POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Ny studie viser det motsatte av hva som ble lovet.

Vaksinen skulle fremme helse men førte til økt dødelighet på sykehjem.

4 kommentarer

Studie avslører at covid-oppfriskningsdosar er knytt til millionar av dødsfall på sjukeheimar – og talet stig

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice rapporterer:

Eldre over heile kloden vart forsikra om at vaksinasjon mot covid-19 ville beskytte dei mot død. Derimot har ein ny, større, fagfellevurdert studie eksponert dette øydeleggjande bedrageriet: covid-19-mRNA-oppfriskningsdosar bidrog direkte til dødsfalla til millionar av bebuarar på sjukeheimar i heile verda.

Desse sårbare gruppene, som vart lova beskyttelse, opplevde i staden auka dødelegheit etter å ha fått oppfriskningsdosar, der sjølve intervensjonen for å gjere liva deira tryggare faktisk enda opp med å føre til tidlegare død.

Studien av forskarane og professorane Sourafel Girma og David Paton som vart publisert i Science Direct, eksponerer denne urovekkjande realiteten, og avslører at covid-19-vaksinar – spesielt oppfriskningsdosane – i staden for å tilby tydelege og konsekvente fordelar, bidrog til auka dødelegheit i desse sårbare befolkningsgruppene.

Vaksinen skulle gi helse men hadde motsatt effekt.

Ved å bruke maskinlæring til å analysere vaksinasjonsdata, fann studien berre ein liten, kortsiktig fordel i to av tre dødelegheitstiltak blant sjukeheimsbebuarar.

Derimot, etter at oppfriskningsdosane vart administrerte, var der ein betydeleg auke i covid-relaterte dødsfall – eit bekymringsfullt funn som seier imot føremålet med vaksinane.

Forfattarane skreiv: «I den seinare perioden finn vi ein viss evidens på at høgare vaksinasjonsratar er assosiert med høgare covid-dødelegheit.» [Sjå diagram her.]

Endå meir alarmerande såg det å vaksinere sjukeheimspersonale ut til å ha konsekvent negativ påverknad på dødelegheita hjå bebuarane.

I alle dei sju analyserte tidsperiodane, og for kvar vaksinedose som vart gjeven, viste dataa at personalvaksinasjonar var knytt til høgare ratar av både covid og død av alle årsaker blant bebuarar. Desse funna var statistisk betydelege, med 99% estimattryggleik for primærvaksine-seriane.

Studien reiser kritisk bekymring for at ein er so ivrig etter å covid-vaksinere på sjukeheimar, spesielt når dataa i aukande grad viser ingen tydeleg fordel – og i dei fleste tilfelle betydeleg skade.

Med ingen sterk evidens som støttar framhald av vaksinasjon av bebuarar eller personale, blir spørsmålet: Kvifor fremjar helsestyresmaktene framleis desse vaksinane?

Som ofte er tilfellet, har hovudstraumsmedia vore stille om dette problemet, trass den veksande mengda med evidens som stiller spørsmål ved effektiviteten og tryggleiken til covid-19-vaksinar i sjukeheimssettingar.

Girma og Paton-studien er berre den siste i ein serie funn som antydar at den noverande vaksinasjonsstrategien ikkje berre mislykkast i å beskytte dei mest sårbare, men òg set dei i endå større risiko.

Tida er komen for ein open, ærleg dialog om den sanne påverknaden til covid-19-vaksinar på sjukeheimsbebuarar – og om det å halde fram med denne tilnærminga gjev meining i det heile.

Omsett av redaktøren i Saksyndig

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Bilde m/tekst lagt til av redaksjonen

Forsidebilde er KI-generert

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Deler av befolkningen er så tett i pappen at de forlanger MER farmasi i seg, og klager over at FHI ikke sørger for det fort nok: «fetish-president» Hofseth klager over «manglande oppfølging frå helsestyresmaktene». Trøste og bære:
    nrk.no :
    «M-koppar: åtvarar medlemer.»

    Svar
  • Åååå….
    PCR-testen fant at jeg har et virus! Da er jeg sikkert syk.

    ‘Virus er mer enn de som gir oss forkjølelse og covid-19. Virus infiserer dyr, planter, sopp og bakterier og finnes overalt. 
    En tidligere beregning viste at sjøvann inneholder så mye som 10 til 100 millioner viruspartikler per milliliter.’
    https://www.forskning.no/kunstig-intelligens-teknologi-virus/forskere-fant-70000-nye-virus-ved-hjelp-av-kunstig-intelligens/2419718

    Svar
    • wasan Totland
      25 oktober 2024 0:27

      Det har aldri vært isolert noe virus. Ideen om at det fantes virus kom med elektronmikroskopet på 1930 tallet. Det man observerte var dødt materiale. Forskerne kan sekvensere så mye de vil for å beholde jobbene sine.

      Svar
      • Ja, w.T. Man finner det man VIL finne. Og vektlegger det man VIL vektlegge.

        Om medisin:
        ‘ Oostrom har tatt for seg randomiserte, kontrollerte studier av til sammen 30 antidepressiver og antipsykotiske legemidler. Hun har sett på både studier som sammenligner medisinene med placebo og undersøkelser som setter to legemidler opp mot hverandre.
        Noen av studiene var betalt av produsenten av medisinen som ble undersøkt. I andre tilfeller stod det offentlige eller andre for finansieringen.
        Etter mange slike sammenligninger, kom … til at studiene mye oftere ga positive resultater og større effekter når produsenten selv stod for finansieringen. Slike mekanismer kan ha gjort at medisinene vi bruker i dag, er godkjent og anbefalt på et skjevt kunnskapsgrunnlag. ‘
        https://www.forskning.no/medisin-og-helse-medisinske-metoder/da-produsentene-selv-betalte-for-studien-virket-medisinen-plutselig-bedre/2420469

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Valg i Irland:

Kritiker av EU og NATO vinner irsk presidentvalg.

Forrige innlegg

Når dusør blir våpen.

USA kjøper seg regimeskifte — rettferdighet på auksjon.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.