POSTED IN Endring av politikken, Økonomi

Den sosiale krisen forverrer seg.

Søkte 900 jobber, men ingen tilbud.

7 kommentarer

Kollaps av arbeidsmarknaden og økonomisk mareritt: Søkte på 900 jobbar utan å få eit einaste tilbod

Ofte dukkar det opp artiklar i norske hovudstraumsmedia om folk som søkjer eit tresifra tal stillingar som dei er kvalifiserte for, utan å bli innkalla til eit einaste intervju, langt mindre få eit jobbtilbod. Tilsetjingsprosessen framstår tilfeldig og vilkårleg, og det er ikkje til å stikke under ein stol at det herskar trynefaktor rundt om hjå ymse arbeidsgjevarar. Stoda er ikkje noko betre i USA – faktisk er den verre, slik Michael Snyder skriv om i ein nyleg artikkel på bloggen sin The Economic Collapse Blog. Han skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Dersom du har søkt å hundrevis av jobbar og framleis er utan jobb, er du visseleg ikkje åleine. I mange industriar er det absolutt brutalt der ute akkurat no. Amerikanske arbeidsgjevarar har sagt opp fleire hundre tusen tilsette i 2025, og der er vanvitig konkurranse om alle gode jobbar som måtte vere tilgjengelege. So dersom du har ein god jobb som du set pris på, ville eg ha halde på den so godt som eg kunne, fordi du ønskjer verkeleg ikkje å ende opp blant dei desperate hordane som slit med å finne jobb i dette særs hjarterå økonomiske miljøet. Til dømes har ei 46 år gammal dame i Florida som vart sagt opp i september i fjor, søkt på 900 jobbar utan nokon som helst suksess:

«Jennifer Smith, 46 år gammal, seier ho har søkt på 900 jobbar sidan ho vart sagt opp i september i fjor frå ein tilbydar av finanstenester i Tampa-området i Florida, der ho leia brukaropplevingsavdelinga. Ho har berre fått eitt intervju og ingen jobbtilbod. Dette har gjort Smith, som har tre barn, stadig meir engsteleg for sine økonomiske midlar.

Smith valde førre veke å selje heimen sin med fem soverom og skaffe seg eit mindre hus. Medan betalinga frå sluttpakken har hjelpt, er den i ferd med å gå tom, og Smith har betalt skyhøge premiar for å behalde helseforsikringa si.»

Eg føler sånn med ho.

Å leite etter jobb i dette miljøet kan vere like utmattande som ein heiltidsjobb, men du får ikkje betalt for det.

Om ho ikkje finn ein jobb snart, kan ho potensielt misse alt.

Naturlegvis er der tallause andre som er i nøyaktig same båten.

På andre sida av landet seier 61 år gamle John Comber at han har søkt på rundt 500 jobbar sidan slutten av 2023 utan suksess:

«Enkelte eldre, arbeidslause amerikanarar lurer på om dei nokosinne vil finne seg arbeid igjen.

‘Eg ser på meg sjølv som halv-pensjonert på dette punktet,’ seier John Comber (61), ein programvare-kvalitetsingeniør i Sandpoint, Idaho. Han håpte å vere i arbeid i eit tiår til, og tenkte at han lett kunne finne seg anna arbeid då hans siste kontrakt gjekk ut i slutten av 2023. I staden estimerer han at han har søkt på 500 jobbar med ingen treff.»

Det er ikkje ein uteliggjar med ingen ferdigheiter vi snakkar om her.

Comber er ein høgt kompetent programvareingeniør.

Men dette er det økonomiske miljøet vi lever i no.

Det blir rapportert at talet amerikanarar som har vore utan arbeid i minst 27 veker, no ligg på ‘det høgste nivået sidan 2017, når ein ikkje tel med arbeidsløyseauken knytt til pandemien’:

«Jobbsøkjarar står ute i kulden denne sommaren. Spesielt dei som har jakta ei stund.

Bak dei overskriftsskapande topplinje-tala i jobbrapportane for juli månad var nok eit treffande stykke data: Talet personar som har vore arbeidslause i minst 27 veker passerte 1,8 millionar, det høgste nivået sidan 2017, når ein ikkje tel med arbeidsløyseauken knytt til pandemien. Snittlengda på arbeidsløyse i USA har òg auka, frå sesongjusterte 9,5 veker i juli 2024, til 10,2 veker førre månad.»

Oi.

Og det talet kjem berre til å bli høgare, fordi arbeidsgjevarar over heile nasjonen driv febrilsk og seier opp arbeidarar akkurat no.

