POSTED IN Asia, Kupp/Fargerevolusjoner

Bak kulissene skjer det alltid noe.

Hva var bakgrunnen for kuppforsøket i Kazakhstan nylig?

0
Print Friendly, PDF & Email

Militær analyse av angrepa på Kazakhstan

av Valentin Vasilescu

Angrepet på Kasakhstan den 2. januar, 2022 involverte to uavhengige hovudgrupper som begge var knytte til den same utlandske kommandoen. Det var omlag 20 000 stridsmenn involverte, både utlandske og kazakhstanske. Desse hadde blitt trente for jihad i Syria eller Afghanistan. Armeane til Kasakhstan og Russland vart overrumpla, men greidde å ta tilbake kontrollen over situasjonen innan ei veke var gått.

Ein mystisk Kazakhstans Frigjeringsfront har annonsert at dei vil frigjere landet frå russisk innverknad. Dette er milevidt ifrå dei fredelege demonstrasjonane mot gassprisauken på 13%.

Første steg i løysinga av problemet, var å skjøne kva slags krefter dei khasakiske styresmaktene stod overfor.

Dauren Abajev, visesjef for Kasakhstans presidentielle administrasjon, sa protestane i landet hadde starta fredeleg, og at alt brått hadde kome under provokatørar sin kontroll. Demonstrantane sin bruk av hemmeleg kommunikasjon var av avgjerande betydning for den simultane koordineringa av valdelege aksjonar retta mot på førehand etablerte mål. Det vil seie bruken av mottakarstasjonar styrte av toppmoderne serverar lokaliserte utanfor Kasakhstan. Kommunikasjonar som dei hemmelege tenestene og den nasjonale armeen ikkje greidde å snappe opp. Eit einskilt kommandosenter koordinerte førebuingar og styring av heile terroristaksjonen. Den kasakhiske presidenten, Kassym Jomart Tokayev, erkjende dette i ein tale til nasjonen den 7. januar [1]. Han sa at «politiet og hæren har ikkje halde løfta sine». «Det vart tydeleg at vi mangla spesialstyrkar, spesialutstyr og spesialmetodar.

Dei militante hadde spesialistar på PsyOps (psykologisk-krigføringsoperasjonar) i rekkene sine som greidde å manipulere folk sine haldningar. Dei gav prioritet til å sende ut desinformasjon som var førebudde i fjernsynsstudio på direkten. Heldigvis for styresmaktene, greidde ikkje terroristane som okkuperte bygget til TV-stasjonen Mir å ta kontroll over TV-tårnet på Koktobe i Almaty, der kringkastingsantenna står. Det at dei ikkje greidde å ta over media i Almaty, spelte ei kolossalt stor rolle for at kuppet vart mislykka.

PLANLEGGINGA AV AKSJONANE VAR TYPISK FOR KOMMANDOOPERASJONAR AV TYPEN SOLOKOMMANDO

Ei stor gruppe (Alpha) som bestod av fleire undergrupper, agerte simultant i Almaty og i byar i sør- og vest-Kazakhstan, med mål om å terrorisere sivilbefolkninga, å splitte folket og å hindre innblanding frå politiet. Oppdraget til Alpha-gruppa inkluderte okkupasjon og brenning av administrative bygg, plyndring av butikkar og bankar, oppsetting av barrikadar overalt og eit forsøk på å okkupere Almaty flyplass. Dauren Abajev sa det fanst snikskyttarar blant dei terroristane med høgnivås kampberedskap og brutal vondskap som skaut medlemmar av tryggingsstyrkane.

Det taktiske målet til Alpha-gruppa var eigentleg ein blodig avleiingsmanøver til å dekke den andre gruppa (Bravo), som sette i verk målretta angrep på fleire dusin våpenbutikkar, armeens og politiets våpendepot og så bortetter.

