POSTED IN EU, USA

Thierry Meyssan:

Denne krigen føres ikke primært mot Moskva, men for å svekke EU.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Krigen i Ukraina: for å halde EU under formyndarskap

av Thierry Meyssan

Det er vanskeleg å innrømme, men angelsaksarane skjuler det ikkje ein gong. For å omskrive eit vidkjent sitat frå alliansens første generalsekretær, var NATO utforma for å «halde Russland ute, amerikanarane inne og Den europeiske unionen under formyndarskap». Det at dei held fram med dei gagnlause «sanksjonane» mot Moskva og dei fåfengde og dødelege kampane i Ukraina, kan ikkje tolkast på annan måte.

Men hvorfor har Josep Borrell, Charles Michel og Ursula von der Leyen, som er dømt for korrupsjon og vist seg inkompetente, blitt ledere av EU? For å gjøre det Jens Stoltenberg sier til dem.

Det har gått nesten eit år sidan den russiske arméen gjekk inn i Ukraina for å implementere Tryggingsrådets resolusjon 2202. NATO, som avviste denne grunnen, meiner Russland invaderte Ukraina for å annektere landet. I fire oblast (tilsvarer fylke) ser det ut som at folkrøystingane om å slå seg i hop med Den russiske føderasjonen stadfester NATO si tolking, men då ser ein bort ifrå historia til Novorossia, som stadfester Russland si forklaring. Dei to narrativa (framstillingane) køyrer parallelt, utan å nokon gong overlappe kvarandre.

Eg for min del, som under Kosovo-krigen var redaktør for eit dagleg nyheitsbrev [1], eg hugsar at NATO-narrativet på den tida vart motsagt av alle nyheitsbyråa på Balkan, utan at eg hadde føresetnad for å vite kven som hadde rett. To dagar etter at konflikten enda, kunne journalistar frå Atlanterhavsalliansens land entre scena og sjå at dei hadde blitt narra. Dei regionale pressebyråa hadde hatt rett. NATO hadde loge heile tida. Seinare, mens eg var medlem av den libyske regjeringa, misbrukte NATO Tryggingsrådsmandatet (til å forsvare befolkninga i Libya) til å styrte Libyas Arab Jamahiriya og drepe 120 000 av folka dei var meint å forsvare. Desse erfaringane viser at Vesten lyg skamlaust for å dekke over gjerningane sine.

Det er et land som aldri sanksjoneres.

I dag forsikrar NATO oss om at dei ikkje er i krig, sidan dei ikkje har utplassert soldatar i Ukraina. Men vi er vitne til gigantiske våpenleveransar til Ukraina, slik at dei ukrainske integrerte nasjonalistane [2], trente av NATO, kan stå imot Moskva, på den eine sida, og på den andre sida ein økonomisk krig, utan presedens, for å øydelegge Russlands økonomi. I påsyn av omfanget til denne krigen som ukrainarane utkjempar på andres vegner, verkar vegen ligge open for ein konfrontasjon mellom NATO og Russland når som helst.

Krigen rullar vidare. Ikkje fordi dei to sidene er likestilte, men fordi NATO ikkje har lyst til å konfrontere Russland. Det såg vi for tre månadar sidan under G20-møtet på Bali. Etter samtykke frå Russland, fekk Ukrainas president Volodymyr Zelensky blande seg inn i debattane via videolink frå Kiev. Han bad om at Russland skulle ekskluderast frå G20, slik dei vart ekskluderte frå G8 etter at Krim gjekk med i Den russiske føderasjonen. Til hans og dei NATO-medlemmane som var til stades si store overrasking, fekk han ikkje støtte for forslaget sitt, verken frå USA eller Storbritannia [3]. Washington og London var einige om at det var ei linje som ikkje skulle kryssast. Og av gode grunnar: moderne russiske våpen er langt overlegne NATO sine, som er baserte på ein teknologi frå 1990-talet. I tilfelle konfrontasjon, ville det ikkje vere tvil om at Russland ville ta skade, men dei ville ha knust Vesten på få dagar.

