Dr. Mercola: Global organisasjon prøver å få slutt på ytringsfridom over heile verda
Av Dr. Joseph Mercola.
Henta frå nettstaden www.mercola.com. Sjølve linken til originalartikkelen er til ei PDF-fil på saksyndig sin private Google Drive, ettersom Dr. Mercola sjølv slettar artiklar etter 48 timar på grunn av vondsinna hets og svertekampanjar frå den offisielle forteljinga.
Artikkelen er nokso lang, men Steigan har kortversjonen.
Dersom du mistenkte at sensur vart koordinert på ein global skala, ville du ha rett. The International Grand Committee on Disinformation (IGCD; fritt omsett som “Den internasjonale storkomitéen for feilinformasjon”, oms.an.) består av “ei internasjonal samling av lovgjevarar, politiske rådgjevarar og andre ekspertar» som arbeider saman for «å smi internasjonale alliansar som tek med seg delte, effektive strategiar til kampen mot nettbasert feilinformasjon». Kva kan gå gale?
_______________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
_______________________________________________________________________________
Ideen bak IGCD kom frå fire medlemmer av dei britiske og dei kanadiske parlamenta: Damian Collins og Ian Lucas frå Storbritannia, og Bob Zimmer og Nathaniel Erskine-Smith frå Canada. Det fyrste møtet i IGCD fann stad i slutten av november 2018, so dei har jobba stille i bakgrunnen i lang tid allereie.
Sidan har dei halde møte i Canada og Storbritannia og vore vert for seminar i USA, der spirituelle leiarar, journalistar, teknologiutøvarar, «subject matter experts» og parlamentære leiarar frå 21 land (Argentina, Australia, Belgia, Brazil, Canada, Costa Rica, Ecuador, Estonia, Finland, Frankrike, Georgia, Tyskland, Irland, Latvia, Mexico, Marokko, Singapore, St. Lucia, Sverige, Storbritannia og USA).

Ifølgje IGCD fungerer organisasjonen som eit «forum for informasjonsdeling, samarbeid og harmonisering av politikk for å… oppnå felles mål blant demokratiske statar. Ikkje bry dykk om det faktum at demokrati ikkje kan eksistere utan ytringsfridom».
Logistikk for gruppa er tilbydd av ei stifting kalla «Reset», som kjennest ut som ein ikkje fullt so subtil påminnar om at sensur er eit krav for Den store nullstillinga (engelsk The Great Reset). Dei veit at folk aldri ville gå med på Nullstillingsplanen dersom dei fekk lov til å fritt diskutere konsekvensane.
Lovforslag om nettryggleik har som mål å stengje for motforteljingar
IGCD hjelper til med å setje lys på den teknokratiske frontgruppa kjent som Centers for Countering Digital Hate (CCDH; fritt omsett ‘sentra for å motverke digitalt hat, oms.an.), ettersom ein av styremedlemmane i CCDH, parlamentsmedlem Damian Collins, òg er ein av grunnleggjarane til IGCD. Begge gruppene vart danna i 2018 og har openbert dei same måla og agendaen.

Eit av dei måla er å eliminere ytringsfridom på nettet, som er kva Storbritannia sitt lovforslag om nettryggleik vil oppnå. Ikkje overraskande er Collins del av komitéen for lovforslaget om nettryggleik, sett til å undersøkje lovforslaget «linje for linje for å vere sikker på at det er passande for sitt føremål».
I eit blogginnlegg frå 11.august 2021 bad Collins om hjelp frå folket til å spore opp motforteljingar, ved å ta skjermbilete av det fornærmande materialet og sende det til han på e-post.
«Med mindre skadeleg innhald er rapportert, om det er forferdelege bilete av sjølvskading, valdeleg eller ekstremistisk innhald eller anti-vaksine-konspirasjonsteoriar, kan det elles vere ukjent for regulatorar og regjeringar,» sa han.