President Nazarbayev sin tidlegare rådgivar, Yermukhamet Yertysbayev, trur at terroristane hadde medskuldige i landet. «Sviket til fleire tenestemenn og politifolk gjorde det umogleg å forpurre terroristane sine planar. Ifølge han vart det 40 minutt før angrepet på Almaty flyplass gitt ordre om å trekke tilbake sikkerheitsapparatet. Det kan godt hende hr. Yertsybayev har rett, særleg ettersom kasakhiske etterretningstenester ikkje har funne bevis for hemmelege førebuingar på terroristengrep, sjølv om 20 000 spesialiserte angriparar opererte i Almaty aleine.

KONSEKVENSAR

Først etter 3 til 4 dagar med kaos vart lov og orden gjenoppretta til ein viss grad i alle regionar. Administrative bygg og strategisk infrastruktur var frigjort og plassert under militært vern. Grenser vart stengde og 70 vegsperringar vart sette opp i landet. Mange tilsette i regionale administrasjonar og politi vart fjerna frå stillingane sine. Men president Kassym Khomart Tokayev sa at «militsen har ikkje lagt ned våpena sine, og dei held fram med brotsverka eller førebuingar til brotsverk. Det er nødvendig å stoppe aksjonane deira. Stridsoperasjonen for å få terroristane ut av Almaty blir utført av Kasakhstan sine spesialtenester.

Kasakhstans innanriksdepartement kunngjorde at 3811 valdelege opprørsdeltakarar var arresterte, 26 personar som hadde angripe politiet med skytevåpen var drepne og 26 andre var skadde. RIA Novosti siterte kjelder frå påtalemakta som sa at «blant terroristane som er haldne i forvaring i Kasakhstan, er det mange utlandske borgarar som er betalte for å utføre kriminelle gjerningar.»

På førespurnad frå president Kassym Khomart Tokayev har Russland sendt 3000 soldatar til Kasakhstan, Kviterussland 500, Tadjikistan 200 og Armenia 70. Meir enn 70 Il-76 og 5 An-124-fly transporterte den russiske fredsbevarande kontingenten av CSTO-styrkar til Kasakhstan. Desse er undergrupper av 45. brigade, 98. divisjon og 31. spesialbrigade, som alle høyrer heime i luftvåpenet.

ROLLA TIL DEN RUSSISKE ARMEEN

Mandatet som er gitt av Collective Security Treaty Organisation (CSTO) gjeldr ikkje deltaking i kampoperasjonar i Kasakhstan, sidan oppgåva til dei fredsbevarande styrkane går ut på å verne om livsviktige installasjonar. Undereiningar av 98. luftdivisjon kontrollerer den internasjonale flyplassen i Nur-Sultan, hovudkvarteret til generalstaben for dei væpna styrkane og fjernsynssenterbygget til Kazmedia.

Ei uavhengig undereining av dei russiske spesialoperasjonsstyrkane overvakar presidentpalasset i Nur-Sultan, sentralbanken og Kasakhstans nasjonale sikkerheitskomite. Undereiningar av den 45. spesialbrigaden har blitt utplasserte i sør-aust-Kasakhstan, der dei vaktar Almaty International Airport, operasjonssenteret til det felles russisk/kasakhiske luftforsvaret i Almaty. Andre undereiningar av den 45. brigaden har blitt utplasserte i Sjymkent, den tredje største byen, med eit innbyggartal på 1,1 millionar, der dei vaktar den 602. luftbasen og andre administrative mål i byen. Undereiningar av 31. luftbrigade har blitt utplasserte i den austre delen av Kasakhstan, i byen Ust-Kamenogorsk, det administrative senteret for gruveområda i aust-Kasakhstan. Andre undereiningar av den 31. brigaden sørger for tryggleiken til Kazatomprom sine fasilitetar nord i landet, Kasakhstan sitt nasjonale kjernefysiske selskap.