Eg delte dette fredag, men eg føler for å dele det igjen i denne artikkelen. Ifølgje Challenger, Gray & Christmas, har amerikanske arbeidsgjevarar forkynt 806 383 jobbkutt so langt i 2025. Samanlikna med same tidsperiode i 2024, er dette ein auke på 75%:

«So langt dette året, har selskap forkynt 806 383 jobbkutt, det høgste sidan 2020 då 1 847 696 vart forkynt. Dette er opp 75% frå dei 460 530 jobbkutta som vart forkynt dei fyrste sju månadene av førre år, og er opp 6% frå 2024-totalen på 761 358.»

Korleis kan ein vri og vende på desse tala for å få dei til å sjå bra ut.

Du kan ikkje det.

Dette minner meg so mykje om det vi var vitne til i 2008 og 2009.

Mesteparten av landet lever på kanten økonomisk sett, og dermed kan tap av jobben bli absolutt katastrofalt.

So fort du står utan arbeid, kan det vere so freistande å vende seg til gjeld for å dekkje gapet.

Naturlegvis driv amerikanarar i desse dagar og opparbeider seg enorme mengder gjeld når dei til og med ikkje er utan jobb.

Som eit resultat har amerikanske hushald no meir enn 18 trillionar dollar i gjeld.

Ta ein augneblink og tenk over kor sprøtt dette er.

Når du bryt dette ned, utgjer det rundt rekna 53 000 dollar for kvar mann, kvinne og barn i USA.

Vi druknar bokstavleg tala i gjeld, og ein nyleg studie oppdaga at rundt to tredelar av alle amerikanske vaksne ‘lyg om eller skjuler sine økonomiske vanskar frå familie og venner’:

  • «To tredelar av amerikanarar med gjeld lyg om eller skjuler sine økonomiske vanskar frå familie og venner
  • Den gjennomsnittlege amerikanaren ber på 42 000 dollar i gjeld, men underdriv mengda med 6565 dollar når dei diskuterer det
  • Skam driv hemmeleghaldet, der nesten 30% viser til audmjuking som hovudgrunnen for å skjule gjeld
  • Å lyge om økonomien skader forhold for 73% av folk med gjeld, noko som ofte forårsakar kranglar og isolasjon»

Mesteparten av oss prøver å skjule våre økonomiske vanskar fordi vi føler skam over det.

Men det burde ikkje vere sånn.

Om vi berre kunne vere opne og ærlege med kvarandre om kva som skjer, burde vi finne ut at der er tallause andre som går gjennom det same.

Heile økonomien er mislykka, og om vi kan få folk til å forstå det, ville dei ikkje vere so raske med å gje seg sjølv skulda for problema sine. […]»

Sjå òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023, og «Kva gjer du om du plutseleg står der utan jobb?», publisert 19.januar 2025.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Fascismens viktigste poeng er nettopp at statskorporativismen samarbeider tett med de store industriene og bedriftene. Der lederne blir en del av eliten. Mens resten av de foraktelige folkene er avhengige av statlige stønader for å kunne betjene sin private gjeld. Samtidig sørges det for at sistnevnte får i seg skadelige sprøyter og annen kjemi som desimerer antallet. Slik får den fascistiske eliten balletak på samtlige innbyggere. Og de som opponerer blir tatt behørig hånd om av det moderne Gestapo.

    Svar
  • Den som lever fàr se,kanskje blir det et nytt(annet) økonomisk system med kvantefysikk eller års banksystem,med Nesara/Nesara,med sletting av gjeld av ulovlige Fiat penger,fra fraction Reserve fond,og annet ordspill for penger.
    Har menneske arverett på jorden ?eller er vi slaver under krig med hersker rasen,er de på vei til å tape denne krigen?Der den gamle verdensorden,som kaller seg the new World order,er det tatt ned,pga sine grusomme forbrytelser mot barna og de kristne itillegg menneskene på jorden.
    Er dette bare skremsels proganda kjøpt og betalt av stay behind 2,via Globalistene ?
    Som nå har tapt krigen,ondt skal ondt fordrive.

    Svar
  • Northern Light.
    11 august 2025 16:09

    CBS rapporterte for ikke lenge siden at over 40 prosent av amerikanerne ikke har 400 dollar i oppsparte midler til uforutsette utgifter. Likevel opprettholder vestlig presse og media bildet av USA som et utstillingsvindu for nyliberal markedsøkonomi, Wall Street finansfolkets kapitalisme. Riksmediene og NRK viser glansbilder fra USA, og får mange som også vil opprettholde bildet av USA som landet som flyter av melk og honning, til å ønske seg dit og ønske seg USA hit.

    Det er derfor amerikansk kultur og livsstil så ukritisk har blitt adoptert av så mange her, Norge har nærmest blitt som en stat nummer 51 i USA, og det er derfor knapt protester om i det hele tatt, på at USA har fått 12 autonome militærbaser på norsk jord. Et 17 mai hageselskap her minner mer om et 4 juli hageselskap i USA, grill mat «barbeque», hamburgere og hot dogs, er mer populært enn laks og spekemat.