Det er umogleg å ikkje få med seg at Collins blandar «anti-vaksine»-innhald saman med valdeleg og ekstremistisk innhald som må bli sensurert og, i røynda, det er truleg ein av toppkategoriane av informasjon som dette lovforslaget har som mål å kontrollere.
Som iNews rapporterte, «Statsministeren [Boris Johnson] har gjentekne gonger insistert at kreftene innåt i lovforslaget vil hjelpe til med å slå ned på… anti-vaksine-feilinformasjon.»
Lovforslaget om nettryggleik er «katastrofalt for ytringsfridom»
Medan somme kan tenkje at det er ein god idé å mate med teskei «korrekt» informasjon om vaksinar til folk, er det viktig å innsjå at medan vaksinar er dagens tema, kan eit anna tema i morgon som er nært og kjært til hjarta dykkar bli vurdert som utafor grensene for offentleg diskusjon. So det å støtte sensur i kvar ei form er ei ferd mot avgrunnen som kjem til å kome tilbake og bite dykk når det minst ventar dykk.
Som BBC News rapporterte, Legal to Say. Legal to Type-kampanjen åtvarar at dersom lovforslaget om nettryggleik blir ei lov, vil Big Tech-selskap kome i ein posisjon med ekstraordinær makt:
«Medan gruppa støttar lovforslaget sitt mål om å sikre seg at nettplattformer fjernar bilete av seksuelt misbruk av barn, terroristmateriale og innhald som oppfordrar til rasehat og vald, fryktar ho at andre provisjonar vil påverke fri ytring på ein uheldig måte …
Under lovforslaget vil Ofcom [det britiske kommunikasjonskontoret] bli gjeven makta til å blokkere tilgang til nettsider og bøteleggje selskap som ikkje beskyttar brukarar frå skadeleg innhald med opp til 18 millionar pund, eller 10% av årleg global omsetning, kva enn som er høgast.
Kampanjeleiarar hevdar at dette gjev tech-selskap ein incentiv til å «over-sensurere» og «[at dei] effektivt outsourcar Internett-politiarbeid frå politiet, rettane og parlamentet over til Silicon Valley’ …
Mr. [parlamentsmedlem David] Davis skildra lovforslaget som eit ‘juridisk bindande dokument av sensur’ (mi omsetjing av censor’s charter). Han la til: ‘Lobbygrupper vil vere i stand til å presse sosiale nettverk til å fjerne innhald som dei ser på som politisk ukorrekt, sjølv om innhaldet er lovleg’…
Kampanjeleiarar er òg bekymra for at teknologiselskap kan bruke kunstig intelligens for å identifisere skadeleg innhald. Det, seier dei, kan introdusere rase-partiskheit og vil feilaktig sensurere språk, ‘spesielt når det kjem til ironi-elskande britar’.»
Amerikanske demokratar går til åtak på ytringsfridom

I mellomtida, i USA, vil Health Misinformation Act, introdusert av Senator Amy Klobuchar (demokrat frå Minnesota) og Senator Ben Ray Luján (demokrat frå New Mexico) setje på vent Communications Decency Act Section 230-beskyttelse i tilfelle der sosiale medianettverk er vurdert å fremje «anti-vaksine-konspirasjonar» og halde dei ansvarlege for slikt innhald. I ein artikkel frå 22.juli 2021 rapporterte Tech Crunch:
«Lovforslaget vil spesifikt endre språket i Section 230 for å trekkje tilbake ansvarsvern i tilfellet om ‘helserelatert feilinformasjon som er skapt eller utvikla gjennom den interaktive datatenesta’ dersom denne feilinformasjonen er forsterka gjennom ein algoritme.
Det føreslegne unntaket vil berre bli gjeldande under ei erklært nasjonal helsekrise, slik som COVID-19, og vil ikkje gjelde i normale tider. Lovforslaget vil gje den amerikanske helse- og omsorgsministeren oppgåva å definere helserelatert feilinformasjon.»
