POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

Dette har du ikke hørt.

En helt annen historie om starten på Ukrainakrigen.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Oppbygginga til krig i Ukraina – 13.februar 2022

Henta frå Moon of Alabama, 13.februar 2023. Omsett av og henta frå saksyndig.

Tidleg i 2022 hadde Ukraina gjort ferdig førebuingane til eit overveldande åtak på utbrytar-folkerepublikkane Donetsk og Luhansk (DPR og LPR).

Halve den ukrainske hæren, rundt 120 000 menn som hadde blitt rekruttert og trena opp i løpet av dei siste sju åra, vart stasjonerte nær våpenkvilelinja, klare til dyst. På den motsette sida var berre 40 000 menn under våpen. Dei ville ha liten sjanse til å stå imot eit åtak.

Russland kunne ikkje late eit ukrainsk åtak skje. Dersom Ukraina kunne gjenvinne utbrytarprovinsane, kunne dei ha blitt i stand til å bli med i NATO. Den russiske folkeopinionen var definitivt på sida til russisktalande DNR og LPR. Ein intervensjon var visseleg påkravd. Sidan 2014-kuppet i Kiev hadde rundt fire millionar ukrainarar allereie flytta til Russland. Der er mange familieband mellom dei to landa. Med dette i syne hadde Russland sett somme av styrkane sine på alerten, og hadde flytta våpen og ammunisjon til samlingspunkt nær den ukrainske grensa.

USA hadde i nokre månader åtvara om eit komande russisk åtak på Ukraina. Dei kunne gjere det fordi dei visste at Ukraina ville prøve å ta tilbake republikkane med makt. Dei visste at Russland måtte respondere. 12. januar 2022 hadde CIA-direktør Bill Burns i hemmelegheit møtt Zelensky i Kiev. Burns ber ofte med seg beskjedar frå president Joe Biden.

Sundag 13. februar 2022, etter ein telefonsamtale med USAs president Joe Biden, gav den ukrainske presidenten Zelensky den endelege ordren for det planlagde ukrainske åtaket.

At avgjerda hadde blitt teken, vart straks leke i London so vel som i Kiev.

I dagens oppsummering lista The Guardian opp ei rekkje aktivitetar som samsvarte med den nært føreståande byrjinga på ein konflikt. Diplomatar og utanlandske militære var i ferd med å trekkje seg ut av Ukraina. Våpen flaug inn.

Etter tips frå si eiga regjering, avslutta det britiske forsikringskonglomeratet Lloyd sine forsikringstenester for alt relatert til Ukraina:

«Anatoliy Ivantsiv, leiar i det ukrainske forsikringsfirmaet Expo, fortalde Interfax at den britiske forsikringskjempa Lloyd annonserte at dei ville mellombels stoppe all konfliktrisiko-forsikring over ukrainsk luftrom frå 14.februar.»

Då nyheita om åtaket lak i Kiev, var deira «elite»-oligarkar og somme parlamentsmedlemmer klare til å reise derifrå. 13. februar og dei etterfølgjande dagane rømde dei alle landet:

«Ukraina sine rikaste menn flyktar landet med familiane sine i det talet private charterfly skyt i vêret etter risikoen for krig auka dei siste dagane, ifølgje flytrafikkinformasjon publisert på sosiale media 13.februar.

Sveits, Austerrike og sørlege Frankrike var dei mest populære destinasjonane for charterflya.

Ukrainska Pravda skreiv at slik ei masseutvandring av charterfly ikkje hadde vore observert dei siste seks åra. Formidlaren rapporterte at fly som tilhøyrer toppoligarkane i landet, inkludert Rinat Akhmetov, Viktor Pinchuk og Boris Kolesnikov, har forlate landet. Eit privatfly for 50 menneske vart òg bestilt av Igor Abramovich, ein annan topp-forretningsfigur.

