Tucker Carlson: USA har blitt ein fasciststat
Russia Today (RT) rapporterer:
USA har blitt ein fasciststat under administrasjonen til president Joe Biden, hevda tidlegare Fox News-programvert Tucker Carlson under eit intervju med den amerikanske journalisten Glenn Greenwald som vart publisert på hans YouTube-kanal onsdag [20.november 2024].
Carlson sa at avgjerda til Washington om å late Ukraina bruke USA-forsynte ATACMS-missil for å råke mål djupt inni Russland er «den mest vondskapsfulle tingen eg nokosinne har sett i mitt liv», og skulda den avtroppande regjeringa, som han skildra som «ein handlingslamma nisseadministrasjon», for å prøve å «etterlate ein verdskrig til den neste administrasjonen».
«Faktisk er det vår regjering som er fasciststaten, ikkje Russland,» sa Carlson.
Journalisten argumenterte at Bidens rapporterte avgjerd om å oppheve restriksjonar for Ukraina, «ein statfortredar-stat til USA», for å råke russisk territorium med bruk av vestlege langrekkjevidd-missil, kan provosere fram ein atomkrig.
Carlson antyda i tillegg at dei «uvørdne» trekka til Washington, som har ført til dødsfall i den russiske sivile befolkninga, kan gje den russiske presidenten Vladimir Putin «ikkje anna val enn å lansere ein alvorleg respons mot Ukraina eller enkelte av NATO-landa, eller kanskje USA».

Medan Washington ikkje offisielt har kommentert rapportane om at Kiev har fått lov til å bruke vestlege langrekkjevidd-våpen mot Russland, har Forsvarsministeriet i Moskva sidan hevda at ATACMS-missil allereie har blitt brukt i eit åtak på Bryansk-regionen.
Torsdag sa president Vladimir Putin i ein TV-overført tale at seks USA-laga missil vart sendt ut mot eit russisk territorium tysdag. To dagar tidlegare fyrte det ukrainske militæret òg av britisk-produserte Storm Shadow-missil og amerikanske HIMARS mot mål lokalisert i Bryansk- og Kursk-regionane, la han til. Etter åtaka har Ukraina-konflikten «fått element av ein global natur».
Moskva har åtvara at trekket er eit «tydeleg signal» på at Vesten ønskjer å eskalere konflikten, der utanriksminister Sergej Lavrov krev at vestlege leiarar grunding går gjennom Russlands oppdaterte atomdoktrine.
På tysdag introduserte Vladimir Putin offisielt fleire endringar i landet sine reglar for bruk av atomvåpen, som gjev Moskva retten til å vurdere bruken av masseøydeleggingsvåpen som respons på aggresjon som blir utført av ein ikkje-atomstat med støtte frå ein atomstat. Den nye doktrinen kan òg bli utløyst dersom Russland eller Kviterussland blir angripne ved bruk av konvensjonelle våpen på ein måte som trugar deira suverenitet eller territoriale integritet.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebildet er KI-generert



5 kommentarer. Leave new
jeg har lest en plass at dei levande skal misunne de levende. Hvor mange kriger har Illuminati startet opp gjennom tidene? Det er mange det og kanskje denne blir den siste. Det er bare å begynne å be til han som har skapt himmel og jord.
«Himmel og jord skal foregå men mine ord skal aldri forgå». Det var det Jesus som sa.
Jeg har lest en plass at dei levande skal misunne dei DØDE. (Rettelse)
Ref Sergei Glazyev, en av President Putin nærmeste rådgivere.
# Det er ikke nazistene i Kiev som er Russlands hovedproblem, men nazistene i Washington. #
Dette utsagnet kom i 2014 etter Maidan kuppet.
USA ble en fascist stat like etter den andre verdenskrig etter at de fikk ryddet samtlige i President Roosevelt’s topp administrasjon vekk ( likvidert ). Sannsynligvis President Roosevelt også !
Samtidig fusjonerte nazi internasjonal ( det tyske nazi regime ) med den politiske- og finans – elite i USA.
Så Tucker, dette er ikke noe nytt….
Anders Magnus fortel sjølv verda kor oppdatert/korka han er:
– Russlands «kjæreste» kan bli USAs spionsjef. (Nettavisen i dag)
Det er stor desperasjon i Nato og Nato-avisene for tida.
Utsagnet om fasciststat betyr vel egentlig at det er Deep State og de neo-konservative byråkratene som har makten i USA, og dette først og fremst når det gjelder utenrikspolitikk som går på å opprettholde USA imperiet (ref Wolfowitz doktrinen).
En nordmann som hadde jobbet 5-6 år i kongressen og senatet, sa på TV2 i beste sendetid at hele systemet i USA var totalt korrupt og at det var byråkratiet som i praksis bestemte hva kongressen og senatet skulle vedta. Vedkommende sa samtidig at byråkratiet i USA utgjør totalt flere millioner personer (sikkert ganske bra silt og vurdert for å få jobb som byråkrat). Biden er en slags gallionsfigur. Det vil bli ganske vanskelig for Trump å gjennomføre sine endringer når byråkratiet er så stort og massivt som dette. Spennende tider.