressar den kvinnelege farisear her, er det fordi at kvinnene ofte er dei sterkaste tradisjonsberarane både på godt og vondt. Sjølv om mannfolka bestemmer på papiret, ligg dei sterke kvinnene bak og passar på at alt skjer innanfor tradisjonen.

Det er kanskje bedre å stikka innom ein nabo eller ven eg ikkje har sett på lange tider?

Mennesket er slik laga at me bryr oss mest om dei nære ting. Derfor skal vårt engasjement først og fremst brukast ansikt til ansikt, menneske til menneske.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Iran lar seg ikke presse.

USAs nye sanksjonstrussel er en bløff.

Forrige innlegg

Makten bak makten i 500 år:

Rothschild-familien.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.