Akkurat som det britiske lovforslaget om nettryggleik, vil Health Misinformation Act vere ein open portal for misbruk. Ironisk stoler faktisk lovforslaget på feilinformasjon for å leggje fram saken sin. Det nemner spesifikt CCDH sin «Disinformation Dozen» (‘feilinformasjonsdusinet’) rapport, som feilaktig hevdar at eit dusin individ, inkludert meg sjølv, er ansvarlege for størstedelen av «anti-vaksine-feilinformasjonen» som er delt på sosiale mediaplattformer.
«Disinformation Dozen» har bagatellmessig rekkjevidd

I mellomtida, i ei melding frå 18.august 2021, fastslo Facebooks visepresident for innhaldspolitikk, Monica Bickert, at det ikkje er bevis for å støtte det CCDH hevdar, og at folk skulda av CCDH for å vere ansvarlege for størstedelen av vaksine-feilinformasjon på sosiale media faktisk berre var ansvarlege for ein ørliten del – 0,05% – av alt vaksineinnhald på Facebook. Her er eit utdrag frå Bickerts melding:
«Dei siste vekene har det vore ein debatt rundt kor vidt det globale problemet med COVID-19-vaksine-feilinformasjon kan bli løyst simpelt hen ved å fjerne 12 menneske frå sosiale mediaplattformer. Folk som har fremja denne forteljinga hevdar at desse 12 menneska er ansvarlege for 73% av nettbasert vaksine-feilinformasjon på Facebook. Der finst ingen bevis for å støtte det dei hevdar…
Faktisk er desse 12 menneska ansvarlege for rundt berre 0,05% av det ein kan sjå av vaksine-relatert innhald på Facebook. Dette inkluderer alle vaksine-relaterte innlegg dei har delt, om dei er sanne eller falske, so vel som URL-ar assosiert med desse folka.
Rapporten som den falske forteljinga er basert på analyserte berre eit smalt knippe av 483 bitar av innhald over seks veker frå berre 30 grupper, der enkelte er so små som 2,500 brukarar. Dei er på ingen måte representative for dei fleire hundre millionar av innlegg som folk har delt om COVID-19-vaksiner i løpet av dei siste månadene på Facebook.
Vidare er det inga forklaring på korleis organisasjonen som står bak rapporten identifiserte innhaldet som dei skildra som ‘anti-vaksine’ eller korleis dei valde dei 30 gruppene som dei inkluderte i analysen sin. Ein kan ikkje rettferdiggjere påstanden deira om at dataene utgjer eit ‘representativt utval’ av innhaldet som er delt via appane våre.»
Det er temmeleg klart at CCDH finst for å fabrikkere «bevis» som deretter er brukt for å øydeleggje opposisjonen for å kontrollere informasjonen. Difor er det verkeleg ingenting anna enn ei frontgruppe for den mykje større, globale IGCD, som har som mål å stengje for ytringsfridom rundt om i verda.
«Varslaren» som ikkje er
Eit av dei skitne triksa som er brukt for å stengje for ytringsfridom, er å tilsetje falske varslarar. Frances Haugen, dei tidlegare Facebook-tilsette som vart «varslar» og vitna føre Kongressen 5. oktober 2021, skulda sin tidlegare arbeidsgjevar for å hjelpe vondsinna aktørar, er ikkje ein ekte varslar.

Ho er juridisk representert av eit selskap kalla Whistleblower Aid (‘varslarhjelp’), grunnlagt av ein advokat for nasjonal tryggleik, Mark Zaid, som er kjent for å forråde klientane sine og stå på same side som tiltalarane.