    Mange som trodde på det, reiste til «statene» og gikk til grunne, eller kom tilbake desillusjonerte. Det er bare de få som «made it» som vi får lese reportasjer om. Det er ressurssterke mennesker som uansett ville ha gjort det bra overalt i verden. Bildet av USA som landet som flyter av melk og honning opprettholdes av norske media og NRK, en del av propagandamaskinen vestlig presse og media, som er 96 prosent finansielt eiet av Wall Steet kapitalforvaltningsselskaper. De skal ufarliggjøre borgerlig politikk for nordmenn, som skal tro at når alt er privatisert, til og med sosiale goder, blir alle rikere.

    USA årelates av finansfolket i Wall Street, de behandler ikke den amerikanske befolkningen noe bedre enn folk de plyndrer i landene i sør, det synes ved at det er 3 verden forhold i stadig større områder i USA. Det var bra for arbeiderklassen i USA frem til Reagan og avreguleringen av dollaren begynte, og med det utflaggingen av titusener av selskaper. Industrikapitalen som produserte – også arbeidsplasser – ble tatt over av finanskapitalen. Mange av arbeidsplassene forsvant, og like mange ble arbeidsledige, for finanskapitalen produserer ikke arbeidsplasser, de produserer arbeidsledighet og fattigdom.

    Wall Street finansfolket – rovdyrkapitalister, begynte plyndringen av USA, og USAs arbeider- og lavere middelklasse er nå arbeidende fattige. 1 av 5 dollar går nå til USAs privateide rustningsindustri, finansielt eid av finansfolkets egne kapitalforvaltningsselskaper. Finansfolkets politikere bruker ikke penger på USAs befolkning, som utbedring og utbygging av infrastruktur, industri og sosial boligbygging, de gir skattebetalernes penger til sine egne ultrarike, som her i Europa.

    En av dem, Netanyahu, sa en gang: «Amerika er som en gyllen kalv, og vi skal suge det tørt, hogge det opp, og selge det stykk for stykk til det ikke er noe igjen annet enn verdens største velferdsstat som vi vil skape og kontrollere. Dette er hva vi gjør med land som vi hater. Vi ødelegger dem veldig sakte». Plausibelt. For det er en nøyaktig beskrivelse av hva finansfolket har gjort med USA fra 80-tallet og frem til i dag.

    Det er derfor khazarene fra tidlig av i nyere historie, har gjort USA til sitt hovedkvarter for erobring av verden. Med USA som økonomiske og militær stormakt, spesielt etter annen verdenskrig, har de kunnet drive økonomisk og militær krigføring mot resten av verden, spesielt landene i sør, forgjeldet dem og plyndret dem for naturressurser.

    Nå er de godt i gang med USA o den vestlige verden. De fattige blir fattigere og de rike rikere raskere og raskere år for år i USA og Europa, spesielt nå som finansfolkets politikere nå har nøklene til statskassene i alle vestlige land. Pengene går ut av statskassene, ut av landene, og inn på deres egne ultrarikes konti, etter å ha blitt hvitvasket i det militære, farmasøytiske og klima-industrielle komplekset og fond. De bruker ikke penger på landenes befolkninger, de går til angrep på dem økonomisk.

    Finanskapitalens politikere gjør det en kan forvente av dem – de legger til rette for at finanskapitalen kan kjøpe all statlig (folkets) eiendom. Globalismen fullendt er at folkets eiendom blir finanskapitalens eiendom, det er deres nye verdensorden. Politikerne gjør alt for at alt det folk trenger som energi, bolig, mat, drikkevannsforsyning og avløp skal eies av finanskapitalen, og deres presse og media skal få befolkningen til å tro at det er til deres eget beste. Hvis ikke det norske folk kommer seg ut av den politiske bevisstløsheten blir det amerikanske forhold her, og det blir bare de fra øvre middelklasse og oppover som får råd til grillmat på 17 mai.

    Svar
  • Halvparten av befolkninga i land som USA og Storbrittannia er fattige. Men folket er oppdratt, displinert og hjernevaska, og dei vil heller svelte ihjel enn å plukke opp våpen og rane dei rike.

    Svar
  • I helvete er det rikelig med mat, men alle sulter.

    Kjenner du verden du lever i?

    Jeg kan fortelle deg – helvete er verdenen de viser deg (med et flott smil) som de vil at du skal leve i og forsvare som «ekte».

    Din virkelighet – ikke motsetningen til deres – din sanne natur som et Skaperens barn er det de bruker enorme penger og oppmerksomhet på å få oss til å glemme vår sanne historie.