Separat opererer små, russiske einingar innan ml. a. PsyOps og rekognosering som støtte til lokale, kontraterrorisme-einingar. Til dømes brukar ei russisk luft-rekognoseringsgruppe systemet RB-341V Lieer-3. Dronene (ubemanna, stillegåande søkefly og -helikopter) tar opp og sender vidare videobilete 24 timar i døgeret, eller dei samlar data over eit breitt spenn frekvensar – SIGINT (signaletterretning) – og til og med GSM-nettverk. Når eit suspekt nettverk blir oppdaga, blir berre visse transmitterar i nettverket jamma. Dette hindrar at ordrar blir sende til terroristar nedover i kommandokjeden. Jammingssona er fokusert på bestemde mål innan ein radius på 6 km. Russiske luft-plattformar tener også som radio-relé for kasakhisk militære som opererer i urbane område, der sendingane blir verna av bygningar. Russiske luftstyrkar har også eit anna bakkebasert system på eit 8×8 fartøy: RP-377LA Lorandit, som består av kraftige frekvenskjeldesporingsstasjonar og selektive jammingsstasjonar, alt saman i rekkevidda 3 MHz–3 GHz.

Ei anna russisk gruppe spesialiserer seg på spesialrekognosering, utført av høgt trent militærpersonell. I vårt tilfelle er russisk militærpersonell trent i hemmeleg infiltrasjon blant terroristar for å samle inn HUMINT. Mogleggjering av å føreseie komande aksjonar, deteksjon av nettverk eller metodar for overføring av hierarkiske arrangement, sporing av terroristleiarar og plassering av permanent sporingsutstyr.

Som med kontingenten i Syria, er den kasakhiske kontingenten integrert med nettverka til det russiske forsvarsdepartementet sitt sentraliserte MK VTR-016 system, som brukar systemet Auriga-1.2V. Hundretals portable mini-videostasjonar i ansvarsområda til det russiske militæret i Kasakhstan overfører hemmeleg informasjon i sanntid til Moskva via russiske militære kommunikasjonssatellittar. Takka vere Huawei sin server, den kraftigaste i verda, er desse overføringane vanskelege å snappe opp og jamme. Auriga-1.2V lar svært erfarne offiserar optimere aksjonane til sine underordna i felten frå operasjonsrommet til den russiske luftstaben, utan forstyrrande faktorar.

Etter okkupasjonen av Irak, måtte dei US-amerikanske soldatane takle sunni-opprørsgrupper som dreiv og kidnappa vestlege borgarar. For å penetrere desse gruppene, sette US-amerikanske spesialoperasjonsstyrkar opp ein målretta operasjon, der dei oppretta si eiga gruppe med «kidnapparar», der «dei kidnappa» var etterretningsoffiserar innplasserte i USA-allierte medium. Du hugsar kanskje journalistane Marie Jeanne Ion (Prima TV, Romania) og Florence Aubenas (Libération, Frankrike). Med det same denne gruppa oppnådde å bli berykta etter å ha kringkasta videoane sine, som vart snappa opp av irakiske og internasjonale medium, så tiltrakk dei seg merksemda til verkelege opprørsgrupper som tilbaud dei å ta hand om «dei bortførde». På denne måten vart dei verkelege opprørsgruppene i Irak oppdaga og arresterte.

Den russiske armeen beviser at dei har lært av USA sine innovasjonar innan kamp mot opprørarar i Irak. Russiske spesialistar på psykologiske operasjonar har kome til den konklusjonen at det er lettare å lokke terrorist-cellene til seg enn å gå ut og leite etter dei og nøytralisere dei. Så, i samsvar med den US-amerikanske modellen, har dei sett opp ein falsk «Kazakhstan Liberation Front» som postar videoar på sosiale medium og oppmuntrar terroristceller som deltok i landets opprør til å slutte seg til.

Valentin Vasilescu

Omsett av
Monica Sortland

[1] “Kassym-Jomart Tokayev speech on terrorist attack”, av Kassym-Jomart Tokayev, Voltaire Network, 7. januar, 2022.

Forsidebilde: Jakob Owens

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Skogen – et tidsvitne i jordens utvikling

Klimaendringer siste 10.000 år

Forrige innlegg

Fossil energi i Ukraina-konflikten

Tyskland — helt avhengig av russisk gass, olje og kull — truer Russland med å ikke kjøpe mer!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.