Whistleblower Aid er finansiert av tech-milliardær og eBay-grunnleggjar Pierre Omidyar, og Reset Initiative, som tilbyr logistikk for IGCD, er del av The Omidyar Group of philanthropies. Dette fortel deg alt du treng å vete om det indenderte føremålet bak Haugens vitnemål. Som The Gray Zone rapporerte:
«Haugen la i sitt vitnemål vekt på at ho ‘ikkje ønskjer å bryte opp’ Facebook; ho var berre på utkik etter auka ‘innhaldsmoderering’ for å luke ut ‘ekstremisme’ og ‘(mis/des)informasjon’ … Haugen ser ut til å vere litt meir enn eit verktøy i ein langt-rekkjande plan om å auke den amerikanske nasjonaltryggleiksstatens kontroll over ei av dei mest populære sosiale mediaplattformene i verda.»
Kort fortalt har Haugen greidd det som har vore umogleg for andre varslarar. Ho sikra seg audiensar med lovmakarar i Frankrike, Storbritannia og EU for å diskutere behovet for meir sensur.
Mørke pengar
Det siste året har CCDH sin fabrikkerte «Disinformation Dozen»-rapport blitt brukt gjentekne gonger som grunnlag for å frårøve amerikanske borgarar deira First Amendment-rettar til ytringsfridom. Den har blitt brukt av justisministrar og innvalde politikarar, og den har blitt sitert i alle Big Tech-høyringar.
Ved sida av å vere direkte knytt til globale IGCD (hugs at Collins er med i styret til både IGCD og CCDH), er CCDH òg bunde til Arabella Advisors – den mektigaste lobbyistgruppa av mørke pengar i USA – gjennom CCDHs styreformann Simon Clark. («Mørke pengar» (engelsk dark money) er ein terminologi som tydar at identitetane til dei som finansierer organisasjonane er haldne hemmelege.)

Clark har ei leiande stilling i Center for American Progress, der han er spesialist på «høgreekstrem innanlandsterrorisme» (skal vi liksom tru at det ikkje er noko som heiter venstreekstrem terrorisme?), som er finansiert av ein liberal sveitsisk milliardær ved namn Hansjörg Wyss.
Wyss finansierer òg Arabella Advisors, som styrer eit stort tal mellombelse frontgrupper som går inn og ut av eksistens alt etter kva behov som trengst i den og den kampanjen. Reporter Hayden Ludwig har skildra innsida av Arabella Advisors og påverknaden til dei «mørke pengane» som strøymer gjennom den:
«Arabella sine nonprofits handlar som venstresida sine øverste gjennompasserande finansielle støttespelarar for profesjonelle aktivistar. Store stiftingar – inkludert Gates, Buffett og Ford Foundations – har kvitvaska milliardar av dollar gjennom dette nettverket, og vaska identitetane sine frå dollarane som går med til å tvinge radikal politikk på USA.
Men den verkelege ‘safta’ frå desse nonprofittane kjem frå det vide arsenalet av ‘pop-up’-grupper som dei styrer – kalla dette fordi dei nesten berre består av glatte nettsider som kan ‘poppe opp’ ein dag og vere vekke den neste, vanlegvis når kampanjen er over.
Vi har talt meir enn 350 slike frontgrupper som pushar alt frå føderal finansiering av abort til ei overhaling av Obamacare. Arabella er so mørk som ‘mørke pengar’ kan bli. Det er òg sjølve erkedømet på liberalt hykleri over anonym politisk pengebruk, der dei opererer i nesten total gøymsle…
Ettersom meir av denne massive veven av grupper – ansvarleg for å spy ut nesten 2,5 milliardar dollar sidan dei vart skapte – har kome i fokus, har éin ting blitt klart: Når ein donor av spesiell interesse kjem til Arabella, forventar dei ei politisk pengegåve.»
Ein open krig mot folket
Vi er no i ein situasjon der det å stille legitime spørsmål om folkehelsetiltak er likestilt med innanlandsk terrorisme. Det er utruleg, men likevel er vi her.