I lys av denne hendinga må vi revurdere det som skjer framfor auga våre.

Sahel-beltet i Afrika er rik på mineraler.

Våpenstraumen til Ukraina er eit lokkemiddel for å lure fienden bort frå sin planlagde kurs: storparten av materiellet som er sendt når ikkje fram til slagmarka. Vi kunngjorde at dei skulle sendast til Sahel, for å starte ein ny krig der [4], noko Nigerias president, Muhammadu Buhari, offisielt har stadfesta med vitnemål om at mange av våpena som skulle til Ukraina allereie var i hendene på afrikanske jihadistars [5]. Uansett er det nyttelaust å bygge opp eit arsenal av restedelar, våpen av ulik alder og kaliber. Ingen har logistikken til å forsyne styrkane sine med mange forskjellige typar ammunisjon. Konklusjonen er at desse våpena ikkje blir gitt for at Ukraina skal vinne.

The New York Times slo alarm om at Vestens forsvarsindustri ikkje greidde produsere nok våpen og ammunisjon. Lagera er allereie i ferd med å tømmast, og Vestens arméar blir tvinga til å gi bort materiell dei treng til eige forsvar. Det vart stadfesta av USAs marineminister, Carlos Del Toro, som åtvara om utarminga av USAs militær som no skjer [6]. Han sa at viss USAs miitærindustrielle kompleks ikkje greier å produsere meir våpen enn Russland innan seks månadar, vil ikkje militæret deira greie å fullføre oppdraget sitt.

Første merknad: viss politikarane i USA vil starte Ragnarok, vil dei ikkje ha midla til det dei neste seks månadane, og sannsynlegvis ikkje seinare heller.

La oss sjå nærare på den økonomiske krigen. La oss sjå bort ifrå den forskjønnande kamuflasjen: «sanksjonar». Eg har allereie tatt opp dette spørsmålet og påpeika at dei ikkje er domstolsavgjerder, og ikkje er legale ifølge folkeretten. La oss sjå på valutakursane. Dollaren knuste rubelen i to månadar, så gjekk rubelen tilbake til verdien den hadde mellom 2015 og 2020, utan at Russland hadde lånt massivt. Med andre ord hadde dei såkalla sanksjonane ein ignorerbar effekt på Russland. Under dei første to månadane forstyrra dei landets handel alvorleg, men det er ikkje lenger eit problem. Dei kosta heller ikkje USA noko, og hadde ingen verknad på landet i det heile.

Vi veit at USA samtidig som dei forbyr sine allierte å importere russiske hydrokarbonar, sjølve importerer dei via India, og slik fyller opp lagera dei brukte av under dei første månadane av konflikten [7].

På den andre sida observerer vi ei omveltning i den europeiske økonomien, som er nøydd til å ta opp svære lån for å støtte Kiev-regimet. Vi manglar statistikk over omfanget av desse låna, og vi veit heller ikkje kven kreditorane er. Men det er klart at dei europeiske regjeringane appellerer til Washington under Ukraine Democracy Defense Lend-Lease Act of 2022. Alt som europearane gir til Ukraina kjem med ein pris, men den vil ikkje bli innkravd før etter krigen. Først då vil rekninga leggast fram. Og den vil bli urimeleg høg. Før den tid kjem, er alt berre bra.

På denne pressekonferansen forplikter Joe Biden seg til at det ikke blir noen North Stream-ledning.

Sabotasjen av røyrleidningane Nord Stream 1 og Nord Stream 2 den 26. september, 2022, var det ingen som tok på seg skulda for etter hendinga, men i staden på førehand: USAs president Joe Biden den 7. februar, 2022, i Det kvite hus, i nærvær av Tysklands kanslar Olaf Scholz. 