    Svar
  • Autentiske bevegelser bort fra det gamle systemet og å bygge det som er sant, vil bare bli mulig når folk handler, uansett hvor klossete de er, mot en ny fremtid som ikke vil bli funnet gjennom flertallet eller eksperter fra nå av.

    Alles virkelighet er virkelig deres egen nå, og hvordan de forstår det, vil være den meningen de vil oppdage fra den. Skapelsen gir deg en kraft til å støtte deg mot tragedien og lidelsen i livet.

    Disse guddommelig fødte gavene har sakte blitt erodert i oss gjennom den digitale tidsalderen fra 11. september til nå. Eksplosjonen av nettbasert informasjon gjennom alternative medier flatet ut vår psykes evne til å forestille seg nye potensialer, ettersom det ble en forretningsmodell for verter å levere det daglige budskapet mens det skjer.

    Løsningen er gjennom tro (absolutt nødvendig, ikke mulig uten) og fantasi, men ikke av sinnets ideer .

    Kunstnerskap og mestring kommer fra dypet av erfaringen innenfra, ikke slik man ser eller antar i utseendet. Det dukker opp i en ny form, og gjenoppliver sannheten om det som en gang var før, kan være igjen i en ny historie.

    Svar
  • TID ER IKKE HVA DU TROR
    Og CIA bekreftet det stille.

    Du trenger ikke lenger å ta mitt ord for det.

    I et avklassifisert CIA-dokument fra 1980-tallet – begravd i et program kalt Gateway Experience – innrømmet det samme byrået kjent for tankekontroll, skjulte kupp og å vokte matrisen det mystikere, innviede og oldtidsseere lenge har visst:

    Tid er ikke lineær.
    Fortid, nåtid og fremtid eksisterer samtidig.
    Sinnet ditt er porten. Din persepsjon er låsen.

    Det vi kaller «tid» er ikke en ustoppelig strøm som beveger seg fra A til B. Det er illusjonen. Det er fellen. Tid er en persepsjonell konstruksjon – opprettholdt av biologi, forsterket av skolegang og programmert inn i samfunnet.

    Men når sinnet glir forbi sløret – gjennom meditasjon, frekvens, transe, stillhet – begynner disse begrensningene å oppløses. Og hva dukket opp under disse eksperimentene?

    ➤ Minner fra liv vi aldri har levd
    ➤ Visjoner om fremtider vi ennå ikke har opplevd
    ➤ Kontakt med verdener utenfor vår timelige verden

    Og dette ble ikke avvist.
    Det var ikke fantasi.
    CIA hentet inn fysikere og nevroforskere for å vurdere resultatene.

    Og det de oppdaget bekreftet hviskingen fra enhver eldgammel sti:

    Bevissthet er kanskje ikke inne i kroppen.
    Hjernen kan være en mottaker – ikke kilden.

    La det lande.

    Hvis bevisstheten er ekstern – kosmisk – og tid er en funksjon av lokalisert bevissthet, er ikke virkeligheten i seg selv stiv. Den er responsiv. Flytende. Omprogrammerbar gjennom intensjon, følelser og fokus.

    Det betyr:

    ➤ Du kan omprogrammere fortiden ved å endre persepsjon
    ➤ Du kan møte fremtiden i nåtiden
    ➤ Din kraft ligger ikke i en tikkende klokke – men i klar oppmerksomhet

    Så hva gjorde makthaverne med denne hellige kunnskapen?

    De tjente penger på den.
    De begravde den.
    Og de gjorde det til et våpen.

    Mens du ble lært å stemple klokker og stole på systemer, forbedret de verktøy for fjernsyn, astralprojeksjon, tidsfolding og bevissthetsstyrte virkelighetsskift – selve praksisene de fortalte deg var farlige eller vrangforestillinger.

    De fortalte deg at du skulle frykte din guddommelighet.

    Fordi i det øyeblikket du innser at tid, rom og identitet er bøybare …
    begynner du å bøye hver struktur de bygde for å begrense deg.

    Og hvis du har følt dette …

    Hvis du har sett løkkene,
    vært vitne til feilene,
    sett drømmer blø inn i det våkne livet,
    eller følt minner dukke opp fra steder føttene dine aldri har gått på –

    er du ikke alene.

    De kalte deg gal.
    Men CIA kalte det hemmeligstemplet.

    Sløret er tynt.
    Du er evig.
    Tiden er din å jobbe med – ikke din å bli styrt av.

    De løy om tid fordi de visste at den ville sette deg fri.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Deserteringene øker.

Mange soldater forlater nå Ukrainas hær.

Forrige innlegg

Det er oppskriften på mer krig.

Prøver USA å få Armenia og Aserbajdsjan med i NATO?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.