Dei siste to åra har retorikken brukt mot dei som stiller spørsmål ved galskapen i å bruke uvitskaplege pandemiske mottiltak, slik som munnbind og nedstenging, eller data som viser at COVID-19-genterapiar er verkeleg dårleg folkehelsepolitikk, blitt meir og meir valdeleg.
Dr. Peter Hotez har offentleg bede om cyberkrigsåtak mot amerikanske borgarar som er ueinige med den offisielle COVID-forteljinga, og denne fæle retorikken vart publisert i det prestisjefylte vitskapstidsskriftet Nature, av alle stader. Artikkelen hans burde fått alarmklokkene til å klinge i CCDH, dersom CCDH verkeleg brydde seg om å beskytte oss mot netthat.
Men CCDH har ikkje som intensjon å beskytte folket mot hat. I klassisk orwelliansk dobbelttale, eksisterer det faktisk for å framdyrke og skape det. Ved eit samantreff publiserte bladet Nature òg ein artikkel av CCDH-grunnleggjar Imran Ahmed, der han diskuterer behovet for å øydeleggje «anti-vaksineindustrien». Korleis han, som ikkje har nokon medisinsk CV, greidde å tilfredsstille publiseringskrav er eit mysterium, og viser berre at vi ikkje eingong kan stole på eit av våre mest anerkjende medisinske tidsskrift.

I artikkelen sin rett ut laug Ahmed då han sa at han «var til stade og spelte inn eit privat tredagarsmøte av verdas mest framtredande anti-vaxxers.» Langt frå «privat», var det aktuelle møtet faktisk ein offentleg nettkonferanse, open for alle og kven som helst over heile verda, med tilgang til dei innspelte føredraga som del av deltakingsavgifta.
Det at Ahmed laug om noko som so enkelt kunne verifiserast, fortel deg alt du treng å vete om CCDH – og dermed òg IGCD, som det heilt klart samarbeider med. Til sjuande og sist kan ikkje løgner måle seg mot sanninga, som er nøyaktig difor CCDH og IGCD jobbar overtid for å ‘harmonisere’ lover i den demokratiske verda for å sensurere alle motforteljingar.
Som eg tidlegare sa, handlar det akkurat no primært om å stilne spørsmål og ubeleilige sanningar om COVID-sprøytene, men i framtida vil desse lovene late dei stilne diskusjon rundt kvart eit tema som trugar globalistars udemokratiske styre.
For å unngå slik ein lagnad, må vi vere ustoppelege i vår jakt på og deling av sanninga, og vi må ustoppeleg krevje at våre valde representantar står for ytringsfridom og andre grunnlovsfesta rettar.
Omsett av saksyndig.
Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 463 ganger.
1 kommentar. Leave new
GRAND Committee….. (faktisk.fjott.no?)
GRAND Lodge….. (frimurere)
Disse hersens «figurene» elsker visst alt som er «grand» og pompøst, en latterlig gjeng, MEN DE ER FARLIGE for normale mennesker. De har siden Rotschild fikk innført gjelds-penger og fikk FED opp å gå i 1913 sugd til seg mesteparten av verdens verdier, og med det følger makt, makt over liv og død for mange mennesker. De blir ikke stilt til ansvar om de så utryddet et helt lands befolkning.
Hvis oppegående normale mennesker som ikke vil ta gen-modifiserende injeksjoner blir erklært for å være terrorister, kan gerilja-krigen startes, «politikere» og byråkrater kan skytes, forgiftes, fjernes på andre måter, for «terroristen(e)» spiller det ingen rolle, de er jo allerede erklært for å være «terrorister», hva skulle hindre dem i å bli det?
Som man ser, dette er en farlig vei å gå ned, og svært idiotisk da ingen kan vinne en slik krig, bortsett fra nettopp «terroristene» som slår til og forsvinner igjen.
Tenk Vietnam og Afghanistan, gerilja-virksomhet sendte USA og FN ut av Vietnam, USA og NATO ut av Afghanistan. Det er en krig ingen «myndighet» noensinne kan vinne.