Mangelen på uavhengig tenking
Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Eg synest det er særs urovekkjande at folk som du trudde var i stand til å tenkje sjølvstendig, viser seg å vere nett som ein drone som manøvrerer seg gjennom livet utan peiling. Geraldo Rivera presterte faktisk å seie: «Om eg er på rommet ditt med barnebarna mine som ikkje er vaksinerte fordi dei er for unge, og du nyser på barnebarna mine, kan det vere eit brotsverk. Det er absolutt so egoistisk.»
Kanskje Geraldo har mislykkast i å forstå nyheitene om at det å vere vaksinert ikkje beskyttar deg frå å få Covid, ei heller beskyttar det deg mot å spreie Covid. Dei fire diplomatane som tok med seg omikron til Hong Kong var vaksinerte. Ifølgje Geraldo sin logikk, er det greitt å gje Covid til barnebarna hans dersom du er vaksinert, men dersom du er uvaksinert, er same handlinga eit brotsverk? Det er lett å skjøne korleis Hitler fekk folk til å hate jødane.
____________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra saksyndig
____________________________________________________________________________
Lat meg gjere det klinkande klart: familien min hadde Covid, og barnebarna, som var under ti, hadde kanskje i verste fall rennande nasar medan foreldra deira var sjuke i om lag ti dagar. I den andre familiegruppa hadde ein forelder Covid og var òg ute av lage i om lag ti dagar, medan den andre ikkje fekk det – i det same huset. Det same med barn under ti. Eg òg hadde truleg Covid, sjølv om eg testa negativt fem gonger, og to legar sa at eg hovudsakleg hadde det fordi testane ikkje er gyldige.
Eg har jobba med mange statar rundt om i verda i førti år. So fort politikk kom inn i Covid, forsvann all sanning. Ingen statar vil nokosinne innrømme at dette var ei tabbe. Dersom vaksinane gjer folk sterile eller gjev dei hjarteproblem, vil statar aldri innrømme nokon biverknader. Sjølv Gates innrømte at dersom dei vaksinerte heile verda, ville rundt 700 000 menneske døy. Det er verkeleg. Same kva slags vaksine, vil det vere folk med kroppar som avviser dei.
Naboane mine tok vaksinen fordi det skulle finne stad ein familiefest på eit cruiseskip. Han var OK, men kona hans, som var under tretti, døydde nesten. Ho vart frakta til sjukehuset i ambulanse. Etter rundt ei veke kom ho seg. Dette er livets fakta. Ikkje alle er like, og vaksinane burde ikkje bli obligatoriske ettersom dei set enkelte liv i fare. Det er «egoistisk» å forlange at alle blir vaksinert og set liva sine i fare for deg. Dersom du blir vaksinert og deretter påstår at uvaksinerte set livet ditt i fare, tydar det at vaksinane ikkje fungerer.
So dersom du trur at staten verkeleg bryr seg, er du ein tosk. Digitale pass har ingenting å gjere med helsa di for ein sjukdom som ein har 99% sjanse for å overleve. Som ein har avdekt i Storbritannia, er alt om deg i det passet, frå utdanning til finansiell status. Covid-passa er måten å få folk 100% på nettet og oppsporbare. Å, kva for dårar dei fleste dødelege ser ut til å vere. Biden har blitt tvinga til å utsetje vaksineplikta for føderale arbeidarar til 1. januar.
Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 974 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Vi vet at vanlig influensa kan være med på å forkorte livet til syke medisinerte (med kolesteroldempende medisiner, med overforbruk av betennelsesdempende m.m). Og eventuelt med lavt D-vitaminnivå etter lange perioder inne?
Og vaksine, som «vaksine», er lite effektivt mot vanlig influensa, som det er for Covid-influensa. Det er nå bevist.
Og vanlig influensa gir altså over dobbelt så mange innlagte/døde som Covid-influensa, det viser tallene.
Skal vi nå stenge av landet hvert år?
Selfølgelig kan vi ikke det.
Men vi kan lære oss å ikke la politikere, hverken lokalt eller globalt, styre vitenskap og kunnskap.
Og at det er viktig å ikke stenge ned stemmene til de som er redd for sensur og enstemmighet framfor fri tale.
– Og stille for retten de som i denne relegiøse hysteri-bølgen har misbrukt sin makt.
Hverken Norge eller verden har råd til slike indolente maktmennesker.
Vi skal bygge velstand og frihet.
Ikke dyrke idiotiet.
Virker som 70 til 90% av befolkningen i Norge er stokk domme idioter uten noen form for selvstendig logisk tankegang og mangler basis medmenneskelighet. En annen mulighet er at korona og andre vaksiner gjør folk mentalt tilbakestående og fører til at de blir rene spykopater? Har lagt merke til at de fleste som har tatt vaksinene later til å ha mistet vettet og normale menneskelige følelser og er villig til å gjøre hva som helst mot uvaksinerte innkludert drepe de…