Det stemmer at han berre forplikta seg til å øydelegge Nord Stream 2 i fall Russland skulle invadere Ukraina, men det var berre fordi journalisten som intervjua han hadde formulert spørsmålet sitt utan å våge å førestille seg at presidenten også kunne gjere det med Nord Stream 1. Med denne erklæringa, og særleg med denne sabotasjen, har Washington vist fram forakten sin for sin tyske allierte. Ingenting har endra seg sidan sidan NATOs første generalsekretær, Lord Ismay, erklærte at alliansens eigentlege mål var å «halde Sovjetunionen ute, amerikanarane inne og tyskarane nede» [8]. Sovjetunionen forsvann, og Tyskland tok føringa i EU. Om han hadde vore i live i dag, ville Lord Ismay truleg ha sagt at målet til NATO er å halde Russland ute, amerikanarane inne og EU under kontroll.

For Tyskland var sabotasjen mot desse røyrleidningane det alvorlegaste slaget dei har fått sidan slutten på Andre verdskrig, men dei tok det utan å blunke. Samtidig svelgde dei Biden-planen for berging av USAs økonomi på bekostning av den tyske bilindustrien. Responsen deira på alt dette, var å nærme seg Kina og unngå å tirre opp Polen, USAs nye trumfkort i Europa. Dei føreslår no å gjenbygge industrien sin ved å utvikle ammunisjonsfabrikkar for alliansen.

Som resultat har Tysklands godtaking av USAs overherredømme blitt delt av EU, som Tyskland kontrollerer [9].

Andre merknad: tyskarane og medlemmane av EU har merka ein nedgang i levestandarden sin. Dei er, saman med ukrainarane, dei einaste offera for denne krigen, og dei finn seg i det.

I 1992, då Den russiske føderasjonen nett hadde oppstått av Sovjetunionens ruinar, sette Dick Cheney, den gong Forsvarsminister, Straussianaren [10] Paul Wolfowitz til å skrive ein rapport vi berre har fått tilgang til ei svært redigert utgåve av. Utdrag frå den opprinnelege rapporten, publisert av New York Times og Washington Post viser at Washington ikkje lenger såg på Russland som ein trussel, men på EU som ein potensiell rival [11]. Den slo fast: «Sjølv om USA støttar prosjektet europeisk integrasjon, må vi omhyggeleg hindre at det oppstår eit reint europeisk sikkerheitssystem som ville underminere NATO, særleg NATOs integrerte militære kommandostruktur.» Med andre ord godkjenner Washington eit europeisk forsvar som er underordna NATO, men står klar til å slå ned EU om dei skulle byrje innbille seg at dei skulle kunne bli ei politisk makt sterk nok til å stå imot USA.

USA sin strategi no, som ikkje svekkar Russland, men EU, med påskot om å kjempe mot Russland, er den andre konkrete bruken av Wolfowitz-doktrinen. Den første bruken, i 2003, var då dei straffa Jacques Chiracs Frankrike og Gerhard Schröders Tyskland fordi dei sette seg imot NATO si øydelegging av Irak [12].

Dette er nøyaktig det som leiaren for US Joint Chiefs of Staff, general Mark Milley, sa på ein pressekonferanse etter dei alliertes møte i Ramstein den 20. januar. Sjølv om han hadde kravd at kvar deltakar skulle donere våpen til Kiev, vedgjekk han at «I år vil det bli svært, svært vanskeleg å militært kaste ut dei russiske styrkane frå kvar tomme av russisk-okkupert Ukraina.» Med andre ord: dei allierte må blø, men det finst ikkje håp om å vinne noko over Russland i 2023.

Tredje merknad: Denne krigen blir ikkje ført mot Russland, men for å svekke EU.

Omsett av

Monica Sortland

[1] Le Journal de la Guerre en Europe.

[2] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, av Thierry Meyssan, Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 15. november 2022.

[3] “Zelensky trapped by Moscow and Washington”, av Thierry Meyssan, Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 22.november 2022.

[4] “A new war is being prepared for after the defeat in the face of Russia”, av Thierry Meyssan, Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 24. mai 2022.

[5] «Muhammadu Buhari met en garde contre le flux d’armes de la guerre russo-ukrainienne en Afrique», Actu Niger, 30. november 2022.

