POSTED IN Diplomati, EU

EU-leiarane prøver å tvinge CELAC-medlemmane til å støtte Ukraina

Nicaraguas president avviser ‘Nazi’-Zelensky

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Fra Kolozeg.org

Nicaraguas president Daniel Ortega slaktar EU-leiarane for at dei prøver å tvinge CELAC-medlemmane til å støtte Ukraina. Daniel Ortega hyllar også den libyske leiaren Muammar Gaddafi og sørger over NATO si øydelegging av Libya

Nicaraguas president Daniel Ortega skuldar EU for å «skade» Fellesskapet av latinamerikanske og karibiske statar (CELAC) når dei tvingar dei til å godta ei erklæring som støttar Ukrainas «fascist-Nazi»-president Vladimir Zelensky under EU-CELAC-toppmøtet på onsdag.

I ein tale under feiringa av 44-årsdagen for sigeren til Sandinistane i Nicaragua, beklaga Ortega at Brussel-møtet – det første på mange år der Managua har deltatt – sleppte ei erklæring som uttrykte «bekymringar» over «krigen mot Ukraina», trass i innvendingar frå landet hans.

Han skulda EU for å prøve å «styre Nicaragua i samsvar med USA», og understreka at regjeringa hans «ikkje signerte, godkjende eller gjekk med på det som pompøst og falskt vart annonsert som Konsensusdeklarasjon frå det tredje toppmøtet mellom CELAC og Den europeiske unionen»

(Declaration of Consensus of the III CELAC-European Union Summit – Store norske leksikon definerer ’konsensus’ som ’samsvar i meninger og holdninger som rår mellom kompetente fagfolk innen et avgrenset fagområde, og som kan gi rom for en viss, men ikke radikal uenighet.’ overs.mrk.).

Resolusjonsvedtak «må takast med konsensus,» insisterer Ortega. EU «skadar CELAC» når dei ikkje følger prosedyrane.

«På EUs møte med CELAC, ønska dei å ha med fascisten, Nazi-presidenten til Ukraina på møtet. Europearane pressa hardt på, men dei fleste CELAC-landa aksepterte det ikkje og kunne ikkje stå for den fascistiske presidenten av Ukraina,” sa Ortega og la til at EU sine forsøk på å introdusere ei linje i erklæringa som eksplisitt la skulda på Russland for kaoset i Ukraina hadde blitt avvist.

«Det kunne vi naturlegvis ikkje akseptere,» forklarte han og peika på at «det var ikkje logisk å sette desse sakene på agendaen for EU og CELAC.»

Men forsøk på å inkludere ei linje i erklæringa som bad om ein slutt på den Vestlege aggresjons- og sanksjonspolitikken mot Cuba, Venezuela og Nicaragua vart sløygd, med Venezuela og Nicaragua fjerna. Og ei oppfordring om å ikkje forsyne Ukraina med klasebomber, vart også slått ned, sa Ortega.

Til dei tusentals unge menneska som hadde samla seg på Managuas Plaza de la Dignidad Nacional for å feire årsdagen for frigjeringa av Nicaragua, hylla Ortega også Libyas drepne leiar Muammar Gaddafi, som vart drepen av NATOs lakeiar under krigen som «øydela» Libya i 2012. Han sa Gaddafi hadde «vist solidaritet med Nicaragua» og «pressa på for sameinig mellom dei arabiske folka».


Fra Kolozeg.org, publisert 26. juli 2023.
Omsett av Monica Sortland fra engelsk.
Originalartikkel: Nicaraguan President Rejects ‘Nazi’ Zelensky



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 663 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Monica Sortland
    28 juli 2023 14:04

    Dette minner meg om den gongen på 1980-talet, då eg under Operasjon Dagsverk samla inn til Nicaragua, arrangert av NKU som alternativ til — og protest mot — den offisielle OD-innsamlinga som det året gjekk til Osama bin Laden og Mujaheddin (no al Qaida) i Afghanistan.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Kort og fersk nyhetssak

Politidrone filmet en mann som tente på busker – MSM skylder på klimaet

Previous Post

En kald krig blir kaldere:

Hvorfor blir polarområdene en ny arena for USA, Russland og Kina?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.