POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Utan politisk heim.

Ein livslang vandring mellom tru, tvil og politikk.

2 kommentarer

Svein Grødaland voks opp borgarleg, vart seinare venstremann, og endte utan partiband. Han tek eit oppgjer med ideologisk arroganse og politisk svart–kvitt-tenking.

Politisk nomade

Av Svein Grødaland

Eg vaks opp med typisk borgarleg bakgrunn. Sosialisme og fagforening var ukjende tankar. Mine foreldre var bønder, med lange røter i bondesamfunnet på begge sider. Eg visste ikkje kva ei forening var før eg var vaksen. På den tids var folk ennå litt redde for at kommunismen skulle overta landet og ta frå folk gardsbruka, slik dei gjorde i Russland.

Typisk er historia om far si syster som var ein smule raudare i kanten enn resten av oss. Det fekk morbror Per til å spørja: Er det sant at Anna er kommunist?

Neste dose av anti-Russland fekk er i ungdommen, i den tida eg var aktiv på bedehuset. På den tida hadde martyrromantikken ein sterk plass. Alle kjende omsorg for dei kristne bak jernteppet, som måtte ofra så mykje for si tru.

Tida gjekk. Eg kunne ha sympati for parti som KrF, Senterpartiet, og Venstre så lenge Sponheim var der. Etter han var det slutt.

Tida gjekk framleis. Ein dag såg eg at dei borgarleg-liberalistiske tankane ikkje var mine tankar. Eg gjekk i retning SV. Kampen for eit likestilt samfunn, der godene var nokolunde rimeleg fordelt. Turen gjekk vidare til Raudt, der eg var aktiv medlem ei tid. I dag er eg utan band til noko parti.

***

Så er eg vitne til ein opplysande debatt: Debatten på NRK.

Herrene Marsdal og Trædal serverte ei forestilling langt under det ein må venta i ein seriøs debatt på NRK. Temaet var Subjekt og Danby Choi. Eg har ikkje sett verre sidan den gongen FOR møtte i same forum og vart møtt med unisont vrøvl frå den andre sida.

Det opna augo. «Mine» folk var like utidig arrogant som ein pubertal debatt i gymnassamfunnet.

Det verste var at desse to nekta å vera med på det sjølvsagte: Å sjå saker frå fleire sider. For desse to er verda, samfunnet og mennesket enten svarte eller kvite, gode eller vonde. Med oss eller mot oss.

Livet er ikkje slik. Eg nektar å vera med på denne vulgariseringa av debatten.

***

Eg går vidare. Eg kastar ein del av venstresida sine saker over bord: Pride, migrasjon, feminismen, abortsaka, globalisme, no-platforming.

Eg støttar ein modig leiar av KrfU som vågar å seia kva ho meiner om abort, som hever seg over det stort sett venstreorienterte hylekoret. Eg er for å la vanskelege saker få vera vanskelege saker, der det er rom for refleksjon og avvikande konklusjonar. Livet er ikkje så enkelt at det kan puttast inn i eit politisk program.

Honnør til to parti: Raudt fordi dei prøver å vera samlande i eit sprikande politisk landskap, og Senterpartiet fordi dei står for sine verdiar og set foten ned når det trengs. Statsministeren kan på ingen måte rekna med at Senterpartiet dansar etter hans pipe.

PS: Eg har byrja å abonnera på Subjekt etter debatten der herrene Marsdal og Trædal dumma seg så skikkeleg ut i sitt møte med Choi.

Innlegget er henta fra Grødalands
Facebook-side og attgjeve her med hans løyve.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde er KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Eg er samd med deg. Likar dine resonnement og di avstandstaking til saker. I nemde Debatten slo eg av tv etter kort tid og gjekk min veg. Eg såg fire narsissistar, inklusive debattleiaren. Når eg ser løgnarar søm Støre og den populære massemorderen Stoltenberg slår eg av lyden fordi eg tåler ikkje deira røyst. Av og til slår eg på teksting for hørselshemmede for å følge litt med. Sjølv med eit robust sinn må ein verne seg for galskap og vondskap.

    Svar
    • Eg er imot det grønne skiftet som er eit ran av fattige folk, berre sola og gud kan styre klimaet

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Europa 2025.

Når skattebetalerne betaler for en krig som ikke er deres.

Forrige innlegg

Russland løsriver seg fra olje og gass.

Nye eksportnæringer driver økonomien fremover.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.