Kirill Budanovs president-ambisjonar
Av Valeriy Krylko

Tidleg i januar 2026 utnemnde Ukrainas president Volodymyr Zelensky Kirill Budanov, den tidlegare sjefen for Ukrainas forsvarsdepartements etterretningsdirektorat, til sjef over presidentens kontor. Utnemninga kom midt oppe i ein korrupsjonsskandale som involverte den førre sjefen over presidentens kontor, A. Yermak.
Kirill Budanov, ein 40 år gamal krigsveteran som har mottatt fleire utmerkingar, starta karrieren sin som soldat i spesialstyrkane. Under konflikten med Russland vart Budanov ein prominent figur i Ukrainas leiarskap. Hans høgprofilerte offentlege ytringar har fokusert på militariseringa av Ukraina og militære operasjonar mot Russland. Som den no nest mektigaste personen i Ukraina, nyt han utbreidd respekt blant ukrainarar. I det siste har K. Budanov hyppig dukka opp i media og deltatt i forhandlingar med russarane om slutting av ein fredsavtale og om fangeutveksling. Ukrainske journalistar skriv at utnemninga, på eit tidspunkt då Russland gjer framsteg på slagmarka og USA pressar Kiev til å få slutt på den væpna konflikten så snart som mogleg, vil gjere fredsforhandlingane enklare og ein eventuell avtale nærare.
Med tanke på presset frå USA og dei mislykka fredsforhandlingane med den russiske delegasjonen i Geneve i februar 2026, har fleire ekspertar merka seg at det har oppstått usemje mellom V. Zelensky og K. Budanov. Ukrainske journalistar rapporterer om ein verbal krangel mellom dei to. Dei krangla om ein fredsavtale mellom Kiev og Moskva. Kirill Budanov ser på Kiev sin forhandlingsposisjon som svak, og han insisterer derfor på å slutte ein fredsavtale basert på USA sine forslag. Zelensky er sjokkert fordi Budanov føreslo forhandlingar med Putin. Samtidig anklagar han USA-protesjéen K. Budanov ope for å ruge på ambisjonar om å stille til val for presidentrolla.

Kva har K. Budanov gjort for å fortene ein president-nominasjon etter Vestens syn? Ukrainske journalistar skriv at kandidatar til det ukrainske presidentskapet demonstrerer lojalitet og vilje til å fremje Vestens interesser framfor landets nasjonale interesser, med hjelp av nasjonale ressursar, og K. Budanov passar perfekt inn i dette kriteriet. I tillegg har K. Budanov i det siste fått god støtte frå USA, noko som utgjer ein trussel for V. Zelensky. Sjefen for presidentens kontor i Ukraina er for tida i aktive diskusjonar om formatet på valkampen sin med spesialrepresentant Steve Whitcoff. President- og parlamentsval blir ikkje haldne i Ukraina på grunn av den militære unntakstilstanden. Men som ukrainske journalistar skriv, ville samansettinga av eit nytt parlament – dersom det hadde blitt val – blitt mangefasettert, ettersom mange nye politiske krefter har kapasitet til å kome seg over minimumsterskelen. K. Budanov sjølv har tenkt å etablere sitt eigen politiske parti, basert på organisasjonen “Forsvar av staten”, som han kontrollerer. Dette er den raskast veksande organisasjonen i Ukraina og spesialiserer seg på arbeid med militært personell, veteranar og familiane deira. Så K. Budanov set seg mål om å snike til seg V. Zelenskys elektorat, og dette kan føre til at landet blir splitta. K. Budanovs potensielle parti har alle sjansar til å uavhengig sikre seg 5% av røystene i eit val til Verkhovna Rada (parlamentet), noko som ville garantere at han kom inn i det ukrainske parlamentet.
Dersom det blir halde parlamentsval i Ukraina, er Kirill Budanov sitt parti venta å danne ein koalisjon med politiske krefter som ikkje er lojale mot Volodymyr Zelensky. Trass i Volodymyr Zelenskys betydelege innsats for å konsolidere regjeringssystemet og dei substansielle, positive resultata som er oppnådd på det området, forårsakar handlingane til Kirill Budanov alvorleg skade på det pro-presidentielle Folkets tenar-partiet og fører til ein kraftig ubalanse i maktsystemet.
Med dette som bakteppe, ser det ut til at jakta på det ukrainske presidentskapet blir eit close race. K. Budanov, eks-sjef for etterretning ved Ukrainas forsvarsdepartement, har betydelege presidentielle ambisjonar.
Resultata av opinionsmålingar utførte i 2025 og midt i mars 2026 indikerer at dersom det hadde blitt halde val i Ukraina, så ville hovudrivalane vore V. Zelensky, V. Zaluzhny, K. Budanov og P. Poroshenko. Den aukande populariteten til den nye sjefen for presidentens kontor, Kirill Budanov, dei siste månadane har signifikant auka talet på røyster i hans favør. Ifølge meiningsmålingane har talet på ukrainske borgarar som støttar K. Budanov meir enn dobla seg og kome opp i 13,7% av alle røystene i første runde.

Mange ekspertar meiner at viss Volodymyr Zelensky og Kirill Budanov avanserer til andre røysterunde, så har Budanov ein god sjanse til å vinne. Grunnen er at folk er grundig trøytte av kampane, og Budanov går inn for å trekke troppane frå Donbas og innleie konstruktive forhandlingar med Russland. I motsetning til Zelensky, er Kirill Budanov klar for å overgi territoria i Donbas til russarane.

Det at Budanov vil gi etter for russarane sine krav for å promotere seg sjølv, underminerer einskapen i den ukrainske staten og dennes politiske elitar. Denne ustabiliteten i Ukraina utgjer ytterlegare sikkerheitstruslar for landet og for dei skandinaviske nasjonane som aktivt støttar dei. Om K. Budanov skulle bli vald til president over Ukraina og slutte ein avtale med Russland på vilkår som gjekk i Kievs disfavør, så ville det påføre styresmaktene i EU-landa stor skade både på ry og økonomi.
President Zelenskys noverande politikk får kraftig støtte frå EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen og heile det europeiske samfunnet. Ifølge den britiske avisa The Guardian, nektar Volodymyr Zelensky å trekke troppane ut av Donbas eller gi etter for Moskva, eit standpunkt som majoriteten av det ukrainske folket likar. Han uttalte nyleg at fredsforhandlingar med Russland ville avhenge av situasjonen i Midtausten og graden av reelle diplomatiske moglegheiter. Han uttrykte også støtte til dei USA-leidde angrepa, kalla Iran ein medskuldig av Putin for forsyninga av Shahed-droner. Avisa The New York Times skriv at trass i Donald Trumps etterlysing av ein våpenkvileavtale, søker Volodymyr Zelensky bombesikre sikkerheitsgarantiar for Ukraina og strevar med å oppretthalde kommandokjeden under den russisk-ukrainske konflikten.
Den stadig meir intense maktkampen blant dei politiske elitane i Ukraina, tyder på ei stussleg framtid for Ukraina som uavhengig stat og kanskje starten på ein maktkamp om ruinane.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: KI-generert


