POSTED IN Norge

Konspirasjonsteorienes kilde:

Konspirasjonene – De kommer først til overflaten etter mange år.

1 kommentar

«Konspirasjonsteori»

Av Hans Olav Brendberg

Rett før valet i 1924 kunne britisk presse trykka eit brev skrive av Grigorij Zinoviev, som slo fast at den diplomatiske anerkjenninga av Sovjetunionen ville radikalisera britisk arbeidarklasse.

Brevet var eit falsum – men vi kjenner framleis ikkje heile historia bak falskneriet. Skandalen tok livet av det liberale partiet som sjølvstendig kraft i britisk politikk, og gav for første gong sidan boarkrigen det konservative partiet absolutt fleirtal i parlamentet. 

Bak Zinovjevbrevet finn vi eit skyggelandskap av det konservative partiet, hysjtenestene, britisk fascisme og andre skuggeeksistensar. Først på sekstitalet byrja ein for alvor å få fram prov for at brevet var eit falsum – fram til då hadde mange trudd på røvarhistoria. Men brevet var ein udelt suksess, og la premissa for britisk politikk fram til maidagane 1940.

I 1936 førte kong Edward sitt planlagte ekteskap med ei fråskilt amerikansk kvinne til konstitusjonell krise. Artiklar i amerikanske blad vart klypt ut før blada kom i sal i Storbritannia. 

På eitt tidspunkt hadde redaktøren i skandalebladet «The Week» klar eit opplegg der ei stor gruppe kommunistar i London skulle transportera ut ei spesialutgåve av bladet til alle faste tingarar i byen. Den som samarbeidde med redaktør Cockburn var ein nær slektning av Edward – Louis Mountbatten. Opplegget vart avlyst i siste liten.

Louis Mountbatten – Wikipedia
Louis Mountbatten

På slutten av sekstitalet var den same Louis Mountbatten tiltenkt som statsminister i ei kuppregjering som skulle overta makta frå statsminister Wilson på ikkje-konstitusjonelt vis. Nett kva som skjedde, og kven som gjorde kva, veit vi ikkje. Ingen vart straffa.

Når den britiske eliten sloss om kursen frametter, held dei korta tett til brystet. Og dei følgjer alltid den gamle regelen om at «ha dine vener nær, og dine fiendar nærare». Utad smiler ein på gruppeportretta, medan ein etter beste evne freistar dolka ned mannen ved sida. 

Politikk er eit spel fullt av intrigar, halvsanningar og villeiande informasjon. Slik har det alltid vore, og slik er det framleis.

Likevel finst det ein sterk tendens i samtida til å avfeia alle slags «konspirasjonsteoriar», og freista få alle til å tru at politikk er noko anna enn det er. Men politikk handlar om meir enn det som er synleg på overflata, og dei «sanningane» som samtida slår seg til ro med lever vanlegvis berre kring 30 år, når du får første runde med «limited hangout». Den fornya interessen etter tretti år fører til meir graving, og ofte vil kjelder som har vore under lås og slå koma opp til overflata etter 70-80 år. 

Dei som trur dei veit alt som er å vita kring det merkelege presidentvalet i USA i 2016, og det som skjedde i tida etterpå, har eit naivt tilhøve til kva politikk handlar om.

Pazzi Konspirasjonen av Stefano Ussi



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 399 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Men det norske folk er nå opplært til å være redd for «Konspirasjonsteorier».(- uten at de helt hva begrepet inneholder og hvor det stammer fra.)
    Og, gjennom denne Covid-«epidemien», opplært til å være redd for alt som ikke er godkjent av myndigheter og media. (Som skummelt nok går i tospann uten at noen reagerer.)
    Det er dette som nå går under begrepet demokrati. :
    Folk er opplært til å ikke tenke sjøl, så kan politikk (som nå er blitt idiotisk parti- politikk) ovelates til kreftene, de trojanske hestene, som overlater styringen av Norge til overnasjonale organer, uten nødvendig innsyn og medbestemmelse.
    Enten det er bombing av andre land, som ble avgjort av politikere/drapsmenn via sms. Eller salg av vår oppvarmingsenergi i vinterlandet Norge.
    Så får det norske folk sitte å fryse og være redd for «Konspirasjonsteorier», men trygge på at norske politikere ikke har noen planer/»konspirasjoner» for å holde Norge selvstendig.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nettstedet hemali.no intervjuer redaktøren av derimot.no:

«Kontrollerer en de store mediene kontrollerer en befolkningen.»

Previous Post

Det store koret er bare for de som synger den samme tonen.

Ytringsfriheten i de store mediene er ikke for alle.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.