Våpen som NATO har lagt beslag på rundt om i verda, blir no kanaliserte til Ukraina
Dei svære våpensendingane som NATO har lagt beslag på i ulike delar av verda, blir ikkje lenger øydelagde av USA, men i staden transporterte til Polen for overføring til Ukraina. Det gjeld 3000 kinesiske angrepsrifler type 56-1, VPO-158N-06 karabinar, maskingevær og over ein halv million ammunisjonsrundar til desse, så vel som 23 anti-tank-system som den franske marinen beslagla i Oman-golfen som var tiltenkte houtiane i Jemen. Dei vart transporterte til Rzeszow (Polen) via Al Dhafra-basen i Dei foreinte arabiske emirata (UAE).
Elon Musk legg restriksjonar Ukrainas bruk av Starlink
Elon Musk har lagt restriksjonar på den ukrainske arméens bruk av satellittkommunikasjonsutstyret Starlink, slik at det ikkje kan brukast med droneflyging.
NATO koordinerer sine satellittsystem
17 av 30 NATO-forsvarsministrar (Belgia, Bulgaria, Ungarn, Tyskland, Hellas, Spania, Italia, Canada, Luxembourg, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Tyrkia, Frankrike og Storbritannia) og Sverige har oppretta eit felles satellitt-etterretningsnettverk. Dei medverkande vil «utforske: potensialet for deling av data frå nasjonale overvakingssatellittar; dataprosessering, bruk og spreiing innan nasjonal kapasitet; og finansiering til innkjøp av data frå kommersielle selskap.» Det vil vere operasjonelt frå 2025 av.

NATO blir ein koalisjon av frivillige
Forsvarsministrane i NATO møttest i Brussel for å signere Amending Convention of the Alliance’s Statute. Frå no av vil NATO kunne gå til krig utanfor Artikkel 5, dvs. utan at ein av medlemmane har blitt angripen, og ikkje lenger einstemmig, men ved majoritet. Føremålet er å gjere organisasjonen til ein «koalisjon av dei frivillige à la carte». I eldlinja: Russland og Kina. I praksis var det allereie slik, heilt sidan angrepet på Libya. Men den gongen braut NATO sine eigne statuttar.
Pentagon rekrutterer asiatiske og kaukasiske jihadistar, seier russisk etterretning
I ei kunngjering den 13. februar fortalde utlandsetterretningstenesta til Den russiske føderasjonen (SVR) at Pentagon rekrutterer medlemmar av jihadistgrupper tilknytte IS og al-Qaida for å «utføre terroristangrep i Russland og CIS-land [Commonwealth of Independent States]». 60 jihadistar «frå nord-Kaukasus og Sentral-Asia» skal vere i «akselerert trening på USAs militærbase al-Tanf i Syria».
*
Henta frå Voltaire, International Newsletter – N°28 – 17 February 2023
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 862 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Russerne burde gi Assad tunge våpen han kan bruke mot al-Tanf
«I praksis var det allereie slik, heilt sidan angrepet på Libya. Men den gongen braut NATO sine eigne statuttar. »
‘Det er derfor USA og andre allierte har vært veldig tydelige, med å advare mot det. Og Kina burde selvfølgelig ikke støtte Russlands ulovlige krig, sier Stoltenberg.’
nrk.no/nyheter/krigen-i-ukraina-1.11480927
Er dette krypet helt frisk?
Stoltenberg, du fikk stillingen du nå har i i Nato FORDI DU støttet bakmennene i USA sin ulovlige krig ( totalbombing fra 10 000 fot og drap på statslederen) i Libya.
Hadde det ikke vært for Russland ( og Kina) så hadde disse gærningene som Stoltenberg får pulver fra nå kommet enda lengre i sin plan om En verden, En leder, og En valuta.
Og totalkontroll w.w.
Dette ‘stakkars lille folket’ !