POSTED IN Coronavaksiner, Media

Alt er snudd på hodet. Våre medier sitter helt stille.

Når statskontrollerte kinesiske medier dekker sannheten.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Kinesisk, statskontrollert nettavis dekkjer no Project Veritas si Pfizer-etterforsking

Av Anthony Scott, The Gateway Pundit. Omsett av og henta frå saksyndig.

The Global Times, som er ein nyheitsformidlar tilknytt den kinesiske staten, skreiv nyleg ein artikkel der dei stilte spørsmål om kvifor amerikanske nyheitsformidlarar og politikarar ignorerer Project Veritas sin nyaste undercover-video om Pfizers direktør for forsking og utvikling, som innrømte at Pfizer «muterer» covid via «styrt evolusjon».

Artikkelen delte detaljar rundt Project Veritas sin nylege undercover-video om Pfizer-direktør Jordon Trishton Walker, og peikte på at amerikanske nyheitsformidlarar ikkje dekkjer den historia fordi «dei ikkje snakkar for sanning, men er profitt-orientert».

Halvvegs i artikkelen gjev Global Times derimot Tucker Carlson æra for å dekkje historia.

Global Times skreiv at Tucker var «sjeldan vare» blant amerikanske nyheitsformidlarar, og lovpriste Fox News for å peike ut legemiddelselskap for dei massive summane dei bruker på lobbyverksemd mot Kongressen.

Global Times skreiv:

«Driv Pfizer verkeleg og manipulerer covid-19 for profitt, og det i hemmelegheit? Kor langt har forskinga gått? Kva risikoar vil det medføre? Folket har naturlegvis mange spørsmål og krev svar. Derimot har mesteparten av amerikanske og vestlege hovudstraumsformidlarar kollektivt gjeve seg sjølv munnkorger om det som blir avslørt i videoen. Dette er temmeleg abnormalt i den amerikanske folkeopinionen, som er kjent for sitt mangfald.

Autentisiteten til denne videoen har enno ikkje blitt bekrefta. Stilt overfor offentleg tvil, burde ikkje US Food and Drug Administration (FDA), lovgjevarar og media utføre vidare etterforsking og gje folket ei forklaring?»

I motsetnad til hovudstraumsmedia, rapporterte The Gateway Pundit om historia so fort James O’Keefe offentleggjorde denne bomba av ein video.

Kommentar frå saksyndig: Kor ironisk er det at ein CCP-kontrollert nyheitsformidlar dekkjer den saka som få vestlege media og ingen hovudstraumsmedia torer å ta tak i? Her i Noreg er det, sovidt eg har registrert, berre dei uavhengige nettavisene Document og iNyheter som har skrive om Jordon Trishton Walker-saka. Og naturlegvis Saksyndig.

Forsidebilde: Ernie A. Stephens

Tidligere publisert på derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 829 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Faktasjekkere strever fælt med å bortforklare Jordon Trishton Walker, så en alternativ sannhet er at han egentlig ikke eksisterer

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Den bestrålte generasjonen:

Helsefarene ved dagens trådløse teknologi.

Previous Post

Kort og fersk nyhetssak

Politidrone filmet en mann som tente på busker – MSM skylder på klimaet

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.