POSTED IN Coronavaksiner, minoriteter, Finland

Brannmann på Åland avviste vaksine og vart degradert

0
Print Friendly, PDF & Email

Av Edvard Mogstad, derimot.no’s Finlands-korrespondent

Mikael Lindberg er brannmann og ambulansesjåfør i Mariehamn, men sia han vegra å ta koronavaksinen, har kommunen gitt han eit vaktmestervikariat i staden, til mykje lægre løn.

Bakgrunnen for Lindbergs beslutning er dei leddsmertene han fekk for fleire år sia etter nokre influensavaksinar. Vaksinar som held sjukdommar borte for godt, trur han på, men dette her, som eit muterande virus ser ut til att gäcka, vil han ikkje ha.

  • Det er svårt att ställa om livet før en familj med tre barn på bara en månad. .. Sedan känns det jättejobbigt att ena dagen vara en betrodd arbetstagare, andra dagen obehøvd. Jag har skøtt mitt arbete i 28 år, men när man børjar betraktas som en andra klassens människa blir man lite trøtt på systemet.
Mikael fekk portforbod frå jobben, men brannmannen seier «Min kropp er min!» (Frå Hufvudstadsbladet 15.2.)

Ei veke inn i februar sit Lindberg med covid-19. Smitten er planerad. Eg har kroppsvärk og lite snuva, seier han til Hufvudstadsbladets reporter. Lindberg utsette seg for viruset med flit, medvite, for å få jobben tilbake.

Jag visste om en som var smittad, frågade vilka symtom hen hade och så satte vi oss och spelade kort.

Tre dagar seinare hadde også Lindberg symptom. Smitten gjer Lindbergs vaktmeisterkarriere kort. Arbeidgjevaren har meddelt han at han kan gå tilbake til sin vanlege teneste den 21. februar.

Som kjent gir immunitet frå naturleg smitte det aller beste vernet.

Korrespondentens merknad: Det hender vi siterer Hufvudstadsbladet i reportasjane frå Finland. Bladet kallar seg ei borgarleg og liberal avis, og ho følgjer hovudstraumen til dei andre nordiske storavisene på slikt som økonomi, klima, den russiske fare og korona. Likevel bringar avisa stadig artiklar med avvikande meiningar, både av eigne journalistar og spesielt i lesarspaltane, noko vi SAKNAR i dei største norske media.

Hufvudstadsbladet er uavhengig av dei store medieselskapa, ho eigast av Föreningen Konstsamfundet, som har store finlandssvenske donorar. Så sjølv om bladet er ‘borgarleg’, så slepp redaksjonen ‘den usynlege hand’ frå dei store mediakonserna, med trådar til Wall Street.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Ukraina

Lyst på krig, eller bare behov for?

Previous Post

Det tas hele tiden skritt mot en europeisk føderal stat

DEN VIKTIGSTE SAKEN I EU I DAG

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.