POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Deserteringene øker.

Mange soldater forlater nå Ukrainas hær.

4 kommentarer

Soldatar deserterer frå den ukrainske hæren i hopetal

Sjå òg «Ukrainsk grensevakt har fått nok av Zelensky – hoppar av til Ungarn», publisert 29.juli 2025.

At Ukraina-krigen har vore tapt heilt frå byrjinga av, er noko stadig fleire ser ut til å ha innsett. Spesielt dei største offera i heile denne stadfortredarkrigen: ukrainarane sjølve. Trass openlys propaganda frå kokainklovnen og hans vestlege medskuldige, tvangsrekruttering frå open gate og andre brutale og ureielege taktikkar for å skaffe «kanonføde», er krigen ugjenkalleleg tapt. Soldatane på ukrainsk side veit dette, og difor gjer dei det einaste rette: dei deserterer i hopetal.

Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Når dei står overfor frykteleg tvangsrekruttering, deserterer ukrainske soldatarar òg hæren i flokk. Meir enn 400 000 ukrainske soldatar har forlate pliktene sine, inkludert friviljuge, med ingen planar om å vende tilbake til slagmarka.

Det er vanskeleg å kjempe ein krig for ei side som rett og slett ikkje kjem til å vinne. Det einaste Ukraina kan gjere er å halde krigen gåande medan dei svir av den økonomiske og militære bistanden dei har fått av Vesten.

‘Mange vil aldri vende tilbake fordi dei har prinsipp… Ein kan ikkje behandle dei friviljuge som dyr, dei som kjempa i tre år utan å sjå familien,’ har den ukrainske parlamentsmedlemmen Anna Skorokhod sagt.  

Rekrutteringsplanane til Ukraina har vore skrekkelege til dags dato. All tvangsverving er umoralsk, sidan det krev makt for å utførast; derimot har Ukraina teke denne policyen til eit nytt nivå.

Skorokhod sa at mange som stikk på tjuvperm ofte vender tilbake, men at andre ikkje gjer det.

Den ukrainske journalisten Vladimir Boiko rapporterte sist månad at styresmaktene har oppretta meir enn 107 000 kriminalsaker på desertering og tjuvpermar fyrste halvdelen av 2025. Han sa at det totale talet tilfelle har passert 230 000 sidan eskaleringa av Ukraina-konflikten i 2022, der det reelle talet hendingar kanskje er endå høgare, ifølgje ein reportasje frå RT.

Faktisk, so nyleg som førre veke, utløyste tvangsvervekampanjen gjentekne valdelege samanstøyt mellom vegrande rekruttar og vernepliktsoffiserar, der sistnemnde ‘følgde ordrane’ til herskarklassen. Folkeleg misnøye med slavebindinga si skapte eit opprør i byen Vinnytsia då demonstrantar prøvde å få frigjort nyleg mobiliserte [tvangsrekrutterte] menn. Valdelege hendingar fann stad mellom demonstrantar og politi, med mange arrestasjonar.

Ukraina erklærte vernepliktsplanane sine tidleg i krigen. Den generelle mobiliseringa byrja ikkje lenge etter byrjinga på konflikten, og den forbaud menn mellom 18 og 60 å forlate landet. Sidan den tid har andre land truga med verneplikt for sine slavar òg.

Valdelege samanstøyt med skurkane frå herskarklassen (politi og vernepliktsoffiserar) aukar, sidan folk er leie av å bli herska over. Dette vil halde fram med å bli verre før det blir betre, men slaveklassen finn sakte ut at dei ikkje treng å støtte herrane sine.»

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Det ser ikke ut til at det er noen ende på hvor mange ganger vest-støttede hærer skal få skambank av russerne før de historisk skjønner at det ikke bare er å dundre inn i verdens største land og tro at de bare møter forsvarsløse fjompenisser. Slik de er servert historier om siden barnehager og grunnskolen. Og det attpåtil etter at «selveste» USA fikk ris på stompen og ble kjeppjaget selv fra knøttlille Vietnam. Det ser faktisk heller ikke ut til at vestlige småpiker og barn som statsledere skjønner dette noe bedre enn sine mannlige forgjengere. Dette galskapstoget må vel snart være ankommet endeholdeplass?

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    11 august 2025 9:34

    Finn fram Dagsnytt 18 for 4. august 2025 og sjå nøye på korleis NRK og Erika Fatland samarbeider om å formidla at «stemninga er god» og at ukrainarane framleis har «høy kampmoral».

    Samanlikn denne NATO-propagandaen med det ordførar V. Klitshko i Kiev seier om stoda i eit ferskt intervju med tyske Bild. (Steigan.no i dag).

    NRK har sjølvsagt ikkje referert den ferske meiningsmålinga som viser at krigslysta blant ukrainarar har falle som ein stein.

    Mange takk til Saksyndig og Derimot.no.

    Svar
  • Interessant med denne sivilbeskyttelses loven,som tredde i kraft i juli 2025,der norske borgere kan bli sendt til arbeidstjenesten på øst fronten,i tilfelle kriser i forbindelse med krig eller krig ,hvis de nekter straffes det med 3 år fengsel,eller bot. Erna Solberg har sagt at Ukrainas krig er vår krig,verneplikten gjelder for alle borgere mellom 18-72 år.
    Sist gang arbeidstjenesten innkalte nordmenn til Østfronten var i 1944,da Max Manus sprengte den i oslo.se film og dokumentar.
    Dette virker,som utmattelse av landet til fordel for Kina og østen, slik som Obama og Clinton gjorde sammen med Biden,for å ødelegge Amerika,gjennom masse innvandring og diskriminering økonomisk av amerikanere,til fordel for illegale innvandrere hjulpet av Biden administrasjonen.
    Den som ikke lærer av historien, er nøtt til å gjenta den.
    Derfor glemmer vi historien vår,med god hjelp av Rothschild og Rockefeller utdannings systemet,som de har etablert kjøpt og betalt.

    Svar
  • Oppmuntrende. Unge israelere sier også nei. Vil ikke drepe. Heller i fengsel.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Norge er ikke selvstendig før EØS-avtalen er kansellert.

Hvordan EU sine lover overstyrer den norske grunnloven.

Forrige innlegg

Den sosiale krisen forverrer seg.

Søkte 900 jobber, men ingen tilbud.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.