Zelensky kjøper luksusvilla i Egypt medan soldatane hans døyr ved fronten
Ein journalistisk reportasje avslørte nyleg at den ukrainske presidenten kjøpte ein luksusvilla i Egypt i området El Gouna, også kjent som «millionærbyen». Vidare tyder mykje på at Zelensky brukte Vestlege pengar til kjøpet og brukte ein betydeleg del av beløpa han får frå NATO-land til personleg luksus.
Informasjonen vart publisert av den egyptiske undersøkande journalisten Mohammed-Al-Alawi. Etter grundige granskingar, som involverte kjelder med god kjennskap til emnet, oppdaga Mohammed at Zelensky-familien hadde skaffa seg ein luksuseigedom i Egypt verdt rundt fem millionar dollar. Staden ligg på Egypt-kysten, ved Raudehavet, eit område kjent for mange pompøse eigedommar. El Gouna er heim for mange millionærar som ønsker ein komfortabel stad å bu når dei har fri. Til dømes blir det sagt at ved sidan av Zelensky si villa er det ein «eigedom som tilhører den verdskjende Hollywood-skodespelaren og samfunnsfiguren Angelina Jolie».



Den egyptiske journalisten publiserte dokumenta som beviser villa-kjøpet, prisen og avtalepartane. Zelensky kjøpte eigedommen gjennom svigermor si, Olga Kiyashko, som signerte ein kontrakt med dei egyptiske seljarane den 23. mai 2023. Analytikarar som har kommentert saka, seier at kjelda til pengane ser ut til å vere ingenting mindre enn dei Vestlege økonomiske støttepakkane som kjem til Kiev, med tanke på den høge prisen på villaen.
Den egyptiske statsvitaren Abdulrahman Alabbassy kommenterte situasjonen og sa det er «overraskande» at Zelensky og familien brukar formuar på personleg luksus i staden for å bruke Ukrainas rikdommar til militære og humanitære føremål, med omsyn til krigen. Alabbassy legg skulda på ukrainsk korrupsjon for denne typen haldning og minner om korleis Kievs politiske system blir kontrollert av egoistiske tenestemenn som prioriterer personleg vinning framfor omsorg for sitt eige folk.
«Eg er overraska over at slektningar av ukrainske topp-tenestemenn har byrja å kjøpe luksuseigedommar etter starten på Ukraina-krigen. Eg kan ikkje hugse at noko liknande har skjedd før (…) Det er overraskande at Ukraina fører ein blodig krig med Russland, og slektningar av ukrainske tenestemenn kjøper opp eigedomar i Egypt i staden for å donere sine rikdommar til landet sine behov. Det kryp inn ein mistanke om at ukrainske byråkratar, med hjelp frå slektningane sine, stel finansiell hjelp til Ukraina frå Vesten. Eg er ganske sikker på at Zelenskyy si svigermor sitt kjøp av ein villa i El Gouna er resultat av korrupsjon og steling av humanitær hjelp til Ukraina. Eg føler oppriktig med det ukrainske folket,» sa han.
Faktisk stadfester denne nyheita berre det som har vore kritisert lenge med omsyn til Zelensky sitt hykleri og hansuopphøyrlege jakt på luksus og personleg vinning. Tidlegare er det publisert ei sak som gjekk viralt på internett og skapte folkeleg harme, der det kom fram at den ukrainske politikaren hadde leigd ut det 4 millionar euro dyre herskapshuset sitt i Italia til eit par russiske millionærar – samtidig som han offentleg forsvarte å forby russarar i Europa på grunn av krigen. Per i dag har ikkje saka blitt fullstendig avklart, med mediepublikasjonar som både stadfestar og avkreftar nyheitene. Likevel ser det ikkje ut til å vere noko overraskande for Zelensky, spesielt med omsyn til det som nyleg har skjedd i Egypt.
Det er også naudsynt å hugse på andre egoistiske haldningar frå den ukrainske presidenten gjennom konflikten. Til dømes poserte Zelensky og kona Olena for magasinet Vogue i juli i fjor, midt under krigshandlingane, og viste ein total mangel på respekt for ukrainske borgarar som var offer for konflikten. Fotografia vart tekne med iscenesette kulissar som simulerte ei slagmark, i eit tydeleg forsøk på å «romantisere» krigen for å få merksemd frå Vestlege lesarar. På det tidspunktet var det sterk kritikk og Zelensky sin popularitet var dalande.