[6] «Navy Secretary Warns: If Defense Industry Can’t Boost Production, Arming Both Ukraine and the US May Become ‘Challenging’», Marcus Weisgerber, Defense One, 11. januar, 2023.

[7] « India’s breaking all records for buying Russian oil, but who is the surprise buyer ? », Paran Balakrishnan, The Telegraph of India, 16. januar, 2022.

[8] This quote proudly adorns the [official website of the Atlantic Alliance>https://www.nato.int/cps/en/natohq/declassified_137930.htm].

[9] “Joint Declaration on EU-NATO Cooperation”, Voltaire Network, 10. januar 2023.

[10] “Russia declares war on the Straussians”, av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5. mars, 2022.

[11] « US Strategy Plan Calls For Insuring No Rivals Develop », Patrick E. Tyler, and « Excerpts from Pentagon’s Plan : «Prevent the Re-Emergence of a New Rival» », New York Times, March 8, 1992. « Keeping the US First, Pentagon Would preclude a Rival Superpower » Barton Gellman, The Washington Post, 11. mars, 1992.

[12] « Instructions et conclusions sur les marchés de reconstruction et d’aide en Irak », par Paul Wolfowitz, Réseau Voltaire, 10. desember, 2003.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 847 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • «Desse erfaringane viser at Vesten lyg skamlaust for å dekke over gjerningane sine.»

    Og politikerne ljuger overfor egne innbyggere og skylder på russland/Ukrainekrigen for at vi har energimangel i Europa. ( Og Norge, – med egen tilstrekkelig produksjon!)

    For et spill!

    ‘Norge lanserer en ny runde med sanksjoner mot russiske myndigheter og mot landets president Vladimir Putin. 
    Det melder regjeringen i en pressemelding mandag ettermiddag, og skriver at alle sanksjonene er innført i norsk rett. 
    På denne måten håper regjeringen sanksjonene skal svekke Russlands evne til å finansiere krigføringen mot Ukraina. 
    – Mulighetene for å drive handel med Russland er nå særs avgrenset og innebærer høy risiko, sier Huitfeldt’ .
    tv2.no/direkte/jpybz/siste-nytt/63d7d2db7770aa22eed7b3c1

    Er det hele bare fake? Hva foregår?:

    ‘Gassen fra Russland strømmer til Europa – via Norskehavet
    Eksporten av LNG-gass fra Russland til Europa har økt kraftig i 2022, til tross for sanksjonene etter Ukraina-krigen.
    Til tross for at EU og Vesten har sagt at de skal gjøre seg uavhengige av olje og gass fra Russland, viser oversikten at land som Frankrike, Belgia og Spania har økt importen av russisk LNG-gass kraftig. ‘
    nrk.no/urix/gassen-fra-russland-strommer-til-europa-_-via-norskehavet-1.16236224

    Svar
  • Arno Mong Daastøl
    30 januar 2023 22:59

    Tøys. EU eksisterte ikke da NATO ble dannet. Poenget var å holde Tyskland nede.

    Svar
    • Ja, poenget ser ut til å være å holde konkurenter nede, på mafia-vis.
      – Og beholde kotrollen over en verdensvalute. – Forå stjele verdier gjennom rentefastsetteler.

      ‘Alt som disse statene tjener på bomull, peanøtter, osv, brukes umiddelbart som rentebetalinger til bankene i New York, London, Frankfurt og Zürich. Denne gjelden er som et kvelertak rundt halsen på disse statene. ‘
      midtifleisen.wordpress.com/2017/09/16/vi-lever-i-et-diktatur-under-oligarkiene-til-den-globaliserte-finanskapitalen/

      Svar
    • Arno Mong Daastøl
      30 januar 2023 23:29

      Nettopp slik det korrekt står skrevet lengre ned i artikkelen.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

D-vitaminer.

En forutsetning for et godt immunforsvar.

Previous Post

Et mirakel?

Haiti hadde ikke råd til vaksiner og slapp unna Covid.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.