POSTED IN Global krise, NATO

Larry Johnson om G7-møtet i Hiroshima:

Eit farleg klovneshow.

0
Print Friendly, PDF & Email

Samanlikna med gumlarane, er G7 reine dvergklovn-showet

Av Larry Johnson

Larry Johnson er X-CIA

Å samanlikne G7 med småfolket (lilleputtar og dvergar) som spelte gumlarane i den legendariske Trollmannen frå Oz, er ei fornærming mot dette folket som er korte av vekst, men gigantiske når det gjeld karakter og integritet. Leiarane av G7 er ei skam for menneskeslekta.

Dei kortvaksne menneska i Trollmannen frå Oz var døme på talent og humanitet. Dei sjellause bastardane som samla seg i Hiroshima i helga, er antitesen til gumlarane – fysisk sett høgare enn gumlarane, bortsett frå Zelensky og Storbritannias Rishi Sunak – men fullstendig blotta for både moral og statsmannskunstens tyngd og alvor. For eit klovne-show!

Ursula von der Leyen’s strie ord om behovet for å styrke konfrontasjonen med Kina, demonstrerer villfaringa tydeleg:

«Det er viktig for oss å tilby reelle alternativ til t.d. Kinas One Belt, One Road-initiativ. Og her er vårt fellesinitiativ for investeringar i infrastruktur utanfor Europa, utanfor G7. Vi snakkar om ein pakke på €600 milliardar, som EU lanserer saman med USA og andre land, for målretta infrastrukturinvesteringar på den sørlege halvkula. Vi vil måtte ta kjempesteg.»

Heller enn å prøve å helle olje på opprørt hav, er den gemene hopen i G7 fast innstilte på å prøve å sette fyr på oljen i staden. Samlinga deira i Hiroshima, den staden der atombomba vart brukt for første gong, var rik på ironi. Bortsett frå deira hole, antagonistiske retorikk om å slå Russland, nekta dei å akseptere den kjensgjerninga at den ukrainske arméen dei har trent, finansiert og utstyrt, fekk sitt avgjerande slag i Bakhmut av ein mykje mindre styrke av ein gjeng påstått kriminelle – Dirty Dozen gongar 3000. I røynda var ikkje Wagner-gruppa aleine om å slå den NATO-støtta styrken. Wagner fekk raus støtte frå Russlands regulære, som utrøytteleg leverte sperreeld både frå artilleri og frå lufta.

Sinnsforvirringa til G7-leiarane vart fanga i ein tale levert av Eliot Cohen, ein fanatisk neo-konservativ, til det polske utanriksinstituttets Strategic Ark-konferanse den 17. mai, 2023. Cohen sa:

Russarar må vidare konkludere med at Ukraina – tidlegare, etter deira syn, ein pseudo-stat av «søskenbarn» og «veslebrør» – er borte for godt. Det betyr at dei raskt trer inn i EU og NATO, men og at Vesten djupt forpliktar seg til å gjenoppbygge Ukraina økonomisk og, framfor alt, væpnar landet til tennene i fleire år framover.

Administrasjonens falske løfte om å gi av våre supermange F-16-fly til Ukraina, er tåpeleg og korttenkt. Desse jetflya vil kanskje ikkje gjere nokon skilnad frå eller til på slagmarka to månadar frå no, men det å vite at fleire hundre av dei er i kjømda for dei neste fem åra, ville vere utprega symbolsk viktig. Vi burde snakke om korleis vi vil gjenoppbygge Ukrainas væpna styrkar, Vestens største, mest kamp-testa, og på mange måtar mest bestemte armé.

Vesten treng ein aggressiv informasjonskampanje til å banke igjennom ei forståing av at Russland har tapt. Russarar treng å minnast om at deira vaklande økonomi berre er ein tidel av storleiken på EU sin; at dei ikkje kan bygge og utplassere ein moderne tank; at deira seinaste høg-presterande jetfly, Su-57, vil bli underlegne dei fleire F-35-flya til dei fire små nordiske statane; at generalane deira er forelda og inkompetente; at overkommandoen deira er likegyldige overfor liva til mennene sine; at utstyret deira er underlegent Ukraina sitt; og at logistikken deira er rotna opp av svindel og korrupsjon.

Eliot A. Cohen. Tidligere Rådgiver for USAs utenriksdepartement

Dette er rein galskap. Cohen og resten av G7-leiarane har enno ikkje forstått at dei «forelda og inkompetente» russarane nett har rundjult dei i Bakhmut, og at den såkalla «overlegne» teknologien til NATO blir desimert av den militær-industrielle økonomien til eit «vaklande» Russland. Det ville ha vore tragisk om Cohen spydde ut vrøvlet sitt iført tvangstrøye på sinnssjukehus. Vi kunne ha håpa på at ein kombinasjon av medisinar og terapi kunne ha fridd han frå psykosane sine. Men han er ikkje innskriven på noka psykiatrisk avdeling. Han blir i staden akseptert som ein vis læremeister som legg fram levedyktige visjonar for Vestens Russlands-politikk.

Dette betyr at Vesten vil halde fram med å bruke Ukraina som pløsete rambukk i fåfengde forsøk på å knuse Russland og sikre nedslaktinga av titusentals ukrainske militære i prosessen. Russland, for sin del, verkar skjøne at leiarane av Vesten er fanga i ein galskap som berre kan møtast med øydelegging av hærstyrkane og utstyret som Vesten sender mot dei.

Medan Cohen og G7 enno fell for den fatale feilen å late som at Russland er eit knirkande autokrati på randa til kollaps, så held Vladimir Putin og hans nasjonale sikkerheits-team fram med å smi nye band med verdas i folketal største nasjonar , og dei er travelt opptatte med å reise nye økonomiske system som vil gå utanom Vestens før eineveldige system som er basert på US-dollarens forrang. Vesten si fiksering på å knuse Russland eliminerer alle levedyktige vegar til eit framforhandla forlik og ei gjenetablering av normale diplomatiske normer. Dette er ein kamp til døden, ein kamp Vesten ikkje er førebudde på. Det ser ut som at Russland og Kina no forstår at ein ikkje lenger kan lite på Vesten, og innlet seg på ein veg av sjølvforsvar og å få Vesten til å ta konsekvensane av gjerningane sine. 

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Nytt parti

FOR, «Fred og rettferdighet», stifta

Forrige innlegg

«Covid-vaksiner» og amming:

Mange ammende «vaksinerte» mødre opplever at babyer får alvorlige reaksjoner, og flere spedbarn dør

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.