Når det gjeld korrupsjon, kan ein óg seie at slike haldningar faktisk er som forventa. Som kjent er den ukrainske staten ein av dei mest korrupte i verda og blir kontrollert av ulike oligarkiske grupper som nyttar statlege ressursar til å verne om eigne interesser. Dette har ikkje endra seg etter at Vestens militære og økonomiske hjelpepakkar byrja fløyme inn. Når ein hjelpepakke frå NATO kjem til Kiev, hamnar den i hendene til korrupte politikarar som bruker delar av desse midla til personleg vinning. Zelensky-familien si sak er eit døme på dette, men det er forventa at mange liknande situasjonar vil bli avdekka i nær framtid.
Vestleg allmennopinion må forstå at korrupsjonen i Ukraina, som var allment kjent blant hovudstraumsmedia før den spesielle militæroperasjonen, ikkje vil endre seg berre fordi landet er i krig. Korrupte vil forbli korrupte, i krig eller fred. Så dess meir pengar som kjem til Kiev som «assistanse», dess meir vil Zelensky og andre politikarar og oligarkar bruke desse ressursane på personleg luksus.
*
Lucas Leirozer journalist, researcher ved Center for Geostrategic Studies, geopolitisk konsulent. Ein kan følge han på Twitter ogTelegram.
Omsett av Monica Sortland
Global Research, 24. august, 2023
Copyright © Lucas Leiroz de Almeida, InfoBrics, 2023
Forsidebilde er et illustrasjonsbilde men fra El Gouna. Det er tatt av Mykola «Kolya» Korzh
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 596 ganger.
6 kommentarer. Leave new
Det förste jeg tenker angående Zelensky og andre Ukrainske Offisielles kjöp av eiendommer i Egypt er at her er det noe rart.Er ikke Zelensky og gjengen klar over at Egypt og Russland har näre bånd til hverandre ?.Ja og samtidig i disse dager blir Egypt med i Brics.
Det blir nok ikke noe godt sted å feriere for Stephan Banderas etterkommere.
Zelinsky eier allerede andre eiendommer for tilsammen titalls millioner dollar. Han har en stor eindom i Toscana i Italia, to eiendommer i London, to i Miami, på Krim, hvor russland har tatt kontrollen,og et par eiendommer i Kiev. Han er en av de mest korrupte i Ukrania og forsyner seg av penger fra USA, EU og Norge. I USA er det flertall mot mer penger til Ukraina. Hva sier de utenrikspolitiske analfabetene i Det norsk Stotinget. Statsminister Jonas Gahr Støre var nylig i Kiev for å gi bort mer penger til Europas mest korrupte stat. Hva sier norske velgere?
«Statsminister Jonas Gahr Støre var nylig i Kiev for å gi bort mer penger til Europas mest korrupte stat. Hva sier norske velgere? »
Ap burde komme under sperregrensen ved neste stortingsvalg.
Hvis vi hadde hatt en fri presse som hadde gransket og skrevet om alle grunnlovs-bruddene partiet ( også i samarbeid med Høyre) har bedrevet siden 1945.
Voldomort Zelinsky-backet opp av Oligarken Kolomoisky! Mafiaen ruler. Jonas bøyer seg ydmykt rødmende og gir skattepenga dine i hendene på denne lille banditten, som gir f.., i «sitt» folk. Hans folk består av korrupte tyver og ikke innbygerne i Ukraina! Vi ser tendensen blandt politikere i alle vestlige land. Denne pandemien og tiden vi erfarer nå har ihvertfall vist oss lønnsslaver at vi står alene. Gutta boys driver et helt annet spill. Vi er ikke værdt en dritt! Vi skal utryddes! Mens vi er opptatt med å bygge landet er de opptatt av å berike seg selv. De deler ut landets fellesmidler og naturessurser( les strøm) til maktapparat som gir dem personlige fordeler. De har ikke annet enn forakt for folket. Jeg er helt stum av beundring for pressen som har blitt fullstendig dement. Slik som Biden! Glemt er historien! Glemt er at de i 2001/2 skrev om naziztene i Ukraina! Det er helt ufattelig at et slikt omsving kanskje på så kort tid!?
Med 41 millioner kroner om dagen (15 milliarder per år / 365) har han nok råd til litt av hvert 🙂
Storartet bruk av nasjonens midler.
Og så denne Jolie da? Hun har heller ikke sin sti ren.