Bne IntelliNews-kjelder bekreftar at to innflyttar-lærarar, begge britiske statsborgarar, og som arbeider høvesvis for ein parlamentsmedlem og ein forretningsmann, vil reise til det sørlege Frankrike denne veka. Ingen av dei bekrefta at flygningane hadde noko som helst å gjere med aukande frykt for ein invasjon, sidan begge familiar reiser ofte med staben sin for arbeidsferiar. Til og med sist månad, då krigstrommene byrja å slå høgare for fyrste gong, rapporterte lærarar og instruktørar på privatskular i Kiev eit stort tal fråverande barn, som var vekke på ferie.»

Somme medlemmer av det ukrainske parlamentet stakk òg sin veg 14.februar, rapporterte Kiev Independent:

«Meir enn to dusin lovgjerarar av totalt 424 parlamentsmedlemmer, som etter planen skal vere til stade på parlamentsseansar som startar denne veka, er for tida ikkje i Ukraina. Nesten halvparten, eller 12 varaar, er frå det prorussiske partiet Opposisjonell Plattform-for-liv, fem varaar er frå presidentens Folkets tenar-parti. Dei fleste av lovgjevarane, eller 20 personar, forlét landet i februar.»

Som del av Minsk-avtalen hadde Organisasjon for tryggleik og samarbeid i Europa (OSCE) eit spesialobservatør-oppdrag ved våpenkvilelinja i Aust-Ukraina. Over helga 12. og 13.februar hadde fronten vore relativt stille:

«I Donetsk-regionen, mellom 11. og 13.februar, registrerte observatørane 261 brot på våpenkvila, inkludert 50 eksplosjonar. I den førre rapporteringsperioden registrerte dei 114 brot på våpenkvila i regionen.

I Luhansk-regionen, mellom 11. og 13.februar, registrerte dei 114 brot på våpenkvila, inkludert 24 eksplosjonar. I den førre rapporteringsperioden registrerte dei 258 brot på våpenkvila.»

Det observerte talet eksplosjonar var mindre enn gjennomsnittet av dei siste sju- og 30-dagarsperiodane. Eksplosjonar fann stad på begge sider av våpenkvilelinja.

Kart over observatøroppdraget kan sjåast her:

Forsidebilde: Persnickety Prints



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 467 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • «USA hadde i nokre månader åtvara om eit komande russisk åtak på Ukraina. Dei kunne gjere det fordi dei visste at Ukraina ville prøve å ta tilbake republikkane med makt.
    Dei visste at Russland måtte respondere.»

    Noen VILLE krig.
    Ingen freds-samtaler skulle bli tatt i mot.
    I 2020 , som i 1939.

    Og som 2 ( og 1.) verdenskrig er dette i hovedsak en økonomisk krig.
    Tyskland ble for sterke/dyktige industrielt i mellomkrigstiden.
    Russland/Kina ble for sterke industrielt i denne mellomkrigstiden.

    Og det er de samme kreftene dengang som nå.
    De som vil (fortsette å ) styre verdensvalutaen/gjelden og rentene. Deres viktigste våpen.

    Kast ut de trojanske hestene i Norge, som kaller seg innbyggernes politikere, men som foråder oss. (Nå igjen ved å øke rentene, så overskuddet av vårt slit igjen kan bli stjålet på finurlig vis. )
    Kutt forbindelsen til de som har forbindelse denne mafiaen.
    Snu ryggen til foræderne.
    Og fei de ut.

    Svar
  • Norge styres av quislinger.

    Folk flest går rundt i en offentlig indusert kognitiv dissonans.

    Dette er ugjendrivelige fakta.

    Svar
    • Så sant Erik. Norge var med på å ødelegge North Stream 2. Fredsnasjonen Norge var med på folkemordet av 70 tusen sivile Libyere. Men husk at vi deler ut fredsprisen.(til bl.a.folk som f.eks. Startet sju kriger!)

      Svar
    • Arno Mong Daastøl
      18 februar 2023 23:29

      Ukraina-Kiev kjørte fram 150 000 soldater for Invasjon – før Russland inngrep ifjor. Men Ukraina sendte også 6 100 raketter mot Donbass, på en uke – for å myke opp motstandere. ….

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

DET NYA KALLA KRIGET

Ryssland: ”Biden och hans medbrottslingar måste hållas ansvariga”.

Previous Post

Seymour Hersh:

Denne historien er ikke over. Dette er bare begynnelsen

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.