POSTED IN Media, USA

CIA-analytiker:

Selv militære spyttslikkere vet når Ukraina-krigen er tapt, men ikke mediene.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Etablissement-media pushar stadig verkelegheitsfjerne narrativ om Ukraina, men militærtoppane innser at krigen er tapt

31 July 2022 av Larry Johnson

Larry C. Johnson - Wikiwand
Larry Johnson er en tidligere CIA-analytiker.

Éin ting skal dei ha, reporterane til New York Times og Washington Post: dei er hardnakka når dei utøver kunsten sjølvbedrag. Dei rapporterer nyhenda utan å skjøne implikasjonane og motsetningane i reportasjane sine.

La oss først sjå på den uvitande avisa New York Times:

Russarane risikerer isolasjon i sør, men rustar seg likevel for ukrainsk angrep

Ukrainarane har førebudd seg på ein brei motoffensiv i den sørlege Kherson-regionen i fleire veker, og fleire angrep med langdistanserakettar har sett tusentals russiske soldatar som er stasjonerte vest for Dnepr-elva, i og rundt byen Kherson, i ein prekær posisjon, stort sett avskorne frå russiske militærstyrkar i aust.

Men Russland flyttar no «det maksimale antalet» styrkar til sør-fronten i Kherson-regionen, fortalde sjefen for Ukrainas nasjonale sikkerheitsråd til ukrainsk fjernsyn onsdags kveld. Offentleg tenestemann Oleksiy Danilov skildra «ei svært kraftig forflytning av troppane deira» til fronten i Kherson.

Medan Vestlege våpen har strøymd inn i landet, seier Ukraina at det er behov for endå meir våpen og at dei framleis har avgrensa mengder ammunisjon. Nokre ukrainske tenestemenn har blitt meir og meir frustrerte over det dei synst er treig våpenleveranse frå Vestlege allierte. Donornasjonar trener ukrainske soldatar i bruk av det nye utstyret, men det er óg ein jobb som tar tid.

«Berre gi dei våpen og la dei arbeide,» seier Natalya Gumenyuk, talskvinna for Ukrainas sørlege militærkommando som har ansvaret med Kherson-offensiven.

Legg merke til kjelda for «nyheita» om at russiske soldatar er stranda i ein «prekær» posisjon – alt kjem frå offisielle ukrainske talspersonar. Dersom det ukrainske militæret verkeleg hadde kvelartak på den russiske arméen, korfor ber dei då om meir våpen og ammunisjon? Alvorleg talt, USA har forsynt Ukraina med meir våpen dei siste fire månadane enn dei gav til den ein gong uovervinnelege afghanske arméen, og Ukraina har brukt opp dei forsyningane?

EXPLAINER: When is the US war in Afghanistan really over?
USA har forsynt Ukraina med mer våpen enn de brukte på den Afghanske hæren i 20 år

Det ukrainske militæret har ikkje lenger fastvinge-jetfly-/bombar-kapasitet. Ukraina har ikkje eit intakt stridsvognsregiment. Kva skal dei gjere? Skal dei gjere det på gamlemåten, å pøse på med ukrainske troppar i Første-verdskrigsstil? Å lansere HIMARS ved éin brigade, endrar ikkje spelet.

Den verkeleg interessante godbiten i NY Times-reportasjen, er påstanden – igjen med ukrainske kjelder – om at Russland flyttar det maksimalet antalet troppar til Kherson. Korleis kan Russland gjere det viss dei har problem med å skaffe nye rekruttar til å fylle sine herja geledd? Og kor kjem desse troppane frå? Ikkje Donbas.

Ifølge Washington Post vil president Zelensky at alle sivile som framleis lever i den delen av Donetsk-republikken som framleis er kontrollert av Ukraina skal  kome seg til helvete ut:

Zelensky skreiv ut ein obligatorisk evakuerings-ordre for sivile som framleis bur i den krigsherja austlege regionen av Donetsk, og sa at mange nekta forlate området. «Der er hundretusentals menneske, titusentals barn … mange folk nektar å dra … men det må verkeleg gjerast,» sa han i kveldstalen sin. Russiske styrkar har tatt svære område av Donetsk, men observatørar seier offensiven har sakka ned.

Viss Ukraina hadde framgang og pressa russarane tilbake, korfor må då innbyggarane av Donetsk flykte til vestlege delar av Ukraina? Eigentleg har Russland, slik Washington Post-reporterane seier, «tatt svære område av Donetsk». Det Zelensky veit, er at folka som bur i Donbas er russisk-talande og helsar dei russiske troppane velkomen som frigjerarar. Viss du frykta russarane og budde i Donetsk og russarane nærma seg byen din, ville Zelensky då ha måtta gi deg ordre om å kome deg ut? Nei. Det er latterleg.

Endå ein indikator på Zelenskys desperasjon. Korfor be folk som liksom støttar deg om å overgi territoriet sitt viss du, dvs. Zelensky, har ein rettmessig sjanse til å reversere den russiske offensiven? Det gjer du ikkje. Du ber dei ta til våpen og gå til kamp mot russarane. Det skjer ikkje.

Ukraine Is Now America's War, Too | The New Yorker
Ukraina er nå USAs krig sier ledende politikere i USA.

Samtidig, tilbake i USA, brifar militæranalytikarar kommandokjeden om at Ukraina raknar i saumane. Gutane og jentene ved Defense Intelligence Agency kan ikkje lenger skjule den kjensgjerninga at Ukraina ikkje vinn og ikkje har nokon veg framover til siger. Den aukande erkjenninga av Ukrainas sørgelege situasjon, kjem sannsynlegvis til å få Austin og Milley til å ta til motmæle for å få slutt på den uforsvarlege hellinga av stadig meir av US-amerikanske våpen og utstyr inn i det raskt veksande svarte holet Ukraina. Sjølv desse to politiske spyttsleikarane kjenner Kenny Roger sin ballade, The Gambler.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Karsten Winegeart

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Nok ein gong taper Norge og USA (nato) ein krig, denne gong i Ukraina mot Russland.
    Norske militære offiserar forstår det ikkje, – trur dei skal vinne!
    Det er betryggande at dei er så åndsforlatte og hjernedøde, – ein garanti for at Norge vil halde fram med å tape krigar saman med usa som er eit kriminelt privateigd foretak.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Krig starter ikke av seg selv

USA planla krig i Afghanistan lenge før 11. september 2001

Forrige innlegg

Putin angriper ikke England!

Konservativ politiker sier at USA og England må konsentrere seg om egne problemer.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.